mandag 29. oktober 2012

Julemøte 29.november!

Vi gjentek suksessen frå i fjor og riggar oss til med halmkransar, granbar og pynt og lager julekransar og dekorasjonar til jul. Denne gongen har vi fått blomsterdekoratør Marion Tufteland til å kome og lære oss korleis vi skal gjere det, og inspirere og rettleie så vi kan få med oss heim flotte kransar å pynte med til jul.

Møtet blir på EID KYRKJETUN torsdag 29.november kl. 19.00.

Marion vil selge halmkransar som grunnlag, samt pyntegrønt og anna pynt. Du kan gjerne ta med deg sjølv også, om du har noko liggande. Ta også med avbitartong og greinsaks. OBS! Dersom du ynskjer større krans enn diameter større enn 35 - 45 cm må du bestille dette ved påmelding. Det tek ei veke å få desse når Marion skal bestille.

PÅMELDING innan torsdag 22. november til eidhagelag@yahoo.no eller på telefon til Herdis på kveldstid (95056239) eller Anna på kveldstid (91645057).

Det blir som vanleg kaffe og litt å bite i. Det kostar 200 kroner å delta. Dette dekker utgiftene våre til annonsering, lokale og foredragshaldar/instruktør mm. I tillegg dekker kvar person eigne materiellutgifter.

Vel møtt!

 

tirsdag 9. oktober 2012

Årsmøte 11. oktober

ÅRSMØTE i Eid hagelag:

TORSDAG 11. OKTOBER kl. 19.30 i Eid rådhus, imnngang på baksida. (Gamle apoteklokala).

Årsmøtesaker
Biletkavalkade hagesesongen 2011/12
Kaffe og noko å bite i


VEL MØTT!



lørdag 25. august 2012

Sommarens siste hagevandring

Torsdag 6. september tek vi turen til Unni og Arne Krumsvik på Haugane. Dei har brukt mykje tid og krefter på å mure og forme hagen sin med stein. Dette reiknar vi med blir til inspirasjon for dei fleste av oss, men har du ein ektefelle som er måteleg interessert i blomster, men desto meir oppteken av strukturen og byggverka i hagen, så ta han/ho med også denne dagen!

Det blir som vanleg kaker og kaffe/te, og loddsal med både grønne og andre gevinstar. Det er oppmøte på Rutebilstasjonen på Eid kl. 18.00, og så kjører vi i lag.

Hugs den obligatoriske 50-lappen for annonsering og andre utgifter som hagelaget har, i tillegg til køyregodtgjerdsle om du sit på med nokon.

VEL MØTT!

onsdag 11. juli 2012

1000 åpne hagar i Eid 12. august

I år er vi så heldige at vi har ein kandidat med på dette arrangementet, så merk deg datoen 12. august og set av tid for ei herleg stund i ein vakker og frodig og innhaldsrik hage i Eid sentrum.

Det er hagen til Kari og Lars Englund vi snakkar om, og trass i den sentrale plasseringa ligg den som ei fredeleg, lun og avskjerma oase mellom eldre og nyare hus i Alleen.

Vel møtt!

HER kan du lese meir.





tirsdag 12. juni 2012

Hagevandring i Hornindal torsdag 14.juni

Vi har vore så heldige å få lov til å besøke hagen til Gunhild og Gudmunn Humborstad denne torsdagen. Dei har ein veldig innhaldsrik og frodig hage med utallige blomstrande rhododendron og skjeldne barvekster. Dei har også mange koselege sitteplassar, og mykje erfaring å dele etter mange år som hageentusiastar.

Møt opp på busstasjonen på Eid kl. 18.00. Vi fordeler oss i bilane, så du kan kome om du ikkje har bil sjølv. Det kostar kr. 50,- for kvar deltakar. Som vanleg har vi kaffeservering og loddsal.

VEL MØTT!

torsdag 7. juni 2012

VILLBLOMSTENES DAG 17. JUNI!

Søndag 17. juni blir villblomstenes dag markert over heile landet. Det er Norsk Botanisk Forening som står bak dette, og heile Norden deltek.

Naturvernforbundet i Eid og Eid hagelag inviterer til plantevandring frå Lotsberg til indre Åsen.

Det er oppmøte ved idrettshuset klokka 11, og så kjører vi til Lotsberg på Lote der turen startar. Turen er lett og høver for alle, men dei som har med barn må vere merksam på at det er langt ned enkelte plassar....  Ta med flora og fotoapparat!

