mandag 27. februar 2012

Lær å dyrke grønnsaker!

Så er vi klare for ein ny sesong i hagelaget. Torsdag 1. mars kl. 19 får vi besøk av Annlaug Rygg frå Gloppen. Ho skal vise bilder frå den svært rikhaldige kjøkkenhagen sin, og snakke om kva ho dyrkar, og korles ho gjer det.

Nokre av oss i styret har hatt gleda av å høyre Annlaug før, og vi veit at ho sit inne med svært mykje erfaring med dyrking av alle slags matplantar. Ho er også levande oppteken av korleis ein lagar til og tek vare på produkta, noko som jo er svært viktig om ein skal få glede av dei ferske, sunne og kortreiste matvarene ein kan dyrke sjølv om ein har ein hageflekk.

Møtet blir på Eid kyrkjetun. Det blir inngangspengar på kr. 50, og loddsal, kaffe og kaker slik vi brukar. Ta med deg ein venn og møt opp, om ikkje anna så for å få sjå vakre bilete frå hagen til Annlaug og drøyme deg vekk til vår og sommar for ei stund...

Da vil vi ynskje alle VEL MØTT!

Under ser du squashplanter. Den første med frukt, og etterpå heile planta med bladverk og dei karakteristiske gule blomstene. Squash er moro å dyrke, fordi du vanlegvis får bra avling og dei veks fort. Du kan risikere å måtte gje vekk til naboen, men det er jo hyggeleg. Det finst også oppskrift på SJOKOLADEKAKE MED SQUASH, og den er god og kan anbefalast:-)



Vi må også unne oss eit lite vårbilete til slutt. Snart er vi der!

søndag 8. januar 2012

PROGRAM 2012

GODT NYTTÅR TIL ALLE HAGEVENNER!

Nå har vi laga program for hageåret 2012 i regi av Eid hagelag, og sendt til redaksjonen for Årboka. Veit du ikkje kva Årboka er? Dersom du er medlem av Hageselskapet får du kvart år i januar tilsendt eit hefte som blir gjeve ut av Hageselskapet Sogn og Fjordane. I dette heftet finn du ein oversikt over planlagde aktivitetar for dei aktive Hagelaga i fylket. Vi legg ut programmet vårt her også, så har du tilgang til det fleire stader.


MARS
01.03. Eid Kyrkjetun kl. 19.00. Annlaug Rygg: Den matnyttige hagen. Frå frø til ferdig produkt.
21. mars kl. 19.00 på Fjordly. Hagedesignar Yvonne Dengin, kjend frå “Kjærlighetshagen” på NRK. Tema: Korleis bruke uterommet i dag, korleis tenkje hageplanlegging og heilskap, den moderne naturhagen. Vi legg opp til samkøyring frå Nordfjordeid. Ta kontakt.

APRIL
12. april. Eid kyrkjetun kl. 19.00. Hagekonsulent Heine Hågensen frå Stokke med foredraget “Årstidssirkelen”. Tema er fargeplanlegging i hagen. Sjå heimesida http://www.grytingengard.no/.

MAI
10.05. Kl. 18.00 på busstasjonen. Hagevandring hos Magnhild Stokkenes. Magnhild sår hundrevis av sommarblomster i drivhuset sitt, og i tillegg står tulipanane i fullt flor nå. Vi tek ein kaffekopp i grønne omgivnader i drivhuset.
19.05. Hagetur til Sunnmøre. Oppmøte 09.00 på busstasjonen på Eid. Besøk hos rhododendroneksperten Ole Johnny Larsen i Spjelkavik, Viddals gartneri og hagesenter i Brusdalen og besøk hos Turid Mork Bakke, Volda.

JUNI
02.06. Kl. 11.00 Stor hagemarknad på Almenningen, Eid. Det blir sal av vafler/kaffe. Vi har også sal av hageplantar til ein rimeleg penge (mykje å spare for deg med nyetablert hage, og muleg å skaffe seg plantar ein ellers ikkje får tak i). Vi har også med oss ulike hageaktørar, både profesjonelle og andre, som har stiklingar, sommarblomster og anna interessant til sals. I tillegg har du sjansen til å få ekspertråd når det gjeld plantar; stell, krav til veksttilhøve og liknande. Få også med deg den spektakulære PLANTEAUKSJONEN, der du i tillegg til å gjere eit plantekupp av dei skjeldne også på kjøpet får oppleve eit show med rappkjefta auksjonarius og engasjert bodgjeving! Følg med i Fjordabladet for annonsering.
14.06. Oppmøte kl. 18.00 på busstasjonen. Gunnhild og Gudmunn Humborstad i Hornindal. Rhododendronblomstring, skjeldne tre, og uvanleg flott hageanlegg. Arrangementet kan bli endra, men dette blir annonsert.

