fredag 25. mars 2011

Fotokurs

I fjor hadde vi ein svært trivelig fotokveld med Tim Øsleby som kurshaldar. Han er leiar i Nordfjord Fotoklubb.

I år har vi tenkt å ha heile to kveldar. Det er 7.april og 14. april som er sett av til dette og begge kveldane startar vi kl 19.oo i Lars Lunde sine lokale i Eidsgata 53.

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv. Kurset vert lagt opp som ein "samtale rundt bilete", slik at ein viser ulike bilete, og diskuterer og lærer ut frå desse. Alle bileta vil ha tema frå hagen

Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på slike kveldar, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Pris for medlemmer kr 150,- og ikkjemedlemmer kr 200,- pr kveld.

Det vert sjølvsagt ein kaffikopp med noko attåt.

torsdag 17. mars 2011

Beskjæring av frukttre og bærbusker

Torsdag 17. mars inviterte hagelaget og Eid bondelag til kurs om beskjæring av frukttre hjå Anna Wuttudal og Gunnvald Hildenes på Hildenes.

Det var Rune Vereide frå Gloppen som tok turen over fjorden for å undervise oss. Til dagleg jobbar han ved Norsk Landbruksrådgjevning, så han hadde virkelig mykje å lære vekk om dagens tema.

Demonstrasjonen starta med nokre ord om kva reiskapar som eigna seg til denne typen arbeid.

Dette morelletredet har fått vokse relativt fritt i nokre år, så her skulle Rune Vereide få boltre seg fritt med sekatør og sag. Mange forgreiningar gjer at lyset ikkje slepp godt inn i tredet, og ein del av desse forgreiningane bør vekk. Greiner som er skadde, eller som gneg mot kvarandre må fjærnast.

Eit godt tips undervegs er å ta eit steg tilbake undervegs, og studere tredet, slik at ein får eit godt overblikk over korleis arbeidet skrid fram.

Eit prinsipp Vereide tykte var verdt å prøve å halde seg til var å la ein hovudstamme vekse opp til ynskt trehøgd. Vidare fokuserte han på kor viktig det var å få godt med lys inn i trekrona.


Om du ser godt etter på biletet ser du at greina han held handa på no er klipt ganske langt frå stammen (omlag ei saksebreidd). Grunnen til at han klipper den såpass lang, er at då kan nye skot komme frå greinstammen som står att. Dersom det skulle komme bakterier i "såret", vil det ikkje så lett angripe stammen som greina veks ut frå.
Det er ikkje berre klippereiskapa som skal være gode. Han hadde med seg ein god stige som eigna seg svært godt når ein skal komme nær tredet.Den har tre føter, og er lett å få plassert trygt under tredet.


Rune vereide og leiaren i hagelaget, Herdis Bergset i ivrig diskusjon ved kaffibordet etter demonstrasjonen.

Vereide anbefalte ei bok som heiter Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen, skriven av Olav Sørum.

Ein stor takk til vertskapet, Anna og Gunnvald, som var så gjestfrie og stilte både frukttre og stova si til disposisjon! Det gjorde utruleg godt med traktorvafler og ein god og varm kopp kaffi etter ei noko kjølig økt utandørs!

lørdag 12. mars 2011

Lær om beskjering av frukttre og bærbusker

Sjølv om snøen ligg tett i bygda for tida, har mange hageeigarar byrja å tenke på vårarbeidet i hagen. Så lenge snøen ligg er det perfekt å bruke tida på å hente inn kunnskap om arbeidet som ventar.

Torsdag 17. mars vert det demonstrasjon av beskjering av frukttre og bærbusker ved Rune Vereide. Han jobbar til dagleg ved Norsk Landbruksrådgjeving.

Demonstrasjonen vert på Hildenes hjå Anna Wuttudal og Gunnvald
Hildenes.

Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid eller direkte på garden klokka 18.00.

Lotteri og servering av traktorvaflar.

Alle er velkomne.

onsdag 9. mars 2011

Referat frå vårmøtet med Gro Haga

Den 10. februar starta vi med ein liten forsmak på våren, og dei om lag 11 frammøtte fekk ei grundig og svært informativ innføring i kunsten å får fram plantar av frø, både sommarblomster og grønnsaker. Gro Haga er bondekone frå Viksdalen, og i tillegg sekretær i fylkesavdelinga til Hageselskapet. Ho har sådd det meste, og har mange års erfaring. Ikkje minst var det nyttig å få tips og råd frå ei som i mange år har sådd og dyrka i vestlandsklima, noko som av og til kan by på spesielle utfordringar.

Nokre av råda underteikna noterte seg var:
  • så i vanleg jord av middels kvalitet, ikkje såjord. Da treng du ikkje prikle med ein gong plantane kjem opp (f.eks. frå Plantasjen, den er passe sterk, ikkje FK si, den er for kraftig)
  • bruk raud Superba og kalksalpeter til gjødselvatn
  • skal du dyrke grønnsaker må du ha god jord, tilfør husdyrgjødsel og kompost
  • anbefalte grønnsakslag er grønnkål "Redbor", fin til snitt i tillegg til mat
  • Valsk bønne eller bondebønne høver fint i vårt klima, og gir god avling. Brukast til det meste, wok etc.
  • Så gjerne låge sortar av sukkerert, dei er lettare å binde opp
  • Sommarfloks er ein fin sommarblomst som taklar regn
  • Anisisop kjem gjerne igjen som staude
  • Blåkorg eller ageratum finst også i høg utgåve. Veldig flott og dekorativ i bedet!
  • Bakkestjerne (Erigeron) Profusion kan du så og ha i mange år om du overvintrar den inne, vakkert vell av blomster

Det å prøve seg på nye sortar er noko Gro likar godt, ho testar ut korleis plantane trivst hos henne, og sår dei igjen om det er vellykka. Ho viste mange bilder frå hagen sin, og maken til frodig blomsterflor skal du leite lenge etter. Dette var ein inspirerande kveld for oss planteglade, og eg vil tru at det er fleire enn eg som fekk lyst til å prøve seg på å så meir enn før, og ikkje minst andre planteslag enn dei vi er vane med.