ALLE ER VELKOMNE!

søndag 13. mai 2012

Hagetur laurdag 19. mai





Så er vi snart klar for dagstur til Sunnmøre, nærare bestemt Spjelkavika og Ørsta/Volda. Vi ser fram til omvising i Rhododendronsamlinga til Ole Johnny Larsen i Spjelkavik. Han har ei stor samling med skjeldne plantar, og har stor fagkunnskap på området. I tillegg har han utsal, så her har du sjansen til å skaffe deg variantar som naboen garantert ikkje har! På heimesida hans kan du lese meir både om plantar som er til sals, og bøkene han har skreve. Deretter går turen til Viddals gartneri i Brusdalen. Dei er kjende for å ha godt utval av alle slags plantar til hagen. På heimvegen besøker vi hagen til Turid Mork Bakke på Mork. Undervegs legg vi turen innom ein kafe og får oss litt mat. Den må vi betale sjølv.

Vi møtast ved busstasjonen på Eid kl. 9, og fordeler oss i bilane. Det kostar kr. 50,- å delta. Dette skal dekke kostnader med annonsering og kaker/kaffe. I tillegg deler vi på reiseutgiftene. Det blir som vanleg loddsal.

Da kryssar vi fingrane for braukbart turvær, og seier VEL MØTT!

tirsdag 8. mai 2012

HAGEVANDRING HOS MAGNHILD STOKKENES TORSDAG10.mai

Nå er sesongen for hagebesøk her igjen, og vi startar med å ta ein tur i hagen og drivhuset til Magnhild Stokkenes på Eid. Ho sår hundrevis av sommarblomster i drivhuset sitt, og har også mykje flott tulipanblomstring. Kor langt tulipanane har kome nå i dette kalde været er vi usikre på, men inne i drivhuset er det uansett frodig - og lunt!

Dei som er usikre på vegen kan møte opp på Busstasjonen kl. 18.00, så kjører vi i lag. Det blir som vanleg loddsal og kaffe med meir.

VEL MØTT!

mandag 16. april 2012

HAGEMARKNAD - VI TRENG PLANTAR!

Nå har våren kome omsider, og mange av oss hagefolk har byrja å ruske litt i beda våre, eller har i det minste planar om det snart.

Eid hagelag har planar om stor HAGEMARKNAD
laurdag 2. juni i Betania på Eid. I samband med dette treng vi di hjelp. Vi treng plantar som vi kan selge, og det du kan gjere er å plante litt av det du ellers ville kasta i høvelege potter, og merke det med navn. Hugs at ting du har i hagen og synest er for kjedeleg til å selge/gje vekk, kan vere akkurat den planta naboen din eller ein nybakt hageeigar er på jakt etter!

Mange av dei gamle staudene er heller ikkje å få kjøpt, så om du har slike verdifulle vekster i hagen din så tenk på oss og lag i stand nokre potter vi kan få.

For å halde liv i hagelaget treng vi pengar, og dette kjem alle hageinteresserte i kommunen til gode! Du kan ringe om du har noko du vil gje vekk: Herdis 95056239/Anna 91645057/Merethe 91708096/Linda 47667574, eller sende ein epost til adressa under.

Til slutt ei bøn til alle hageinteresserte: VI VIL GJERNE HA E-POSTADRESSA DI! Da kan vi sende deg interessante ting som invitasjonar og anna, og du held deg oppdatert på det som skjer på hagelagsfronten i Eid. Send oss ein epost på denne adressa om du vil stå på lista vår:

eidhagelag@yahoo.no

Vel møtt den 2. juni!

mandag 27. februar 2012

Lær å dyrke grønnsaker!

Så er vi klare for ein ny sesong i hagelaget. Torsdag 1. mars kl. 19 får vi besøk av Annlaug Rygg frå Gloppen. Ho skal vise bilder frå den svært rikhaldige kjøkkenhagen sin, og snakke om kva ho dyrkar, og korles ho gjer det.

Nokre av oss i styret har hatt gleda av å høyre Annlaug før, og vi veit at ho sit inne med svært mykje erfaring med dyrking av alle slags matplantar. Ho er også levande oppteken av korleis ein lagar til og tek vare på produkta, noko som jo er svært viktig om ein skal få glede av dei ferske, sunne og kortreiste matvarene ein kan dyrke sjølv om ein har ein hageflekk.

Møtet blir på Eid kyrkjetun. Det blir inngangspengar på kr. 50, og loddsal, kaffe og kaker slik vi brukar. Ta med deg ein venn og møt opp, om ikkje anna så for å få sjå vakre bilete frå hagen til Annlaug og drøyme deg vekk til vår og sommar for ei stund...

Da vil vi ynskje alle VEL MØTT!

Under ser du squashplanter. Den første med frukt, og etterpå heile planta med bladverk og dei karakteristiske gule blomstene. Squash er moro å dyrke, fordi du vanlegvis får bra avling og dei veks fort. Du kan risikere å måtte gje vekk til naboen, men det er jo hyggeleg. Det finst også oppskrift på SJOKOLADEKAKE MED SQUASH, og den er god og kan anbefalast:-)



Vi må også unne oss eit lite vårbilete til slutt. Snart er vi der!

søndag 8. januar 2012

PROGRAM 2012

GODT NYTTÅR TIL ALLE HAGEVENNER!

