Viser innlegg med etiketten kurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kurs. Vis alle innlegg

onsdag 15. april 2015

STEINKURS 8. - 10. mai

Vi har invitert steineksperten Haakon Aase til å kome og lære oss om muring av tørrmurar, med utgangspunkt i skikkeleg solide, gamle handverkstradisjonar!

 

Kurset startar fredag ettermiddag med nokre timar med undervisning i muring. Laurdag og søndag møtest vi for praktisk arbeid. Haakon har laga ei utstyrsliste, men har også noko utstyr til utlån. Noko av det kan vere muleg å finne i bestefar sin gamle verkstad, eller heime hos svigerfar din... ? Det gjeld å vere litt oppfinnsam. Stad for kursstart kjem seinare.

 

Ellers legg vi opp til at vi jobbar på ein plass der vi kan gå under tak om været skulle bli vel vått, og slik at vi kan ete under tak. For å halde kostnadene nede ber vi om at du tek med deg niste. Te og kaffe får du av oss.

 

Påmelding før 1. mai til eidhagelag@yahoo.no, eller på telefon til  Merethe Kjølberg 91708096 eller Johannes Nome tlf. 41263864. Deltakaravgift: kr. 1500,- OBS: kurset blir avlyst om vi får for få deltakarar. Maks antal er 10. 

 

Først til mølla, det lønner seg å vere tidleg ute! 

Gje oss epostadressa di, evt. telefonnummer så vi får gitt informasjon undervegs.

 

Haakon si utstyrsliste finn du her: Noko verktøy kan lånast av kurshaldar. 

 
Kurs i tørrmuring

 Som innleiing til kurset vil vi gje ein kort omtale av bruk av tørrmura konstruksjonar, dei vanlegaste formene for mur og grunnprinsippa for tørrmuring.

Hovuddelen av kurset vil vera praktisk øving.

Lurt å ha med seg:

Arbeidsklede

·        Gode arbeidsklede, gjerne med knebeskyttarar
·        Regntøy og gummistøvlar viss veret tilseier det

Verneutstyr

·        Augnevern og høyrselvern. Ein kan bruka vernebriller og høyrselvern kvar for seg. Det finst også slike skjermar av plast med høyrselvern i eitt. Ei greitt alternativ er å bruka ein ”skogshjelm” – ein slik hjelm som dei bruker ved arbeid med motorsag. Der er det oftast ein skjerm av ”netting” og det er høyrselvern på.

·        Vernesko/-støvlar
·        Handskar etter behov

Verktøy

Eg kjem til å ta med meg noko verktøy, men det er fint viss folk har med seg slikt verktøy som dei trur dei vil trenga. Det kan vera:

·        Ein liten steinhammar (helst ein slik der pennen går på langs av skaftet); det er ein slik hammar som ein handterer lett med ei hand og som ein stadig nyttar til småarbeid på steinen
·        Sleggje
·        Spitt (her kan det veras nyttig både med lange spitt og slike korte som ein kan bruka med ei hand, nærmast kubein)
·        Meisel
Dersom ein har, er det fint om ein kan ta med seg:
·        Piggsett
·        Holsett (dobbeltsett)

Ein sett liknar på ei sleggje, men er oftast mindre og er kvesst i eine enden. Piggsetten er kvesst i ein spiss, medan holsetten er smidd i ei konkav form slik at han får to ”eggar”.

Ta ein tur og sjå om det ligg noko steinverktøy etter bestefar eller oldefar!

 

fredag 25. mars 2011

Fotokurs

I fjor hadde vi ein svært trivelig fotokveld med Tim Øsleby som kurshaldar. Han er leiar i Nordfjord Fotoklubb.

I år har vi tenkt å ha heile to kveldar. Det er 7.april og 14. april som er sett av til dette og begge kveldane startar vi kl 19.oo i Lars Lunde sine lokale i Eidsgata 53.

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv. Kurset vert lagt opp som ein "samtale rundt bilete", slik at ein viser ulike bilete, og diskuterer og lærer ut frå desse. Alle bileta vil ha tema frå hagen

Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på slike kveldar, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Pris for medlemmer kr 150,- og ikkjemedlemmer kr 200,- pr kveld.

