søndag 25. april 2010

Vil du være venn med oss?


Eid hagelag har no fått eiga gruppe på Facebook. Dette blir nok eit litt friare forum enn bloggen, der ein kan prate litt meir fritt rundt hagegleder og hagesorger enn det bloggen tillet. Kom å bli med i gruppa vår. Du finn oss ved å søke på 'Eid hagelag' på Facebook. Gruppa er åpen for alle, så du treng ikkje være medlem i hagelaget for å være med.

Tillitsvalgtsmøte på Gloppen hotell

Søndag 24.april hadde Hageselskapet i Sogn og fjordane tillitsvalgtsmøte på Gloppen hotell på Sandane. Herdis, Elin og Merethe møtte frå Eid hagelag.
Programmet først på dagen var lagt opp litt fritt med presentasjonsrunde og eit par timar laust prat om hagelaga sitt arbeid og utfordringar. Ei nyttig praterunde som gav oss som kom frå Eid mange tankar om arbeidet vidare med hagelagsarbeidet vårt.

Gloppen hotell har dei siste åra jobba bevisst med å utvikle den lokale, kortreiste maten. Lunchen vi fekk servert var utsøkt! Sjå på bileta og misunn oss det gode måltidet ;)


Etter lunchen var det leiaren i Hageselskapet Sogn og fjordane, Jostein Kjøsnes som stod for pratinga. Han Fortalte oss om Vassendenprosjektet. Mange av oss som har køyrt gjennom Vassenden i Jølster dei siste åra har lagt merke til den fantastiske utviklinga bygda har hatt. Jostein Kjøsnes har vore primus motor for dette prosjektet, og han heldt eit inspirerande foredrag om dette prosjektet, og om korleis ein kan klare å få til det nesten umulige, dersom ein virkelig vil.

mandag 19. april 2010

Trivelig fotokurs.

Det var berre fem deltakarar på fotokurset. Ein liten, men ivrig gjeng. Tim Øsleby og Øystein Torheim var kurshaldarar. Mesteparten av tida fekk vi sjå bilete som vi diskuterte i fellesskap, slik at vi kunne lære litt om korleis vi bør tenkje når vi skal ta eit bilete.

Vi fekk så mange gode tips at det blir for mykje å gjenta her, men nokre heilt enkle tips kan hjelpe deg til å ta betre bilete:
  • -Tenk over kva som skal være i fokus på biletet.
  • -Sjå etter ting som uroar motivet ( t.d. plantelappar, flasker, blomsterpotter osv.) og rydd det vekk.
  • -Gå så nært motivet som mogeleg.
  • Dersom det er noko som uroar i bakgrunnen, så er det betre å ha med så mykje at du ser kva det faktisk er enn at ein berre ser ein liten flik av det. Det gjev betre djupne i biletet.
  • Motivet bør "sjå inn" i biletet. Td. om du tek bilete av ein blomst frå sida, bør fronten på blomen vende mot midten av biletet.
  • Ta mange bilder. Vær ivrig med å slette dårlege bilete,slik at du berre sit igjen med dei beste bileta.
Det vart eit skikkelig trivelig kurs, og det er godt mogeleg at det kjem eit nytt kurs utover sommaren/hausten.

søndag 11. april 2010

Hypertufa i esker og bøtter

Laurdag gjekk kurset i støyping av hypertufa av stabelen. Vi var skikkelig heldige med veiret. Sola skein heile tida medan kurset pågjekk, så vi fekk oss ein fantastisk dag i lag.
Gro Haga var kurshaldar. Ho er fylkessekretær i Hageselskapet, så det er sikkert mange som kjenner til henne frå før. Ho kjende til hypertufa gjennom ein studiering som hennar lokale hagelag hadde om temaet.

Deltakarane hadde vore flittige til å samle kasser til å støype i. Vi brukte for det meste pappkasser, men det finst utallige måtar å gjere dette på. Det er kun fantasien som set grenser for kva du kan bruke til å støype i.

Her har alle deltakarane laga kvar si form til å støype i. Vi har ei ytterkasse som då blir yttermåla på karet, og ei innerkasse som dannar innvendige mål på karet.
Vi brukte sand, sement og ugjødsla torv i vår blanding. Dersom ein gjer eit søk på hypertufa på internett, vil ein finne at der er mange ulike blandingar ein kan bruke. Antageligvis vil ein få ulik utsjånad på kassene, ut frå kva blanding ein nyttar.

Det er ikkje alle som fører ugjødsla torv i sortimanget sitt, men vi fekk tak i på Torheim Gartneri. Sekkane i bakgrunnen er torvsekkar, og vi brukte mindre enn ein sekk til alle kassene vi laga. Vi delte opp torva i ei trillebår og fukta den lett før vi begynte å blande. Dette for å unngå store klumpar i blandinga.

Før vi starta å blande betongen måtte vi ha oss ei matøkt. På menyen i dag var det pastasalat og sukksessterte, med ein kaffitår attepå. Kanskje ein smule kjølig å sitje i ro sjølv om sola skein, men det gjorde likevel godt med ein matpause.
Her er Linda i full gang med blandinga. Vi brukte 3 deler sand, ein del sement, ein del torv og vatn etter behov. Konsistensen skulle være som ein litt godt tjukk risengrynsgraut, i følge kurshaldaren.
Fleire hjelper til med å få den rette blandinga.

Her er kassene i ferd med å bli fylt med sement. Ein fyller først i botnen ca 4 cm tjukt lag, og set trepropper i for å lage dreneringshol. Så set ein ei kasse oppi og fyller rundt denne for å lage kantane på karet. Det viste seg at dei største kassene hadde ein tendens til å gje litt etter, slik at ein sikkert får litt bulande kantar på karet. Derfor har nokre kantar fått eit tau rundt seg for å holde litt på fasongen.
Eit ferdig støypt prosjekt. No må det stå nokre dagar å herde. Ein kan gjerne ta av pappeska ein dag eller to etter, og forme utsida med ein spade eller liknande. Kassa er ikkje ferdig herda enno, og tillet difor at ein "høvlar" litt på kantane. På den måten kan ein til dømes risse inn motiv, og høvle av hjørna om ein ynskjer ei litt meir avrunda form.

Desse kassene vil få ein fin patina etter kvart som tida går, men i starten vil dei nok sjå ut som eit nokså vanleg betongkar.
Ein fornøygd kursdeltakar tek seg ein pust i bakken etter endt støyping.

Det var ikkje noko hokus-pokus å lage desse kara. Dette kan kven som helst lage heime i eigen hage. Ein treng ikkje betongblandar, det går heilt fint å blande i bøtte eller trillebår.

Det vil komme fleire bilete etter kvart som kassene herdar og forskalinga vert teken av. Kanskje vi i løpet av sommaren/hausten kan få lokka ut av deltakarane bilete av kara med plantar i?

Her er eit av traua ferdig behandla og planta. Når pappkassene vart fjærna hadde trauet eit kjedelig betongpreg. Trauet vart pussa med ei metallbørste for å få avrunda, og er allereie penare å sjå på. Etter kvart som veir og vind får jobbe med trauet, vil det få eit meir rustikt preg.