søndag 30. mai 2010

Flott hagelagstur til Ulsteinvik 29.05.10




Mariann Stranden åpna hagen sin for Eid hagelag. Ho har laga ein skikkelig trivelig hage rundt huset som ho leiger. Drømmen er eit lite småbruk der ho skal kunne utfalde seg fritt. Om sjangsen skulle by seg, grev ho opp dei opp og tek dei med seg til neste plass.

Dei fleste små sprekker og krokar kan nyttast til planting. Takløken er ikkje så kravstor, så den greier seg heilt fint i ein slik stubbe.

Grønnsakhagen har fått fin plass i pallekarmar. Ein enkel og fin måte å halde orden i sakene på.

Cortusa Matthiola, ein flott plante i nøkleblomfamilien. Denne har Mariann sådd sjølv.

Denne søte her heiter truleg Primula Saxatilis.

Eit rompeakebrett fullt av takløk som er til overs vart også eit dekorativt innslag.


Desse flotte kassene inneheld små fjellhagar.

Det var ein god gjeng som vart med på hagelagsturen denne dagen. Veiret var flott, men litt vind måtte vi tåle. Heldigvis har dei fleste vore på hagevandring før, slik at ein veit at ein må kle seg godt.



Dei har nok ikkje vore så pene desse skoa, men etter at Mariann har fått styre litt med dei, har dei virkelig fått sin eigen sjarm.

Så kom vi til Terje Haddal sin hage. I tillegg til hagen hass, fekk vi ta turen ned i hagen til mor hass etterpå. Her viser han oss stolt fram inngangspartiet sitt.

Primulaer , og tofarga perleblomster. Han hadde massevis av primula og auriklar i hagen sin.


Denne trappa er dekka av noko som vart kalla vokspute. Litt av eit syn!

Frittilaria meleagris, eller rutelilje som vi gjerne kallar den.
Fabelaktig utsikt frå hagen!

Også Terje Haddal nytta kvar ein ledig krok til sine plantar

torsdag 20. mai 2010

Hagelagstur til Ulsteinvik Laurdag 29. mai

Då har vi ein plan for hagelagsturen til Ulsteinvik.
Vi møter på busstasjonen på Nordfjordeid kl 09.00. Vi fyller bilane og køyrer i lag. Ferja frå Folkestad går kl 09.45.

Mellom Volda og Ørsta ligg eit hagesenter, som vi tenkte å stikke innom før vi køyrer vidare til Ulsteinvik.

I Ulsteinvik vil vi besøkje hagane til Mariann Stranden, Oddbjørg Haddal og Terje Haddal.

Det blir mykje på ein dag, så det er ikkje sikkert det blir så god tid til evt kafebesøk, så difor ynskjer vi at alle tek med seg niste.
Kaffi og ein liten kakebit attåt kaffien serverer vi sjølvsagt som vanleg :)

Pris kr 50,- for hagevandringa, og så må ein dele på ferjeutgiftene.
Køyringa vil sjåføren få dekka av hagelaget.

Vi håpar mange vil være med oss på tur denne laurdagen!

lørdag 8. mai 2010

Planting på Sørgande mor

Som ein av få kommunar i landet, held eidarane på tradisjonen med å markere frigjeringsdagen på Nordfjordeid. I år er det 65 år sidan firgjeringa av Noreg etter 2. verdskrigen. I sentrum for markeringa står Sørgende Mor, minnesmerket over dei falne i 2. verdskrigen frå Nordfjord. Det er Eid kommune og Plassens Venner som står føre markeringa.


Kvart år har medlemmer av hagelaget pynta og planta ved Sørgande mor før 8.mai. I år var det leiar Herdis Bergset som tok på seg å gjere dette, og resultatet vart no retteleg pent.

Sjå kor fint dei kvite fiolane lyser opp i skuggen under det flotte monumentet!

mandag 3. mai 2010

Vågsøy hagelag på tur til Spjelkavik

Vi har fått invitasjon frå Vågsøy hagelag:


Minner om Vågsøy Hagelag sin tur til Ole Jonny Larsen sin hage i Spjelkavik søndag 9. mai!

Påmelding til Eva Hagen, 94344314, innan onsdag 5. mai.
Avreise frå Spiralen i Måløy kl 9.30 i privatbilar, kl 10 frå Bryggja – Statoil - i buss.

Ta med mat og drikke, og gjerne ein ven