Mariann Stranden åpna hagen sin for Eid hagelag. Ho har laga ein skikkelig trivelig hage rundt huset som ho leiger. Drømmen er eit lite småbruk der ho skal kunne utfalde seg fritt. Om sjangsen skulle by seg, grev ho opp dei opp og tek dei med seg til neste plass.
Dei fleste små sprekker og krokar kan nyttast til planting. Takløken er ikkje så kravstor, så den greier seg heilt fint i ein slik stubbe.
Denne søte her heiter truleg Primula Saxatilis.
Det var ein god gjeng som vart med på hagelagsturen denne dagen. Veiret var flott, men litt vind måtte vi tåle. Heldigvis har dei fleste vore på hagevandring før, slik at ein veit at ein må kle seg godt.
Dei har nok ikkje vore så pene desse skoa, men etter at Mariann har fått styre litt med dei, har dei virkelig fått sin eigen sjarm.
Så kom vi til Terje Haddal sin hage. I tillegg til hagen hass, fekk vi ta turen ned i hagen til mor hass etterpå. Her viser han oss stolt fram inngangspartiet sitt.
Også Terje Haddal nytta kvar ein ledig krok til sine plantar
Flott innlegg, Elin. Det er nok ein Primula saxatilis eg har der, har sådd den også sjøl :)
SvarSlettTakk for det, Mariann. Då har eg fått lagt det inn under bildet :)
SvarSlettMvh Elin
Veldig fine bilder Elin. All honnør til fotografen også!
SvarSlett