AUGUST
12.08. 1000 åpne hagar i Eid. Hagevandring i fleire hagar i Eid. Dette er eit landsomfattande arrangement i regi av Hageselskapet. Sjå annonse.

SEPTEMBER
06.09. Oppmøte kl. 18.00 på busstasjonen. Vi besøker Unni og Arne Krumsvik på Haugane. Dei har ein hage med mykje steinbed, murar, viser bruk av stein i hagen.

OKTOBER
Årsmøte

NOVEMBER
Adventsmøte med laging av kransar og juledekorasjonar.

Vi i hageselskapet Eid hagelag ynskjer alle velkomne på arrangementa våre, uansett om du er medlem eller ikkje. Ver merksam på at det kan kome fleire hagevandringar i tillegg til dei som blir annonsert her. Nærare informasjon om arrangementa våre blir alltid kunngjort i Fjordabladet, på bloggen vår http://www.eidhagelag.blogspot.com/, på Eid hagelag si side på Hageselskapet sine nettsider eller på Facebookgruppa Hageselskapet Eid hagelag. Nytt i år er hagemarknaden vi skal ha i byrjinga av juni. Vi har ikkje alt i boks enda, men har tenkt å samle fleire spennande ressurspersonar og aktivitetar, og vi vonar dette kan vekke hageinteressa til Eidarane. Håpet er at vi får fint vårvær, men vi tåler også ei regnskur! I år deltek vi også på 1000 åpne hagar, og det gler vi oss til. Da vil vi ynskje alle eit GODT HAGEÅR, og VEL MØTT!
Med helsing styret i hageselskapet Eid hagelag.
Snart er det vår......

tirsdag 6. desember 2011

Populært adventsmøte på Kyrkjetunet

Den 24.november arrangerte vi ein kreativ kveld i lag med blomsterdekoratør og gartnar Johannes Nome, der vi verkeleg fekk utfalde oss med edelgran, kongler, kornellgreiner i både raudt og grønt, vakre kvite juleroser og masse anna flott. Johannes viste oss nokre grunnprinsipp for å lage både kransar og andre dekorasjonar, og demonstrerte teknikkane sine for oss. Han var også veldig behjelpeleg med å gå rundt og bistå dei om lag 25 kreative damene som hadde møtt opp. Vi hadde sett grensa ved 25, og det heldt akkurat med den store salen på Kyrkjetunet. Dette freistar til gjentaking neste år.

Her kan du sjå nokre glimt frå kvelden, og fleire av dei fine produkta: (alle bilete er tekne av Anna Wuttudal)













mandag 21. november 2011

Praktisk info vedr. adventsmøtet torsdag 24.

Hei alle påmeldte deltakarar. Vi blir om lag 25 stykke på torsdag, så det blir fullt hus. Det er flott, vi trur det blir kjekt:-)

Her kjem litt praktisk informasjon:

Johannes Nome ber oss ta med saks og avbitertang om vi har. Ta også gjerne med eigne ting å lage av, alt frå hagen og naturen kan i prinsippet brukast slik eg forstår det. Ta også gjerne med “stæsj” og pynteting sjølv, om du ynskjer spesielle ting. Han har litt til sals, men held seg til det enkle. Han anbefaler også å ta med eigen adventsstake som egnar seg til pynting, da han berre har nokre lyshaldarar med seg.

Hugs: møtet byrjar kl. 19.00. Ta med kontantar til kjøp av utstyr, og til lodd. Kaffe/te og kaker gratis.

VEL MØTT!

lørdag 5. november 2011

ADVENTSMØTE 24.november


Det er snart vinter, og vi nærmar oss advent og jul. I år har vil vi ha eit adventstreff der vi kan lage dekorasjonar og kransar for å pynte både inne og ute.

Vi er så heldige å ha fått blomsterdekoratør Johannes Nome til å kome og hjelpe oss med dette. Han har med pyntegrønt for salg, i tillegg til anna utstyr som vi treng, samt ein del pynt og dekorasjonselement. Du kan også gjerne ta deg ein tur i hagen eller i skogen og plukke med kongler, krokete greiner, borkbitar og anna som du har lyst til å lage noko av. Nissar, soppar og liknande som kan egne seg er også lurt å ta med.

