mandag 27. februar 2012

Lær å dyrke grønnsaker!

Så er vi klare for ein ny sesong i hagelaget. Torsdag 1. mars kl. 19 får vi besøk av Annlaug Rygg frå Gloppen. Ho skal vise bilder frå den svært rikhaldige kjøkkenhagen sin, og snakke om kva ho dyrkar, og korles ho gjer det.

Nokre av oss i styret har hatt gleda av å høyre Annlaug før, og vi veit at ho sit inne med svært mykje erfaring med dyrking av alle slags matplantar. Ho er også levande oppteken av korleis ein lagar til og tek vare på produkta, noko som jo er svært viktig om ein skal få glede av dei ferske, sunne og kortreiste matvarene ein kan dyrke sjølv om ein har ein hageflekk.

Møtet blir på Eid kyrkjetun. Det blir inngangspengar på kr. 50, og loddsal, kaffe og kaker slik vi brukar. Ta med deg ein venn og møt opp, om ikkje anna så for å få sjå vakre bilete frå hagen til Annlaug og drøyme deg vekk til vår og sommar for ei stund...

Da vil vi ynskje alle VEL MØTT!

Under ser du squashplanter. Den første med frukt, og etterpå heile planta med bladverk og dei karakteristiske gule blomstene. Squash er moro å dyrke, fordi du vanlegvis får bra avling og dei veks fort. Du kan risikere å måtte gje vekk til naboen, men det er jo hyggeleg. Det finst også oppskrift på SJOKOLADEKAKE MED SQUASH, og den er god og kan anbefalast:-)



Vi må også unne oss eit lite vårbilete til slutt. Snart er vi der!