fredag 20. august 2010

Fantastisk hagedag på Lote

Torsdag 19. august fekk vi komme til Bjørg Wergeland og Emmanuel Sadorge ved vasskanten på Lote. Hagelaget har vitja denne hagen tidlegare, men mange har ytra ynske om å ta turen igjen. Veiret var nydelig - varmt og godt! Ein utruleg flott dag å gå på hagevandring.


På veg ned mot huset og hagen til møtte vi denne trivelige karen. Han sat liksom der i vindaugsposten og ynskte oss velkomne.

Gangstien ned mot hagen er av den retteleg romantiske sorten. Rekkverket langs stien var nytt sidan sist hagelaget vitja hagen. Rekkverket gjer nok god nytte på glatte vinterdagar, for stien ned er ganske bratt.
Utsikta frå hagen er fantastisk. Her har dei oversikt over alle som ferdast på fjorden. Det var virkelig ein fryd å sitje i hagen og nyte synet av fjord og fjell.

Dette gjestehuset er nytt sidan forrige gong hagelaget vitja hagen. Det får ein virkelig til å tenkje på varmare strok. Inspirasjonen er nok henta frå Frankrike, som er husbonden sitt heimland.

Flotte samplantingar i hagen. Her er det kanskje Acer artopurpureum og Acer shirasawanum som utfyller kvarandre.

Dei bratte skråningane var eit flott syn med ei fin blanding av blomstrande stauder og eviggrøne busker
Ikkje alle plantane er like prangane, men plassert på rett stad er dei likevel flotte blikkfang.

På grunn av at tomta er så bratt, må det lagast trapper og stiar av stein over alt. Innimellom alle desse steinane som er murt opp finn ein ulike stauder som trivast i dette miljøet.

Brua har Emmanuel mura. På grunn av det tørre veiret siste tida, var vassføringa noko beskjeden, men brua er no like fin anten vassføringa er stor eller liten. På andre sida av "vassdraget" fann vi kjøkkenhagen.

Dei fleste kjenner den rosa eller blå hagehortensiaen (Hydrangea macrophylla), men Bjørg hadde ein flott lilla variant ved grillplassen sin. Den gjorde seg godt saman med kuletistel (Echinops bannaticus)Denne kattosten hadde ein nydelig rosa farge, og viste godt igjen i skråninga der den stod

På veg gjennom skogen ned mot fjorden var det sjølvsagt lagt stein å trakke på.

Vi var omlag 25 deltakarar på denne hagevandringa. Det er meg stor glede styret merkjer seg at det stadig kjem nye deltakarar på vandringane våre, så det er ekstra kjekt kvar gong vi ser nye andlet i gjengen :)

Vi takkar vertskapet for ein kjempetrivelig kveld!

onsdag 11. august 2010

19. august: Hagevandring hjå Wergeland og Sadorge på Lote


Hagen til Bjørg Wergeland og Emmanuel Sadorge på Lote er ein flott hage, som mange har hatt gleda av å vitje tidlegare. Eid hagelag var på besøk for nokre år sidan, og fleire har hatt ynskje om at hagelaget skal ta turen igjen.

Brua på biletet er berre eit av steinprosjekta som Emmanuel har mura i hagen.

Hageprogrammet Grønn Glede vitja hagen i 2009, og om du klikkar på linken, kan du sjå innslaget igjen.

Den 19. august tek vi turen tilbake til hagen på Lote. Møt opp på busstasjonen på Nordfjordeid kl 18.00, så køyrer vi i lag.

Det vert lotteri, ein kaffitår og noko å bite i.

mandag 9. august 2010

Eit Fuchsia-eventyr!

Forrige torsdag arrangerte Eid hagelag besøk hos Magne Dalseth på Haugane i Eid for å sjå på den store Fuchsiasamlinga hans. Vi var ein liten gjeng som stilte opp, og vi fekk ei flott oppleving denne fine seinsommarettermiddagen. Under ser du Magne sjølv, i ferd med å fortelje om sin første Fuchsia, som var ein stikling han fekk frå mor si og som han har enda - 40 år seinare. Nå er den som eit lite tre. Dette vart ei skjebnesvanger gave, for den starta noko ein kanskje kan kalle besettelse, og som førte til at han i dag har nærare 200 ulike sortar av denne spesielle planta som heiter Fuchsia, eller Tåre eller Kristi Blodsdråpe som den også har blitt kalla. Hadde det ikkje vore for den spesielle vinteren i år hadde han hatt fleire, for dessverre mista han mange plantar i vinter.
Vi fekk også kome inn i drivhuset, og her beundrar vi eit oppstamma eksemplar av den same planta som han fekk av mora 40 år tidlegare. Han har teke mange stiklingar av denne planta, og noko av det som gjer at folk blir hekta på Fuchsia er truleg nettopp at den er så lett å stiklingsformeire.
Av Fuchsia finst det mange tusen navnesortar etter kvart, og kvart år blir det lansert fleire. Det jobbar ivrige gartnarar verda over for å krysse fram stadig nye og spennande sortar. Den du ser under her heiter "Fire and ice", altså "Eld og is".

Nokre har laaange blomster, og den du ser under er eit eksempel på dei. Navnet hugsar eg dessverre ikkje, men det kan du sikkert få om du spør Magne;-)






Her ser du eit eksempel på Fuchsia med ørsmå blomster. Du finn dei i alle storleikar og fasongar, men ein får nok ein mistanke om at dei som lagar nye sortar kanskje har vore opptekne av å få fram store blomster ei stund....



I drivhuset sitt har Magne også eit eksemplar av ein villart: Fuchsia procumbens, ein Fuchsia som kjem frå jungelen og altså er ei plante rett frå naturen. Den lagar store tepper, og har bittesmå blomar som peikar rett opp. Den er faktisk frøekte, og det tyder at du kan så frø av den og få akkurat same planta. Dei foredla Fuchsiaene er dessverre ikkje frøekte, sjølv om dei ofte dannar ein slags svarte bær - som faktisk er etande!

Dersom du har lyst til å ta vare på Fuchsiaene dine i vinter skal du i følge Magne klippe dei ned, ribbe dei for blad, og riste av dei jorda på røttene. Så skal du klippe av dei lyse rottrådane. Dette vil føre til at planta går i dvale. Om du så oppbevarer dei kjøleg men frostfritt i fuktig torv, og kanskje gir dei ein bitteliten skvett vatn nokre få gonger, så skal den skyte friske skot til våren når den blir planta i jord og vatna forsiktig. Da må den ha lys, men når den er i dvale treng den ikkje det.

Start plantane dine tidleg for å få blomstring om sommaren, dei treng nokre veker på å danne knuppar. Dei fleste Fuchsia likar skugge til halvskugge, og kjøleg, vått vestlandsvær trivst dei heldigvis med. Men, det finst også Fuchsia som tåler og likar sol, så dette er ei allsidig plante. Ein ting til: gje den gjødsel jevnleg for flott blomstring. Som Magne seier: alle treng mat for å klare å gjere jobben. Det gjeld også alle slags plantar. Sjølv om Magne brukar Superba i alt vatningsvatn, vil eg seie at det viktigaste er AT du gjødslar - kva du gjødslar med er trass alt ikkje så viktig. Lykke til!