Det blir inngangspengar på 150 kr. for ikkje-medlemmer og 100 for medlemmer. Da får du kaffe/te og noko å ete gratis. Lotteri.

Møtet blir på Eid kyrkjetun kl. 19.00. Merk! PÅMELDINGSFRIST den 17.11. på telefon til nokon av oss i styret eller på epost: eidhagelag@yahoo.no.
Herdis har telefon 95056239.

VEL MØTT!


mandag 31. oktober 2011

Kva skjer og har skjedd?

ÅRSMØTET I EID HAGELAG
Først vil eg kort informere om årsmøtet i Eid hagelag den 18.10. Da valet var unnagjort sat vi att med eit styremedlem mindre. Vi vil takke Elin Grinde for ein kjempebra innsats i styret i fleire år. Ho har vore sekretær, og har teke mykje ansvar for arrangementa våre, både når det gjeld det praktiske og ikkje minst ved å bidra med kreative idear! Tusen takk for innsatsen Elin. Vi håper vi får sjå deg på tilstelningane våre i framtida også.

Vi fekk inn ein ny vara, og det er Olav Lefdal. Takk til deg som sa ja til å stille. Vi kjem til å måtte kalle inn vara fast på styremøta framover fordi vi manglar eit styremedlem. Ellers held vi fire fram i styret: Anna Wuttudal, Merethe Kjølberg, Linda Honningsvåg og Herdis Bergset som leiar. Marit Frislid held fram som ekstern kasserar.

FYLKESÅRSMØTE
Ellers deltok Anna, Linda og Herdis på årsmøtet i fylkeslaget i Hornindal sist helg. Der fekk vi undervisning i å legge inn informasjon på den nye nettportalen til Hageselskapet. Vi i vårt lokale hagelag har vår eiga side der vi kan legge ut informasjon om lokale arrangement etc. Ta ein kikk på den, vi kjem til å legge ut den same informasjonen på begge stadene framover, og så får vi vurdere om bloggen blir overflødig.

HAGETUR TIL ENGLAND
Så vil eg til slutt informere om ein hagetur til England til våren. Tidlegare sekretær Gro Haga i Hageselskapet Sogn og Fjordane er i gang med planlegginga av ein eksklusiv hagetur til England i pinsa 2012. (24.5.-29.5.). Dette er saksa frå informasjonen vi fekk på årsmøtet i helga: "Vi satsar på å besøkje nokre av dei mest profilerte hagane i England. Satsar på hagar som ein ikkje når så lett via offentleg kommunikasjon frå London"

Dette er ein unik sjanse til å få ein reint hagerelatert tur i hageverdas mekka: England. Nokre av desse hagane er ikkje så lett tilgjengelege for turistar utan bil, fordi dei ligg avsides til. Det er snakk om Wisley Garden, Sissinghurst, Great Dixter og små, private hagar. Dei må ha med minst 20 for at det skal bli noko av. Pris er ikkje fastsett enda, det kjem etter kvart når ting er litt meir spikra.

Wisley Garden finn du informasjon om her: http://www.rhs.org.uk/gardens/wisley.
Sissinghurst: http://www.nationaltrust.org.uk/main/w-vh/w-visits/w-findaplace/w-sissinghurst-castle/w-sissinghurstcastlegarden-photo_gallery.htm
Great Dixter: http://www.greatdixter.co.uk/gardens.htm

mandag 3. oktober 2011

ÅRSMØTE 18. OKT.

Nå er det tid for årsmøte igjen, og dette blir på Eid rådhus, i lokala til det gamle legekontoret.

Klokkeslett 19.30. Merk deg at du må gå inn frå baksida av rådhuset!

Det blir dei vanlege årsmøtesakene, og så vil Elin Grinde vise oss bilete frå alle arrangementa vi har hatt det siste året. Du vil få eit gjensyn med kjekke hageopplevingar, og kanskje få eit glimt av deg sjølv eller kjende! Vi har nokre flinke fotografar i styret, og dette blir garantert ei oppleving av frodige bed og fargerike blomar ein mørk haustkveld. Kaffi og kaker blir det også.

Har du forslag og idear til ting du saknar, lovar vi å vere åpne for desse! Vi i Eid hagelag har ein ambisjon om å auke medlemstalet i året som kjem, og treng kreative forslag for å få til dette.

VEL MØTT!