Viser innlegg med etiketten frø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten frø. Vis alle innlegg

mandag 13. februar 2017

Såkurs og medlemsmøte på Skårhaug 9. februar



Eid hagelag hadde medlemsmøte og såkurs torsdag 9. februar i det nye "klubbhuset" vårt på Skårhaug. Det møtte om lag femten medlemar, som fekk vere med og diskutere og kome med innspel til handlingsplanen for 2017. Det var også loddsal, kaffe og kaker i ei sjarmerande gamal stove i huset til Marit Sandnes Skrede, som var vertinne for oss. Kikk på årsplanen som er lagt ut både her i bloggen og på Facebook-gruppa vår. (Søk på Eid hagelag) Mykje spennande som er planlagt, mellom anna turar og hagevandringar. Alltig hyggeleg å vere med hagelaget på tur!



Å så diverse frø på seinvinteren kan by på utfordringar. Johannes Nome forklarer og viser korleis det er lurt å gjere det. Lys, temperatur, varme - og kor mykje vatn? Gjengen her ser veldig alvorlege ut, men er helst konsentrerte... Stemninga var god!
Gartnar Johannes Nome demonstrerer bruk av såbrikettar og torvpotter.

Vi anbefalar alle å så eit eller anna på denne tida av året. Berre synet av grønne spirer gjer deg i godt humør. Og vi hagefolk har så mykje godt i vente! 



onsdag 9. mars 2011

Referat frå vårmøtet med Gro Haga

Den 10. februar starta vi med ein liten forsmak på våren, og dei om lag 11 frammøtte fekk ei grundig og svært informativ innføring i kunsten å får fram plantar av frø, både sommarblomster og grønnsaker. Gro Haga er bondekone frå Viksdalen, og i tillegg sekretær i fylkesavdelinga til Hageselskapet. Ho har sådd det meste, og har mange års erfaring. Ikkje minst var det nyttig å få tips og råd frå ei som i mange år har sådd og dyrka i vestlandsklima, noko som av og til kan by på spesielle utfordringar.

Nokre av råda underteikna noterte seg var:
  • så i vanleg jord av middels kvalitet, ikkje såjord. Da treng du ikkje prikle med ein gong plantane kjem opp (f.eks. frå Plantasjen, den er passe sterk, ikkje FK si, den er for kraftig)
  • bruk raud Superba og kalksalpeter til gjødselvatn
  • skal du dyrke grønnsaker må du ha god jord, tilfør husdyrgjødsel og kompost
  • anbefalte grønnsakslag er grønnkål "Redbor", fin til snitt i tillegg til mat
  • Valsk bønne eller bondebønne høver fint i vårt klima, og gir god avling. Brukast til det meste, wok etc.
  • Så gjerne låge sortar av sukkerert, dei er lettare å binde opp
  • Sommarfloks er ein fin sommarblomst som taklar regn
  • Anisisop kjem gjerne igjen som staude
  • Blåkorg eller ageratum finst også i høg utgåve. Veldig flott og dekorativ i bedet!
  • Bakkestjerne (Erigeron) Profusion kan du så og ha i mange år om du overvintrar den inne, vakkert vell av blomster

Det å prøve seg på nye sortar er noko Gro likar godt, ho testar ut korleis plantane trivst hos henne, og sår dei igjen om det er vellykka. Ho viste mange bilder frå hagen sin, og maken til frodig blomsterflor skal du leite lenge etter. Dette var ein inspirerande kveld for oss planteglade, og eg vil tru at det er fleire enn eg som fekk lyst til å prøve seg på å så meir enn før, og ikkje minst andre planteslag enn dei vi er vane med.

onsdag 2. februar 2011

Såing av stauder og sommarblomster

Såing av sommarblomster og Stauder ved Gro Haga.

Torsdag 10. februar er det sesongåpning for Eid hagelag. Då arrangerer hagelaget foredrag om Såing av sommarblomster og stauder.



Foredragsholdaren er Gro Haga frå Viksdalen. Ho er sekretær i Hageselskapet Sogn og Fjordane og leiar av Gaular hagelag. Ho var hjå oss i fjor også. Då var det støyping av hypertufa som var temaet. Ho har vore hageintressert heile livet og har massevis av eigne erfaringar som ho kan dele med oss frå sin eigen hage i Viksdalen.

Det er litt i tida å dyrke sine eigne grønsaker. Gro Haga er spesielt intressert i dette, og vil ta for seg det også under foredraget.

Foredraget vert på Stokkenes gjestegard kl 20.00.

Vi håpar mange vil ta turen. Vi trur det blir ein trivelig og inspirerande kveld sånn heilt i starten av hagesesongen. Ein treng ikkje vere medlem for å komme, alle er like velkomne.

Sjølvsagt vert det som vanleg lotteri, kaffi og noko å bite i .

onsdag 10. februar 2010

Frømøte på Stokkenes gjestegard

Det vart ein trivelig frøkveld på Stokkenes gjestegard for dei 10 som deltok. Ein liten snøstorm og kulde hindra oss ikkje i å tenkje på planlegginga av årets hagesesong. Varm kaffe og noko godt å bite i attåt gjev alltid litt ekstra god stemning rundt bordet.

Dagens program var såing, mest om sommarblomster, men også litt om stauder. Det var sekretæren som fekk i oppdrag å stå for det "faglege".

