tirsdag 12. november 2013

Lag designplantar med Marion!



Lag designplantar med Marion

Torsdag 21. november klokka 19.00 vert det juleverkstad i regi av Eid hagelag på Eid kyrkjetun. Marion Tuftland vil demonstrere korleis ein kan lage designplantar relatert til advent og jul. Pris kr 500, som inkluderer plante m.m..


Påmelding til johannesnome@hotmail.com eller tlf 412 63 864 seinast innan tysdag 19. november.

Dette blir spennande - kjekt å lære noko nytt!

Vel møtt!








Årsmøte torsdag 14.11. på Eid rådhus


Så er det tid for ÅRSMØTE igjen. Det blir torsdag 14.11. kl. 20.00 på Eid rådhus, inngang frå baksida. (Gamle apoteklokala).

Det blir vanlege årsmøtesaker, og ein kaffekopp :-)

VEL MØTT!

torsdag 18. juli 2013

Eid hagelag på tur til Florø - nokre glimt frå ein flott dag!

Da vi kom til Florø besøkte vi først Rognaldsen gartneri, og la nok att nokre kroner... Etterpå fekk vi sjå den frodige og innhaldsrike hagen til Randi Huus Hovden i Florø. Eg har dessverre ikkje bilder derifrå, men om du går inn på bloggen hennar finn du massevis av fine bilder, da Randi er ein habil fotograf. Her er bloggen: Randi sin vestlandshage
 
 
 


Berit Steen og Kjartan Godø tok gjestfritt imot oss ute på øya Hovden, ein halvtimes båttur frå Florø. Vi fekk vandre rundt i den flotte hagen deira, og så fekk vi servert nydeleg suppe ved langbordet i atelieret. Her er nokre glimt frå hagen deira, som ikkje mangla nokon ting. Dei har dam, pergola, frukttre og masse spennande busker, tre og stauder.
















Denne flotte porten har Berit teikna og laga sjølv. Den er verkeleg unik.
 

Randi hadde masse å fortelje, og hagegjengen følger intenst med.

Det var ein kjøleg og fuktig junidag - akkurat slik primulaene likar det!







 



torsdag 30. mai 2013

TUR TIL FLORØ OG ØYA HOVDEN LAURDAG 8. JUNI

Laurdag 8. juni planlegg vi tur til Florø og øya Hovden. Vi fyller opp bilane våre og køyrer frå Nordfjordeid busstasjon. Når vi kjem fram til Florø skal vi besøke Rognaldsen gartneri først, og så skal vi besøke den svært frodige og innhaldsrike villahagen til Randi Huus Hovden. Når vi er ferdige der tek vi båt ut til Hovden, der vi skal få beundre og nyte hagen til Berit Steen som ligg i det forblåste kystlandskapet ut mot havet.

Vi må reikne med at dagen går med, så set av tida. Dette trur vi blir ein kjekk og spennande tur, så hiv deg med.

Det blir påmeldingsfrist torsdag 6. juni, og vi må sette eit tak ved 19 deltakarar på grunn av båten vi har leigd ut på øya. Det er lagt opp til at vi skal spasere eit stykke til rutebåten når vi skal tilbake,
så ta på deg gode sko. Alt etter været den dagen så kan det kanskje kome godt med med varme klede også.

Ta med deg matpakke, da vi har stramt program og får lita tid til å stanse på kafear og butikkar.Vi et litt  i den første besøkshagen, og legg opp til eit fellesmåltid på Hovden. Vi ordnar med kaffe (pulver) og te, men kaldt drikke må du ta med sjølv. Vi har med brødmat og litt enkelt pålegg, samt ei kake.

OBS! TUREN VIL KOSTE KR. 400,- Dette dekker reisa med ferjer, mat og kaffe og leige av båtskyss til Hovden. Påmelding på eidhagelag@yahoo.no eller til tlf. 91556220/91645057 innan torsdag 6. juni.

Under finn du ei lenke til nokre bilete frå Hovden og til det innhaldsrike gartneriet i Florø.
HOVDEN
ROGNALDSEN GARTNERI

PROGRAM
07.00: Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid.
07.30: Ferje Stårheim - Isane
09.00 ca. Florø og Rognaldsen gartneri.
10.30: Vi besøker hagen til Randi Huus Hovden
12.30: avreise med båt frå Florø havn.
13.00: Kittang på Hovden. Vi besøker hagen til Bodil Steen.
15.15: Vi går til rutebåten. Det tek om lag 25 minutt.
16.00: Rutebåten fraktar oss tilbake til Florø.
18.50: Ferje Isane - Stårheim.
19.35: Ankomst rutebilstasjonen på Nordfjordeid.

Alle er velkomne!



tirsdag 21. mai 2013

HAGEMARKNAD 2013

Så vart det endeleg vår i år og, sjølv om vi kanskje tvilte litt på det her i mars og april.... I pinsen fekk vi også ein liten forsmak på sommaren, og vi opplever at alt "eksploderer" i vekst og blomstring, både i hagen og naturen.

Da er det tid for hagearbeid, og etter ein lang vinter ønsker du deg kanskje noko nytt og spennande i hagen din? Kom på hagemarknaden til Eid hagelag i Betania-hagen i Nordfjordeid sentrum laurdag 25. mai kl. 11 - 14 og du vil finne til sals

-stauder og andre vekster frå private hagar, også skjeldne eller slike som ikkje er i handelen

-sommarblomster. Pål Nyttingnes har også i år stand med sal av mange ulike slag sommarblomster.

-Nemaslug (biologisk kekjempingsmiddel mot brunsneglar)

-AUKSJON av utvalde godbitar og restane av det som står att. Dette blir kl. 13.00, og auksjonarius blir i år som i fjor Nils Ola Strand. Dette må du få med deg, om så ikkje av andre grunnar enn fordi det er god underhaldning.

-i tillegg har Tante Melin stand med sal av eigne, handlaga tekstilprodukt.

Vi vil også ha vaflar, kaffe og saft til sals, og du kan sette deg ned og ta ein kaffekopp og ein hyggeleg prat i hagen.

Vi kan gje deg informasjon om plantane vi har til sals, og du vil få informasjon om bruk av Nemaslug.

OBS!! Har du heilt NY hage som manglar det meste, vil du kunne få tak i plantar til ein god pris, samt råd og rettleiing frå erfarne hagefolk.

Det vil bli skilta bra i heile sentrum så følg skiltinga, eller ring Herdis på tlf. 95056239.


ALLE ER VELKOMNE!!

tirsdag 12. mars 2013

Vil du sjå bilete frå ei fantastisk hagereise til England?

Torsdag 14. mars. kl. 20.00 møtest vi på Eid frivillegsentral for å sjå bilete frå Hageselskapet Sogn og Fjordane sin tur til England i pinsen i fjor. Det er leiar Herdis Bergset som viser og snakkar om bileta.

Dette blir ein hyggeleg kveld med mykje inspirasjon før komande hagesesong. Kanskje blir du inspirert til å reise også? Det er mange hagefolk som går med ein draum om å kome til England og oppleve noko av alt det flotte dei har å vise fram i eit av verdas mest "hagekultiverte" land.

Det blir som vanleg inngangspengar på kr. 50,-
Vi har loddsal, og kaker og kaffe/te.

VEL MØTT!