Det vert sjølvsagt ein kaffikopp med noko attåt.

lørdag 12. mars 2011

Lær om beskjering av frukttre og bærbusker

Sjølv om snøen ligg tett i bygda for tida, har mange hageeigarar byrja å tenke på vårarbeidet i hagen. Så lenge snøen ligg er det perfekt å bruke tida på å hente inn kunnskap om arbeidet som ventar.

Torsdag 17. mars vert det demonstrasjon av beskjering av frukttre og bærbusker ved Rune Vereide. Han jobbar til dagleg ved Norsk Landbruksrådgjeving.

Demonstrasjonen vert på Hildenes hjå Anna Wuttudal og Gunnvald
Hildenes.

Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid eller direkte på garden klokka 18.00.

Lotteri og servering av traktorvaflar.

Alle er velkomne.

mandag 19. april 2010

Trivelig fotokurs.

Det var berre fem deltakarar på fotokurset. Ein liten, men ivrig gjeng. Tim Øsleby og Øystein Torheim var kurshaldarar. Mesteparten av tida fekk vi sjå bilete som vi diskuterte i fellesskap, slik at vi kunne lære litt om korleis vi bør tenkje når vi skal ta eit bilete.

Vi fekk så mange gode tips at det blir for mykje å gjenta her, men nokre heilt enkle tips kan hjelpe deg til å ta betre bilete:
  • -Tenk over kva som skal være i fokus på biletet.
  • -Sjå etter ting som uroar motivet ( t.d. plantelappar, flasker, blomsterpotter osv.) og rydd det vekk.
  • -Gå så nært motivet som mogeleg.
  • Dersom det er noko som uroar i bakgrunnen, så er det betre å ha med så mykje at du ser kva det faktisk er enn at ein berre ser ein liten flik av det. Det gjev betre djupne i biletet.
  • Motivet bør "sjå inn" i biletet. Td. om du tek bilete av ein blomst frå sida, bør fronten på blomen vende mot midten av biletet.
  • Ta mange bilder. Vær ivrig med å slette dårlege bilete,slik at du berre sit igjen med dei beste bileta.
Det vart eit skikkelig trivelig kurs, og det er godt mogeleg at det kjem eit nytt kurs utover sommaren/hausten.

søndag 11. april 2010

Hypertufa i esker og bøtter

Laurdag gjekk kurset i støyping av hypertufa av stabelen. Vi var skikkelig heldige med veiret. Sola skein heile tida medan kurset pågjekk, så vi fekk oss ein fantastisk dag i lag.
Gro Haga var kurshaldar. Ho er fylkessekretær i Hageselskapet, så det er sikkert mange som kjenner til henne frå før. Ho kjende til hypertufa gjennom ein studiering som hennar lokale hagelag hadde om temaet.

Deltakarane hadde vore flittige til å samle kasser til å støype i. Vi brukte for det meste pappkasser, men det finst utallige måtar å gjere dette på. Det er kun fantasien som set grenser for kva du kan bruke til å støype i.

Her har alle deltakarane laga kvar si form til å støype i. Vi har ei ytterkasse som då blir yttermåla på karet, og ei innerkasse som dannar innvendige mål på karet.
Vi brukte sand, sement og ugjødsla torv i vår blanding. Dersom ein gjer eit søk på hypertufa på internett, vil ein finne at der er mange ulike blandingar ein kan bruke. Antageligvis vil ein få ulik utsjånad på kassene, ut frå kva blanding ein nyttar.

Det er ikkje alle som fører ugjødsla torv i sortimanget sitt, men vi fekk tak i på Torheim Gartneri. Sekkane i bakgrunnen er torvsekkar, og vi brukte mindre enn ein sekk til alle kassene vi laga. Vi delte opp torva i ei trillebår og fukta den lett før vi begynte å blande. Dette for å unngå store klumpar i blandinga.

