onsdag 30. juni 2010

Hagelaget har fått ein ivitasjon frå hagelaget i Stryn. Dei skal besøkje Flor og Fjære og
Baroniet i Rosendal , og dei har ledige plassar om nokon kjenner seg freista.

Stryn Hagelag arrangerer tur til Flor og Fjære fredag 20-søndag 22. august. Vi har framleis plasser ledig,
no går vi ut til våre "naboer" for å sjå om nokon kan ha interresse av å vere med. Det blir 2 overnattinger på hotell.
tilbaketuren går forbi Rosendal, så vi får med oss rosehagen i Baroniet, pris pr.p. i dbl.rom ca.3500, kanskje litt mindre avheng litt av antall(ferge/bomavg) Om vi får med nokre frå dokke, kan vi sikkert køyre om Eid.
Kontakt meg innan 1.juli på 57871336/90869077 el.e-post synna@beinnes.no

mandag 28. juni 2010

Tur til urtegarden "HØGT OG VILT" i Devik, Gloppen

Den 10. juni arrangerte Eid Hagelag tur til urtegarden til Bjørg Devik Aurlien i Devik i Gloppen. Vi var seks personar som deltok, og som fekk ei flott oppleving denne kvelden. På biletet over ser du Bjørg i ferd med å fortelje oss litt om urteproduksjonen sin. Etterpå fekk vi smake på to gode urtetear, før vi tok ein tur nedanfor husa der ho har beda med ulike slags velduftande og spennande vekster.

Ein ting kan seiast om Devik, og det er at det er rimeleg bratt der! Du verda for ein utsikt, og du verda for eit krevande landskap å dyrke noko som helst i. Bjørg fortalde at ho har vakse opp på ein av nabogardane, og vi kan nesten tenke oss at det må vere ein avgjerande faktor når ein velger bustad, og urteproduksjon som leveveg, på ein slik stad.





Til slutt fekk vi kome inn på utsalet i det gamle stabburet, og der hadde vi det obligatoriske loddsalet, samt kaffe og nydeleg rabarbrapai.
Bjørg sel svært mange slags tørka urter og tear, av beste kvalitet trur eg vi kan seie etter å ha fått kikke på både urtetørker og nybygd produksjonsrom i låven. Her er det ikkje noko som går på slump, og produkta til Bjørg er utruleg delikate og freistande. Ho kunne mellom mykje anna tilby eit eige brødkrydder, fiskekrydder og pizzakrydder, urtesalt og tørka kronblad av både ringblomst, kornblomst og hestemynte til mellom anna kakepynt. Lekkert, og utan eit einaste E-stoff.....

Vi fekk vite at ho mellom anna leverer til Gloppen hotell som satsar på lokalt produsert mat, og som har fått mykje ros for den velsmakande maten sin. Vi vil takke Bjørg for at vi fekk kome, og anbefalar alle å ta seg ein tur hit i sommar.

fredag 4. juni 2010

Tur til Høgt og Vilt i Devik, Torsdag 10. juni

Torsdag 10. juni tek vi turen til Høgt og Vilt i Devik, Gloppen.

Temaet for dagen er sjølvsagt urter, og vi får omvisning på urtegarden til Bjørg Devik Aurlien.

Det vert som vanleg kaffi, noko å bite i og lotteri.

Møt ved busstasjonen på Nordfjordeid kl 17.10.
Ferja går kl 17.30.
Vi samlar oss i færrast mogeleg bilar og køyrer i lag.

Vi tek kr 50,- i betaling. Dette for å dekke utgifter for dei som køyrer.