torsdag 28. oktober 2010

Eid kommune er nå på banen!

Straks etter at forrige litt frustrerte innlegg vart skreve, kom det inn ein epost frå Eid kommune der dei seier at dei gjerne vil bidra til at Eid kan få seg ein kommuneblome. Det er Stanislawa Voldsund som er vår kontaktperson, og så får vi sjå etter kvart korleis ho vil legge opp prosessen. Oddvin Vonheim frå fylkesstyret informerte oss om korleis dei har gjort det andre stader. Dei fleste har nedsett ein komite der ein har ein representant frå kommunen, ein politikar, ein frå det lokale hagelaget og evt. fleire. Desse kjem så fram til ei to-tre alternativ, som så blir oversendt ei fylkesdekkande nemnd med desse medlemene: fylkesordførar Nils R. Sandal, fylkesstyreleiar Olav Lunden frå KS og Fred Arild Grøneng frå fylkesavdelinga av Det norske hageselskap. Der blir den endelege avgjerda fatta.

På årsmøtet tirsdag 26.10., og tidlegare på Facebook-gruppa vår, kom det fram fleire uformelle forslag til blome:

Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum)
Raud jonsokblom (Silene dioica)
Enghumleblom (Geum rivale)
Flikmelde (Atriplex hastata)

Dei som har synspunkt på kommuneblomen til Eid og gjerne vil kome med forslag, kan gjerne det. Skriv ein kommentar etter dette innlegget, skriv på Facebookgruppa vår (søk på Eid Hagelag), eller kontakt nokon av oss i styret på epost eller telefon.

Vi kjem tilbake med meir om dette seinare.

Biletet her er av ei Julerose (helleborus).

onsdag 20. oktober 2010

Sløvt av Formannskapet i Eid!

Nyleg sendte vi i hagelaget epost til Eid kommune der vi ba om at dei tok oppatt saka dei fekk tilsendt for over eit år sidan: om val av KOMMUNEBLOME. Kommuneblomen skal vere identitetsskapande, ha ein relasjon til kommunen og vere eit positivt element i omdømet til kommunen heiter det.

Vi har enda ikkje fått svar på eposten, men saka har tydelegvis vore lagt fram for Formannskapet. Sist laurdag kunne vi lese følgande i Fjordabladet:

"Medan nabokommunane har valt sin kommuneblome, har engasjementet for å velje sin eigen blome vore tilnærma lik null i Eid. Eid hagelag har sendt brev til kommunen og tilbode seg å hjelpe til med dette, men i formannskapet vekte saka lite engasjement då brevet vart referert. Fungerande ordførar Kjell Magne Åshamar (Sp) fleipa med at sentralt plasserte Eid kanskje burde ha ein heil bukett, og det vart mumla om at høymole, som dei fleste har, kan vere ein aktuell blome."

Kva skal vi seie om dette? Eg er i alle fall ikkje imponert. Her i Eid har vi på nokre område forstått kor viktig det er med kultur (nokon som har hørt om opera i det siste?), men det gjeld tydelegvis ikkje all kultur. Eg ser også at naturvernforbundet forgjeves etterlyser respons frå kommunen når det gjeld vern av den truga Flikmelda ved Moengården.

Den 8. oktober kunne vi lese i Fjordenes Tidende at kommunestyret i Selje nå har landa på vill kaprifol (Lonicera periclymenum) som framlegg til deira kommuneblom. Dette blir endeleg avgjort av ein jury der både hageselskapet og Kommunenes sentralforbund er representerte. Der har dei tydelegvis greid det. All honnør til Selje for det.

Vi må sanneleg passe oss så vi ikkje blir sittande att med høymolen som einaste alternativ! (Å velje den snart utrydda flikmelda ville vel trass alt bli litt for flaut...)