Nå har vi laga program for hageåret 2012 i regi av Eid hagelag, og sendt til redaksjonen for Årboka. Veit du ikkje kva Årboka er? Dersom du er medlem av Hageselskapet får du kvart år i januar tilsendt eit hefte som blir gjeve ut av Hageselskapet Sogn og Fjordane. I dette heftet finn du ein oversikt over planlagde aktivitetar for dei aktive Hagelaga i fylket. Vi legg ut programmet vårt her også, så har du tilgang til det fleire stader.


MARS
01.03. Eid Kyrkjetun kl. 19.00. Annlaug Rygg: Den matnyttige hagen. Frå frø til ferdig produkt.
21. mars kl. 19.00 på Fjordly. Hagedesignar Yvonne Dengin, kjend frå “Kjærlighetshagen” på NRK. Tema: Korleis bruke uterommet i dag, korleis tenkje hageplanlegging og heilskap, den moderne naturhagen. Vi legg opp til samkøyring frå Nordfjordeid. Ta kontakt.

APRIL
12. april. Eid kyrkjetun kl. 19.00. Hagekonsulent Heine Hågensen frå Stokke med foredraget “Årstidssirkelen”. Tema er fargeplanlegging i hagen. Sjå heimesida http://www.grytingengard.no/.

MAI
10.05. Kl. 18.00 på busstasjonen. Hagevandring hos Magnhild Stokkenes. Magnhild sår hundrevis av sommarblomster i drivhuset sitt, og i tillegg står tulipanane i fullt flor nå. Vi tek ein kaffekopp i grønne omgivnader i drivhuset.
19.05. Hagetur til Sunnmøre. Oppmøte 09.00 på busstasjonen på Eid. Besøk hos rhododendroneksperten Ole Johnny Larsen i Spjelkavik, Viddals gartneri og hagesenter i Brusdalen og besøk hos Turid Mork Bakke, Volda.

JUNI
02.06. Kl. 11.00 Stor hagemarknad på Almenningen, Eid. Det blir sal av vafler/kaffe. Vi har også sal av hageplantar til ein rimeleg penge (mykje å spare for deg med nyetablert hage, og muleg å skaffe seg plantar ein ellers ikkje får tak i). Vi har også med oss ulike hageaktørar, både profesjonelle og andre, som har stiklingar, sommarblomster og anna interessant til sals. I tillegg har du sjansen til å få ekspertråd når det gjeld plantar; stell, krav til veksttilhøve og liknande. Få også med deg den spektakulære PLANTEAUKSJONEN, der du i tillegg til å gjere eit plantekupp av dei skjeldne også på kjøpet får oppleve eit show med rappkjefta auksjonarius og engasjert bodgjeving! Følg med i Fjordabladet for annonsering.
14.06. Oppmøte kl. 18.00 på busstasjonen. Gunnhild og Gudmunn Humborstad i Hornindal. Rhododendronblomstring, skjeldne tre, og uvanleg flott hageanlegg. Arrangementet kan bli endra, men dette blir annonsert.

AUGUST
12.08. 1000 åpne hagar i Eid. Hagevandring i fleire hagar i Eid. Dette er eit landsomfattande arrangement i regi av Hageselskapet. Sjå annonse.

SEPTEMBER
06.09. Oppmøte kl. 18.00 på busstasjonen. Vi besøker Unni og Arne Krumsvik på Haugane. Dei har ein hage med mykje steinbed, murar, viser bruk av stein i hagen.

OKTOBER
Årsmøte

NOVEMBER
Adventsmøte med laging av kransar og juledekorasjonar.

Vi i hageselskapet Eid hagelag ynskjer alle velkomne på arrangementa våre, uansett om du er medlem eller ikkje. Ver merksam på at det kan kome fleire hagevandringar i tillegg til dei som blir annonsert her. Nærare informasjon om arrangementa våre blir alltid kunngjort i Fjordabladet, på bloggen vår http://www.eidhagelag.blogspot.com/, på Eid hagelag si side på Hageselskapet sine nettsider eller på Facebookgruppa Hageselskapet Eid hagelag. Nytt i år er hagemarknaden vi skal ha i byrjinga av juni. Vi har ikkje alt i boks enda, men har tenkt å samle fleire spennande ressurspersonar og aktivitetar, og vi vonar dette kan vekke hageinteressa til Eidarane. Håpet er at vi får fint vårvær, men vi tåler også ei regnskur! I år deltek vi også på 1000 åpne hagar, og det gler vi oss til. Da vil vi ynskje alle eit GODT HAGEÅR, og VEL MØTT!
Med helsing styret i hageselskapet Eid hagelag.
Snart er det vår......