Vi har invitert steineksperten Haakon Aase til å kome og lære oss om muring av tørrmurar, med utgangspunkt i skikkeleg solide, gamle handverkstradisjonar!
Kurset startar fredag ettermiddag med nokre timar med undervisning i muring. Laurdag og søndag møtest vi for praktisk arbeid. Haakon har laga ei utstyrsliste, men har også noko utstyr til utlån. Noko av det kan vere muleg å finne i bestefar sin gamle verkstad, eller heime hos svigerfar din... ? Det gjeld å vere litt oppfinnsam. Stad for kursstart kjem seinare.
Ellers legg vi opp til at vi jobbar på ein plass der vi kan gå under tak om været skulle bli vel vått, og slik at vi kan ete under tak. For å halde kostnadene nede ber vi om at du tek med deg niste. Te og kaffe får du av oss.
Påmelding før 1. mai til eidhagelag@yahoo.no, eller på telefon til
Merethe Kjølberg 91708096 eller Johannes
Nome tlf. 41263864. Deltakaravgift: kr. 1500,- OBS: kurset blir avlyst om vi får for få
deltakarar. Maks antal er 10.
Først til mølla, det lønner seg å vere tidleg ute!
Gje oss epostadressa di, evt. telefonnummer så vi får gitt informasjon undervegs.
Haakon si utstyrsliste finn du her: Noko verktøy kan lånast av kurshaldar.
Kurs i tørrmuring
Som innleiing til kurset vil vi gje ein kort omtale av bruk
av tørrmura konstruksjonar, dei vanlegaste formene for mur og grunnprinsippa
for tørrmuring.
Hovuddelen av kurset vil vera praktisk øving.
Lurt å ha med seg:
Arbeidsklede
·
Gode arbeidsklede, gjerne med knebeskyttarar
·
Regntøy og gummistøvlar viss veret tilseier det
Verneutstyr
·
Augnevern og høyrselvern. Ein kan bruka
vernebriller og høyrselvern kvar for seg. Det finst også slike skjermar av plast
med høyrselvern i eitt. Ei greitt alternativ er å bruka ein ”skogshjelm” – ein
slik hjelm som dei bruker ved arbeid med motorsag. Der er det oftast ein skjerm
av ”netting” og det er høyrselvern på.
·
Vernesko/-støvlar
·
Handskar etter behov
Verktøy
Eg kjem til å ta med meg noko verktøy, men det er fint viss
folk har med seg slikt verktøy som dei trur dei vil trenga. Det kan vera:
·
Ein liten steinhammar (helst ein slik der pennen
går på langs av skaftet); det er ein slik hammar som ein handterer lett med ei
hand og som ein stadig nyttar til småarbeid på steinen
·
Sleggje
·
Spitt (her kan det veras nyttig både med lange
spitt og slike korte som ein kan bruka med ei hand, nærmast kubein)
·
Meisel
Dersom ein har, er det fint om ein kan ta med seg:
·
Piggsett
·
Holsett (dobbeltsett)
Ein
sett liknar på ei sleggje, men er oftast mindre og er kvesst i eine enden.
Piggsetten er kvesst i ein spiss, medan holsetten er smidd i ei konkav form
slik at han får to ”eggar”.
Ta ein
tur og sjå om det ligg noko steinverktøy etter bestefar eller oldefar!