Før vi starta å blande betongen måtte vi ha oss ei matøkt. På menyen i dag var det pastasalat og sukksessterte, med ein kaffitår attepå. Kanskje ein smule kjølig å sitje i ro sjølv om sola skein, men det gjorde likevel godt med ein matpause.
Her er Linda i full gang med blandinga. Vi brukte 3 deler sand, ein del sement, ein del torv og vatn etter behov. Konsistensen skulle være som ein litt godt tjukk risengrynsgraut, i følge kurshaldaren.
Fleire hjelper til med å få den rette blandinga.

Her er kassene i ferd med å bli fylt med sement. Ein fyller først i botnen ca 4 cm tjukt lag, og set trepropper i for å lage dreneringshol. Så set ein ei kasse oppi og fyller rundt denne for å lage kantane på karet. Det viste seg at dei største kassene hadde ein tendens til å gje litt etter, slik at ein sikkert får litt bulande kantar på karet. Derfor har nokre kantar fått eit tau rundt seg for å holde litt på fasongen.
Eit ferdig støypt prosjekt. No må det stå nokre dagar å herde. Ein kan gjerne ta av pappeska ein dag eller to etter, og forme utsida med ein spade eller liknande. Kassa er ikkje ferdig herda enno, og tillet difor at ein "høvlar" litt på kantane. På den måten kan ein til dømes risse inn motiv, og høvle av hjørna om ein ynskjer ei litt meir avrunda form.

Desse kassene vil få ein fin patina etter kvart som tida går, men i starten vil dei nok sjå ut som eit nokså vanleg betongkar.
Ein fornøygd kursdeltakar tek seg ein pust i bakken etter endt støyping.

Det var ikkje noko hokus-pokus å lage desse kara. Dette kan kven som helst lage heime i eigen hage. Ein treng ikkje betongblandar, det går heilt fint å blande i bøtte eller trillebår.

Det vil komme fleire bilete etter kvart som kassene herdar og forskalinga vert teken av. Kanskje vi i løpet av sommaren/hausten kan få lokka ut av deltakarane bilete av kara med plantar i?

Her er eit av traua ferdig behandla og planta. Når pappkassene vart fjærna hadde trauet eit kjedelig betongpreg. Trauet vart pussa med ei metallbørste for å få avrunda, og er allereie penare å sjå på. Etter kvart som veir og vind får jobbe med trauet, vil det få eit meir rustikt preg.

onsdag 10. mars 2010

Fotokurs 15. april

Fleire gonger har medlemer ytra ønske om å lære seg meir om fotografering i hagen. Vi har vore så heldige å få Tim Øsleby til å halde eit kveldskurs for oss.

Datoen er sett til 15. april kl 19.00. Det er sett av ca 3 timar til kurset. Kurset vert i Lars Lunde (Fotodoktoren) sine lokale i Nordfjordeid sentrum.

Pris for kurset: Medlemmer 150,- og ikkjemedlemmer 200,-

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei. Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på ein kveld, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv.

Dersom det er interesse for det, kan det bli aktuelt med eit oppfølgingskurs til hausten.

Er du intressert, send mail til eidhagelag@yahoo.no eller på telefon til Herdis 95056239


onsdag 3. mars 2010

Kurs i hypertufa 10. april

Laurdag 10.april kl 11.00 held Eid hagelag kurs i støyping av hypertufa.
Kurset finn stad på Langeland på Nordfjordeid, og det vil vare i ca 4-5 timar.

Prisen på kurset vert kr 900,-. Dette inkluderer det meste av materialer og eit lite måltid .
Påmelding til Elin på tlf 99161392 eller mail eidhagelag@yahoo.no

Det er Gro Haga frå Viksdalen som er kurshaldar. Gro har i mange år vore tilsett som sekretær i Hageselskapet.

Plantetrau i hypertufa er små og store trau støypt av sand, sement og torv. Traua har eit røft og ubehandla uttrykk og vert ofte nytta til å lage små fjellhagesamfunn.




torsdag 19. mars 2009

Kurs i pilfletting

28. og 29. mars arrangerer Eid hagelag kurs i pilfletting.

Det er Else Kosberg Garshol frå firmaet Pil og Litt til som er kurshaldar. Ta ein kikk innom nettsidene som linken fører deg til, det er utruleg kor mykje spanande ein kan lage av pil.

Kurset er fullteikna.