Viser innlegg med etiketten frukttre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten frukttre. Vis alle innlegg

søndag 24. august 2014

Hyggeleg hagebesøk hos Olav og Åse

Laurdag hadde vi ei fin hagevandring hos Olav Lefdal, leiaren i Eid hagelag. Han og kona Åse Bruvik bur i Skårhaugstranda, og har på om lag ti år fått til ein frodig og fin hage med frukttre og bærbuskar, og der det blir dyrka ulike slags grønnsaker kvart år.



Åse viser oss gulerøtter i tre ulike fargar! Dei er sådd frå ein pose med fargemix, og smaker like godt og er like sunne alle saman!

Hagen gir verkeleg inntrykk av å vere ein godt etablert hage, og det etter såpass kort tid. Det merkast at begge to er hageinteresserte. Dei har flotte staudebed på nedsida av huset, og ein herleg uteplass. Vi koste oss med omvisning, og med kaffe og loddsal på uteplassen til slutt. At det kom ei skikkeleg skur akkurat da vi skulle til å sette tenne i dei nydelege wienerbrøda sette berre ein ekstra spiss på opplevinga. Vi hadde vel ikkje venta anna heller, for det er nå tradisjon med litt nedbør når Eid hagelag er på tur. Det tåler vi heldigvis:-) Tusen takk til Olav og Åse for at vi fekk kome!
 Ringblomstene har sådd seg sjølv, seier Åse.
 Vakre gladiolar i full blomst. Tidleg blomstring på desse etter ein så varm og lang sommar.




mandag 11. august 2014

Hagevandring i Skårhaugstranda laurdag 23. august

Laurdag 23. august kl. 13.00 blir det hagevandring hos Olav Lefdal og Åse Bruvik i Skårhaugstranda på Nordfjordeid
Hagen deira er både ein prydhage og ein nyttehage. Dei har både blomar, prydbusker og roser,  men også bær, frukt og grønnsaker. Olav har sagt han vil vise oss beskjæring av frukttre, så her blir det også muleg å lære noko nyttig! Du kan også få råd om beskjæring om du har tre og busker heime som kunne ha godt av litt frisering. 

 Det blir som vanleg kaffe, te og enkel servering. Vi vil også ha loddsal. Entre kr. 50,- VEL MØTT!

torsdag 17. mars 2011

Beskjæring av frukttre og bærbusker

Torsdag 17. mars inviterte hagelaget og Eid bondelag til kurs om beskjæring av frukttre hjå Anna Wuttudal og Gunnvald Hildenes på Hildenes.

Det var Rune Vereide frå Gloppen som tok turen over fjorden for å undervise oss. Til dagleg jobbar han ved Norsk Landbruksrådgjevning, så han hadde virkelig mykje å lære vekk om dagens tema.

Demonstrasjonen starta med nokre ord om kva reiskapar som eigna seg til denne typen arbeid.

Dette morelletredet har fått vokse relativt fritt i nokre år, så her skulle Rune Vereide få boltre seg fritt med sekatør og sag. Mange forgreiningar gjer at lyset ikkje slepp godt inn i tredet, og ein del av desse forgreiningane bør vekk. Greiner som er skadde, eller som gneg mot kvarandre må fjærnast.

Eit godt tips undervegs er å ta eit steg tilbake undervegs, og studere tredet, slik at ein får eit godt overblikk over korleis arbeidet skrid fram.

Eit prinsipp Vereide tykte var verdt å prøve å halde seg til var å la ein hovudstamme vekse opp til ynskt trehøgd. Vidare fokuserte han på kor viktig det var å få godt med lys inn i trekrona.


Om du ser godt etter på biletet ser du at greina han held handa på no er klipt ganske langt frå stammen (omlag ei saksebreidd). Grunnen til at han klipper den såpass lang, er at då kan nye skot komme frå greinstammen som står att. Dersom det skulle komme bakterier i "såret", vil det ikkje så lett angripe stammen som greina veks ut frå.
Det er ikkje berre klippereiskapa som skal være gode. Han hadde med seg ein god stige som eigna seg svært godt når ein skal komme nær tredet.Den har tre føter, og er lett å få plassert trygt under tredet.


Rune vereide og leiaren i hagelaget, Herdis Bergset i ivrig diskusjon ved kaffibordet etter demonstrasjonen.

Vereide anbefalte ei bok som heiter Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen, skriven av Olav Sørum.

Ein stor takk til vertskapet, Anna og Gunnvald, som var så gjestfrie og stilte både frukttre og stova si til disposisjon! Det gjorde utruleg godt med traktorvafler og ein god og varm kopp kaffi etter ei noko kjølig økt utandørs!

lørdag 12. mars 2011

Lær om beskjering av frukttre og bærbusker

Sjølv om snøen ligg tett i bygda for tida, har mange hageeigarar byrja å tenke på vårarbeidet i hagen. Så lenge snøen ligg er det perfekt å bruke tida på å hente inn kunnskap om arbeidet som ventar.

Torsdag 17. mars vert det demonstrasjon av beskjering av frukttre og bærbusker ved Rune Vereide. Han jobbar til dagleg ved Norsk Landbruksrådgjeving.

Demonstrasjonen vert på Hildenes hjå Anna Wuttudal og Gunnvald
Hildenes.

Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid eller direkte på garden klokka 18.00.

Lotteri og servering av traktorvaflar.

Alle er velkomne.