Biletet over viser utstyr som kan nyttast for å så. Mange trur ein må ha dyrt og flott utstyr for å setje i gang med såing, men her kan ein komme langt med forholdsvis lite.

Det er ikkje nødvendig å kjøpe såjord, ein kan godt bruke vanleg jord. Såjorda inneheld mindre gjødsel og meir sand enn vanleg jord. Den er også finare, slik at det kan være lettare å prikle småplantar som er sådd i denne jorda enn i vanleg plantejord. Mange likar å så i torvbrikettar, men då bør ein ikkje så meir enn eitt eller to frø i kvar brikett.

På dei fleste frøpakkane står det kva behandling frøa likar på baksida. Nokre frø er lysspirande, og dei må ikkje dekkast med jord når ein sår, medan andre må ligge nedi jorda for å spire. Såtabellen som vart delt ut på møtet er eit godt hjelpemiddel. Der finst opplysningar om såtid, kor lang tid det tek før planten blomstrar og når den blomstrar. For dei som ikkje var på møtet, kan tabellen printast ut frå Hagegal. Her kan ein også finne mykje spennande informasjon om formeiring av plantar, og ellers alt som har med blomster og hageliv å gjere.


Merking av pottene er svært viktig. Ein kan skrive direkte på pottene, eller bruke pinnar som kan puttast nedi såpotta. Når spirane kjem opp av jorda er det ikkje alltid like enkelt å vite kva som er i pottene dersom ein har slurva med merkinga.


Desse merkepinnane er laga av ei gammal persienne som er klipt opp i passande bitar. Dette fungerer godt, men vær obs på at det kan bli ganske skarpe klippekantar på dei. Ellers kan ein få kjøpt merkepinnar i mange ulike utformingar. Hugs berre å nytte ein vassfast tusj eller blyant når du skriv, slik at ikkje merkinga forsvinn

Når frøa er i jorda skal dei setjast lunt med plastdekke over. Eit lite minidrivhus som dette kan være fint, men plast duger like fint. Hugs berre på at det må komme frisk luft til jorda og frøa iblant, slik at det ikkje byrjar å mygle under plasten. Når frøa spirar, vil dei gjerne ha det litt kjøligare, så då må dei flyttast.

Dersom du har begrensa lysforhold er det viktig å ikkje starte såinga for tidleg. Forholdet mellom temperatur og lys etter at frøa har spirt er viktig for å få eit bra resultat med småplantane sine. Dersom det blir for varmt i forhold til lysmengda, vil ein få lange, tynne spirer. Derfor kan det være greit å prøve å halde temperaturen etter spiring på 12-15 grader. Dersom ein ikkje har plantelys, kan ein setje småplantane under vanlege lysstoffrør.

Det viktigaste av alt: Kos deg med såinga di! Gled deg over dei spirane som etter kvart dukkar opp i pottene dine. Det er ingen katastrofe om ikkje alle spirane veks opp, det gjer dei heller ikkje ute i naturen.






mandag 1. februar 2010

Frømøte på Stokkenes gjestegard torsdag 4. februar

No har det vore rimelig kaldt og vinterlig ei god stund, men vi er på veg mot lysare og varmare tider. Mange av oss kriblar i fingrane etter å komme i gang med årets hagesesong. Det er derfor ikkje unaturleg å starte hagelagssesongen med eit frømøte.

Medlemmer i hagelaget vil prate litt om såing av sommarblomster og stauder. Det vert eit enkelt og uhøgtileg arrangement der ein kan spørje kvarandre til råds og gjerne komme med eigne erfaringar. Dei som ynskjer det kan ta med seg frø og bytte. På denne måten kan det hende ein får prøve sortar ein ellers ikkje hadde kome til å så sjølv, så dette kan bli spennande!


Som vanleg byr vi på noko å bite i og ein kaffitår eller to. Det vert lotteri med premiar som speglar temaet for dagen.

Vi ynskjer både medlemmer og ikkje medlemmer velkomne.

Vel møtt!

torsdag 19. mars 2009

Sesongstart i hagelaget

Sesongstart for Eid hagelag var 12. februar. Tema for dagen var såing av stauder og sommarblomster. Det var omlag 10 personar som møtte denne dagen, og det vart ein triveleg kveld med lystig prat og diskusjonar.

Harald Bakke er hagelaget sin guru når det gjeld såing av stauder. Han delte villig vekk sine erfaringar. Han hadde med seg jord, potter og frø, og viste oss korleis det skulle gjerast og svarte på spørsmål undervegs.






Herdis, leiaren i hagelaget, er sjølv ivrig såar, og fulgte nøye med for å få med seg gode tips og idear.


Sånn ser det ut i pottene når Harald er ferdig å så. Desse pottene gav han vekk til hagelaget si utlodning. Då spørs det om vinnarane har like grøne fingrar som Harald har.






Hagelaget hadde kjøpt inn lotteripremiar som høva godt til tema for dagen. I tillegg til eit par slike og Harald sine ferdigsådde potter var der nokre posar med frø i premiepotten.




Kom gjerne innom bloggen vår og sjå kva vi skal til med i tida framover, kanskje vi kan lokke deg til å være med oss?
Anten du er medlem i Hageselskapet eller ikkje, så er du like velkommen på arrangementa våre.