onsdag 21. september 2011

Roseglede i Naustdal

”Roser er som barn. De er deilige, de er smukke, de krever omsorg, og de giver oss stor livskvalitet!”
Matias Hukseth gjer hagebokforfattar Lisbeth Krapper sine ord til sine og er sjølv eit lysande eksempel på kor mykje glede ein hage kan gje. ” Å ha hage som hobby er terapi for både kropp og sjel, stråler roseentusiasten. Han fortel at han driv for seg sjølv som målar og kan vere lut lei av sure kundar og i dårleg humør når han kjem heim frå jobb. Men når han kjem seg ut i hagen, er alt gløymt.Hagestell er medisin for alle pengane.



Då Eid hagelag vitja rosehagen til naustdalingen, fekk vi varm mottaking av heile familien og grundig orientering frå Matias, som hadde sett av god tid til å vise oss rundt. Han har eit nært forhold til, og mykje kunnskap om rosene sine og fortalde entusiastisk om alt frå gjødsling til laging av stiklingar.

Matias si erfaring er at gammal sauemøkk, helst to-tre år gammal, er god grunngjødsling i botnen av blomsterbeda. Eit anna litt meir uvanleg triks er å bruke litt dun. I tillegg til å gje jorda meir struktur, vil det også bli frigitt mineral som plantane kan nytte. Så har du ei gammal dundyne til overs, veit du no kvar ho kan gjere nytte for seg.










Tidleg om våren er Matias sin hage full av påskeliljer og andre løkvekstar. Når desse er avblomstra, tek roser og andre vekstar over. Ein flott hagedam er også ein del av hageanlegget til familien Hukseth i Naustdal.

Generell gjødsling i beda er 1 ss fullgjødsel per 30 cm x 30 cm, 1. mars, 1. april, 1. mai og 1. juni.
Rosene held han fri for lus hovudsakleg ved å spyle med kaldt vatn.

Matias mista 250 roser sist vinter, men har allereie erstatta dei med 170 nye. Han er ikkje så nøyen på merka hardførheit når han skal kjøpe roser. Hans erfaring er at h-merkinga ofte ikkje stemmer i vårt område, og han kjøper dei rosene han liker aller best. Og det har etter kvart blitt mange.




Hagen til Matias er stor og timane gjekk fort i godt hageselskap, men ikkje skulle vi gå svoltne derifrå. Frua til Matias hadde kokt ei stor gryte med elgsodd som vi fekk servert ute i den vakre hagen. Elgsodd var eit nytt og velsmakande bekjennskap for mange av oss. Nydeleg!

Så var det meir roser og deretter kaffi og kaker til demonstrasjon av korleis ein kan lage eigne rosestiklingar. Og vi reiste ikkje tomhendte derifrå. Både plantar, røter og eit variert utval med laukar delte Matias ut med raus hand.

Hagedamene frå Eid var også ein kort tur innom nabohagen der det mellom anna var eit imponerande skuggebed dominert av mange ulike typar hosta.

Vi var også innom diverse hagebutikkar og fylte bilen til randen med godbitar før vi vende nasen heimover.



mandag 12. september 2011

Hagevandring hjå Elisabeth Krumsvik

Torsdag 15. september tek vi turen til Elisabeth Krumsvik på Hjelle.

Hagelaget har besøkt henne tidlegare, og denne hagen er vel verdt ein ny visitt!

Dette blir nok årets siste hagevandring, så vi håpar mange har lyst å ta turen saman med oss på torsdag.

Det blir som vanleg lotteri og servering av kaffe med noko å bite i.

Møt opp på busstasjonen på Nordfjordeid kl 18, så køyrer vi i lag.