onsdag 15. april 2015

BASAR med hagelaget laurdag 18. april i Valhall på Nordfjordeid

Vi arrangerer BASAR i Valhall laurdag 18. april kl. 14.00!

Vi har alt som høyrer til ein god, gamaldags basar og litt til: loddsal med flotte gevinstar, kaffe og kaker, og ikkje minst fleire lokale handverkarar som stiller ut sjølvlaga produkt. Noko er til hagebruk, og noko er til hus og heim.

Dei som stiller ut er:


Robertas (snekker) med hagebenkar og blomsterkasser

Marion Tufteland med smijernsstativ til utebruk i hagen

Elin Grinde (Tante Melin) med sjølvsydde barnekle i bomull og bambus

Primula Design v. Synnøve Torheim, med diverse varer og handsydde produkt

Sølvi Leivdal med diverse hagepynt og andre interiør-relaterte saker

 
Eid Hagelag: utdeling av gratis hageblad, utdeling av brosjyre med årets program
 
Det blir mange fine gevinstar! Vi vonar mange kjem innom:-)
VEL MØTT!

STEINKURS 8. - 10. mai

Vi har invitert steineksperten Haakon Aase til å kome og lære oss om muring av tørrmurar, med utgangspunkt i skikkeleg solide, gamle handverkstradisjonar!

 

Kurset startar fredag ettermiddag med nokre timar med undervisning i muring. Laurdag og søndag møtest vi for praktisk arbeid. Haakon har laga ei utstyrsliste, men har også noko utstyr til utlån. Noko av det kan vere muleg å finne i bestefar sin gamle verkstad, eller heime hos svigerfar din... ? Det gjeld å vere litt oppfinnsam. Stad for kursstart kjem seinare.

 

Ellers legg vi opp til at vi jobbar på ein plass der vi kan gå under tak om været skulle bli vel vått, og slik at vi kan ete under tak. For å halde kostnadene nede ber vi om at du tek med deg niste. Te og kaffe får du av oss.

 

Påmelding før 1. mai til eidhagelag@yahoo.no, eller på telefon til  Merethe Kjølberg 91708096 eller Johannes Nome tlf. 41263864. Deltakaravgift: kr. 1500,- OBS: kurset blir avlyst om vi får for få deltakarar. Maks antal er 10. 

 

Først til mølla, det lønner seg å vere tidleg ute! 

Gje oss epostadressa di, evt. telefonnummer så vi får gitt informasjon undervegs.

 

Haakon si utstyrsliste finn du her: Noko verktøy kan lånast av kurshaldar. 

 
Kurs i tørrmuring

 Som innleiing til kurset vil vi gje ein kort omtale av bruk av tørrmura konstruksjonar, dei vanlegaste formene for mur og grunnprinsippa for tørrmuring.

Hovuddelen av kurset vil vera praktisk øving.

Lurt å ha med seg:

Arbeidsklede

·        Gode arbeidsklede, gjerne med knebeskyttarar
·        Regntøy og gummistøvlar viss veret tilseier det

Verneutstyr

·        Augnevern og høyrselvern. Ein kan bruka vernebriller og høyrselvern kvar for seg. Det finst også slike skjermar av plast med høyrselvern i eitt. Ei greitt alternativ er å bruka ein ”skogshjelm” – ein slik hjelm som dei bruker ved arbeid med motorsag. Der er det oftast ein skjerm av ”netting” og det er høyrselvern på.

·        Vernesko/-støvlar
·        Handskar etter behov

Verktøy

Eg kjem til å ta med meg noko verktøy, men det er fint viss folk har med seg slikt verktøy som dei trur dei vil trenga. Det kan vera:

·        Ein liten steinhammar (helst ein slik der pennen går på langs av skaftet); det er ein slik hammar som ein handterer lett med ei hand og som ein stadig nyttar til småarbeid på steinen
·        Sleggje
·        Spitt (her kan det veras nyttig både med lange spitt og slike korte som ein kan bruka med ei hand, nærmast kubein)
·        Meisel
Dersom ein har, er det fint om ein kan ta med seg:
·        Piggsett
·        Holsett (dobbeltsett)

Ein sett liknar på ei sleggje, men er oftast mindre og er kvesst i eine enden. Piggsetten er kvesst i ein spiss, medan holsetten er smidd i ei konkav form slik at han får to ”eggar”.

Ta ein tur og sjå om det ligg noko steinverktøy etter bestefar eller oldefar!