Viser innlegg med etiketten fotografering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fotografering. Vis alle innlegg

fredag 8. april 2011

Fotokurs del 1

Del 1 av fotokurset gjekk av stabelen i 7.april.Kurset er lagt opp til at det skal passe for flest mogeleg av oss amatørhagefotografar. Kurset er lagt opp som samtaler rundt dei ulike bileta, der deltakarane er delaktige.

Som i fjor var det Tim Øsleby som leia kurset. Nokre av deltakarane hadde sendt eigne hagebilder, og desse vart brukt som utgangspunkt for kurset.

Tips:
-unngå at motiv og bakgrunn konkurrerer.
-Bestem deg for kva som er motivet og fokuser på dette. I eit bed er det mange plantar, og dei kan fort konkurrere om auget si merksemd.
-Godt fotolys i hagen er opphaldsveir med såpass mykje lys at objekt kastar skugge, men ikkje sollys. Godveirsdagar med tyntskydekke er fint fotoveir.
- Om du ynskjer slørete/utydelig bakgrunn mot eit tydelig hovudmotiv når du fotograferer på nært hold, kan du øke blendaråpninga om kameraet ditt har den funksjonen.
-Bruk geomettriske former og linjer for å skape ro i bildet.

Dei gode tipsa vi fekk i fjor gjeld selvfølgelig fortsatt. Dei kan du lese om i dette blogginnlegget.


Ein liten, men intressert gjeng møtte på kurset. Mange gode tips vart notert flittig.

Neste veke vil eit ta for seg litt meir om korleis ein kan forbetre bilder ein har tatt i redigeringsprogram på data. Ein vil gå ut frå enkle program som ein vil kunne laste ned gratis frå nettet. Om du er intressert, men ikkje var på gårsdagens kurs, er du likevel hjarteleg velkommen torsdag 14.april kl 19.00

fredag 25. mars 2011

Fotokurs

I fjor hadde vi ein svært trivelig fotokveld med Tim Øsleby som kurshaldar. Han er leiar i Nordfjord Fotoklubb.

I år har vi tenkt å ha heile to kveldar. Det er 7.april og 14. april som er sett av til dette og begge kveldane startar vi kl 19.oo i Lars Lunde sine lokale i Eidsgata 53.

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv. Kurset vert lagt opp som ein "samtale rundt bilete", slik at ein viser ulike bilete, og diskuterer og lærer ut frå desse. Alle bileta vil ha tema frå hagen

Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på slike kveldar, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Pris for medlemmer kr 150,- og ikkjemedlemmer kr 200,- pr kveld.

Det vert sjølvsagt ein kaffikopp med noko attåt.

mandag 19. april 2010

Trivelig fotokurs.

Det var berre fem deltakarar på fotokurset. Ein liten, men ivrig gjeng. Tim Øsleby og Øystein Torheim var kurshaldarar. Mesteparten av tida fekk vi sjå bilete som vi diskuterte i fellesskap, slik at vi kunne lære litt om korleis vi bør tenkje når vi skal ta eit bilete.

Vi fekk så mange gode tips at det blir for mykje å gjenta her, men nokre heilt enkle tips kan hjelpe deg til å ta betre bilete:
  • -Tenk over kva som skal være i fokus på biletet.
  • -Sjå etter ting som uroar motivet ( t.d. plantelappar, flasker, blomsterpotter osv.) og rydd det vekk.
  • -Gå så nært motivet som mogeleg.
  • Dersom det er noko som uroar i bakgrunnen, så er det betre å ha med så mykje at du ser kva det faktisk er enn at ein berre ser ein liten flik av det. Det gjev betre djupne i biletet.
  • Motivet bør "sjå inn" i biletet. Td. om du tek bilete av ein blomst frå sida, bør fronten på blomen vende mot midten av biletet.
  • Ta mange bilder. Vær ivrig med å slette dårlege bilete,slik at du berre sit igjen med dei beste bileta.
Det vart eit skikkelig trivelig kurs, og det er godt mogeleg at det kjem eit nytt kurs utover sommaren/hausten.

onsdag 10. mars 2010

Fotokurs 15. april

Fleire gonger har medlemer ytra ønske om å lære seg meir om fotografering i hagen. Vi har vore så heldige å få Tim Øsleby til å halde eit kveldskurs for oss.

Datoen er sett til 15. april kl 19.00. Det er sett av ca 3 timar til kurset. Kurset vert i Lars Lunde (Fotodoktoren) sine lokale i Nordfjordeid sentrum.

Pris for kurset: Medlemmer 150,- og ikkjemedlemmer 200,-

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei. Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på ein kveld, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv.

Dersom det er interesse for det, kan det bli aktuelt med eit oppfølgingskurs til hausten.

Er du intressert, send mail til eidhagelag@yahoo.no eller på telefon til Herdis 95056239