Torsdag 14. mars. kl. 20.00 møtest vi på Eid frivillegsentral for å sjå bilete frå Hageselskapet Sogn og Fjordane sin tur til England i pinsen i fjor. Det er leiar Herdis Bergset som viser og snakkar om bileta.
Dette blir ein hyggeleg kveld med mykje inspirasjon før komande hagesesong. Kanskje blir du inspirert til å reise også? Det er mange hagefolk som går med ein draum om å kome til England og oppleve noko av alt det flotte dei har å vise fram i eit av verdas mest "hagekultiverte" land.
Det blir som vanleg inngangspengar på kr. 50,-
Vi har loddsal, og kaker og kaffe/te.
VEL MØTT!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar