Viser innlegg med etiketten arrangement. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten arrangement. Vis alle innlegg
mandag 13. februar 2017
Såkurs og medlemsmøte på Skårhaug 9. februar
Eid hagelag hadde medlemsmøte og såkurs torsdag 9. februar i det nye "klubbhuset" vårt på Skårhaug. Det møtte om lag femten medlemar, som fekk vere med og diskutere og kome med innspel til handlingsplanen for 2017. Det var også loddsal, kaffe og kaker i ei sjarmerande gamal stove i huset til Marit Sandnes Skrede, som var vertinne for oss. Kikk på årsplanen som er lagt ut både her i bloggen og på Facebook-gruppa vår. (Søk på Eid hagelag) Mykje spennande som er planlagt, mellom anna turar og hagevandringar. Alltig hyggeleg å vere med hagelaget på tur!
Å så diverse frø på seinvinteren kan by på utfordringar. Johannes Nome forklarer og viser korleis det er lurt å gjere det. Lys, temperatur, varme - og kor mykje vatn? Gjengen her ser veldig alvorlege ut, men er helst konsentrerte... Stemninga var god!
Gartnar Johannes Nome demonstrerer bruk av såbrikettar og torvpotter.
Vi anbefalar alle å så eit eller anna på denne tida av året. Berre synet av grønne spirer gjer deg i godt humør. Og vi hagefolk har så mykje godt i vente!
Etiketter:
arrangement,
frø,
hagelagsmøte,
program
mandag 6. februar 2017
PROGRAM FOR 2017
Her er ei oversikt over planlagt aktivitet i Eid hagelag pr. februar 2017. Beklager at det vart litt lita skrift.
onsdag 15. april 2015
BASAR med hagelaget laurdag 18. april i Valhall på Nordfjordeid
Vi arrangerer BASAR i Valhall laurdag 18. april kl. 14.00!
Vi har alt som høyrer til ein god, gamaldags basar og litt til: loddsal med flotte gevinstar, kaffe og kaker, og ikkje minst fleire lokale handverkarar som stiller ut sjølvlaga produkt. Noko er til hagebruk, og noko er til hus og heim.Dei som stiller ut er:
Robertas (snekker) med hagebenkar og
blomsterkasser
Marion Tufteland med smijernsstativ til
utebruk i hagen
Elin Grinde (Tante Melin) med sjølvsydde
barnekle i bomull og bambus
Primula Design v. Synnøve Torheim, med diverse varer og handsydde produkt
Sølvi Leivdal med diverse hagepynt og andre
interiør-relaterte saker
Eid
Hagelag: utdeling av gratis hageblad, utdeling av brosjyre med
årets program
Det blir mange fine gevinstar! Vi vonar mange kjem innom:-)
VEL MØTT!
Etiketter:
arrangement,
basar,
utstilling,
valhall
søndag 23. mars 2014
PODEKURS 26. APRIL
Det blir PODEKURS i regi av Eid hagelag laurdag 26.april.
Alle er hjarteleg velkomne til podekurs, der du får kjøpt grunnstamme av oss (rimeleg), og får instruksjon og hjelp til å lære deg å pode. Vi kjem til å ha tre ulike eplesortar som podekvistar: Aroma, Prinsar og Discovery. Om du er heldig får du med andre ord eit epletre som bær tre ulike slags eple, og dette tek du sjølvsagt med deg heim og plantar i hagen etterpå!
Kursavgifta er kr. 100, born går gratis. Du betaler materiell sjølv. Det blir skikkelege podeknivar å få kjøpt på kurset om du vil det, eller du kan låne ein av oss. Desse kostar 300,-

tirsdag 25. februar 2014
Eid hagelag inviterer til ein kveld med Dag Arneson frå Grønn glede!
Torsdag 27.2. kjem den kjende Dag Arneson og held foredrag om grønn glede i hagen. Han har blitt kjend gjennom fjernsynet sine hageprogram Grønn Glede, og er kjend for å vere inspirerande og artig å høre på.
Det blir på Raftevolds hotell i Hornindal kl. 19. Inngang kr. 100. Kaffe og kaker, loddsal.
VEL MØTT!
Det blir på Raftevolds hotell i Hornindal kl. 19. Inngang kr. 100. Kaffe og kaker, loddsal.
VEL MØTT!
tirsdag 12. november 2013
Lag designplantar med Marion!
Lag designplantar med Marion
Torsdag 21. november klokka 19.00 vert det juleverkstad i regi av Eid hagelag på Eid kyrkjetun. Marion Tuftland vil demonstrere korleis ein kan lage designplantar relatert til advent og jul. Pris kr 500, som inkluderer plante m.m..
Påmelding til johannesnome@hotmail.com eller tlf 412 63 864 seinast innan tysdag 19. november.
Dette blir spennande - kjekt å lære noko nytt!
Vel møtt!
torsdag 7. juni 2012
VILLBLOMSTENES DAG 17. JUNI!
Søndag 17. juni blir villblomstenes dag markert over heile landet. Det er Norsk Botanisk Forening som står bak dette, og heile Norden deltek.
Naturvernforbundet i Eid og Eid hagelag inviterer til plantevandring frå Lotsberg til indre Åsen.
Det er oppmøte ved idrettshuset klokka 11, og så kjører vi til Lotsberg på Lote der turen startar. Turen er lett og høver for alle, men dei som har med barn må vere merksam på at det er langt ned enkelte plassar.... Ta med flora og fotoapparat!
ALLE ER VELKOMNE!

tirsdag 6. desember 2011
Populært adventsmøte på Kyrkjetunet
Den 24.november arrangerte vi ein kreativ kveld i lag med blomsterdekoratør og gartnar Johannes Nome, der vi verkeleg fekk utfalde oss med edelgran, kongler, kornellgreiner i både raudt og grønt, vakre kvite juleroser og masse anna flott. Johannes viste oss nokre grunnprinsipp for å lage både kransar og andre dekorasjonar, og demonstrerte teknikkane sine for oss. Han var også veldig behjelpeleg med å gå rundt og bistå dei om lag 25 kreative damene som hadde møtt opp. Vi hadde sett grensa ved 25, og det heldt akkurat med den store salen på Kyrkjetunet. Dette freistar til gjentaking neste år.
lørdag 5. november 2011
ADVENTSMØTE 24.november
Det er snart vinter, og vi nærmar oss advent og jul. I år har vil vi ha eit adventstreff der vi kan lage dekorasjonar og kransar for å pynte både inne og ute.
Vi er så heldige å ha fått blomsterdekoratør Johannes Nome til å kome og hjelpe oss med dette. Han har med pyntegrønt for salg, i tillegg til anna utstyr som vi treng, samt ein del pynt og dekorasjonselement. Du kan også gjerne ta deg ein tur i hagen eller i skogen og plukke med kongler, krokete greiner, borkbitar og anna som du har lyst til å lage noko av. Nissar, soppar og liknande som kan egne seg er også lurt å ta med.
Det blir inngangspengar på 150 kr. for ikkje-medlemmer og 100 for medlemmer. Da får du kaffe/te og noko å ete gratis. Lotteri.
Møtet blir på Eid kyrkjetun kl. 19.00. Merk! PÅMELDINGSFRIST den 17.11. på telefon til nokon av oss i styret eller på epost: eidhagelag@yahoo.no.
Herdis har telefon 95056239.
torsdag 4. august 2011
Hagevandring til Naustdal i Sunnfjord
Laurdag 13. august tek vi turen til Naustdal i Sunnfjord. Då er det hagane til Matias Hukseth og nabohagen til Arnfin Grøneng og Marit Sæterlid vi skal besøkje.
Roser er ein spesialitet i begge desse hagane, så dette vert ein dag med roser som fokus.
Vi tek også turen innom Rebakken hagesenter på vegen

Det blir som vanleg ein kaffetår i ein av hagane, men turen er lang, så det er lurt å ha med seg nistepakke.
I kaffipausen blir det også lotteri. Inntekta til lotteriet går til drift av hagelaget, så dess fleire lodd, dess meir moro kan vi finne på !
Oppmøte på busstasjonen på Nordfjordeid kl 09.00.
Vi fyller bilane og køyrer i lag.

mandag 1. august 2011
1000 åpne hagar
14. august arrangerer Hageselskapet 1000 åpne hagar i heile landet.
Eid hagelag har ikkje hatt kapasitet til å engasjere seg i denne saka i år, så hittil er der desverre ikkje registrert hagar i Eid kommune som er åpne denne dagen.
Heldigvis finst der mange hagar i overkomeleg nærleik som kan besøkjast også av Eidarar.
Bak denne linken finn du private hagar i Sogn og Fjordane som er åpne denne dagen. Har du lyst på hagevandring, så er det berre å ta turen til ein eller fleire av desse hagane den dagen.

tirsdag 31. mai 2011
Hagevandringar i Gloppen 28. mai
Denne laurdagen var sett av til hagevandringar i Gloppen. Vi hadde planlagt å vandre i hagane til Svanhild og Svein Ryssdalsnes i Åsen og til Aslaug og Olav Moen på Arnestad.
Vi starta i hagen til Ryssdalsnes, og der venta det oss eit vanvittig blomsterflor av Rhododendron i alle fargar og variantar. Bildet under viser oppkøyringa til huset deira.

Ved inngangspartiet fann vi eit bed med ulike steinbedplantar, og samlinga med ulike Lewesia var eit flott syn mot bergknausane.

Nydelige fargar mot gråstein og grønt.

Det var tydeleg at vertskapet var glad i stein i hagen. Det var mange døme på kreativ bruk av stein i hagen. Legg spesielt merke til den flotte steinen som er bygd inn i ein vegg ved sitjeplassen.

Ein fantastisk flott uteplass med ekte maleri på veggen.

Vi var så heldige å få ta lunchpausen og lotteriet vårt i denne fantastiske sitjekroken. Vertskapet sit til venstre på biletet.

Før vi reiste vidare til Moen, så fekk vi ein liten kikk i nabohagen. Det er hagen til Bjørn og Borghild Pettersen.

Her var det også flotte fargar i massevis.

Ein søt liten alpeklematis kosar seg på veg opp i eit lite tre.

Også i denne hagen er prega av mykje berg og stein.

Den koselige vesle hytta var eit fint blikkfang i hagen.
Den siste hagen vi besøkte denne dagen var hjå Moen på Arnestad.

Også her var det massevis av stein. Den fantastiske muren som danna hagen framfor huset var litt av eit syn.

Oppå muren hadde paret sine to hundar den mest eksklusive hundegarden vi nokon gong har sett. Der var det blomstrande frukttre inne i innhegninga og ei fantastisk utsikt!

Ved sidan av hundegarden var det bygd ein sitjeplass, og under den var det laga plass til kompostannlegget bak flotte blå dører.

Der var fleire slike fine laftahus i hagen. Dei har Olav Moen bygd sjølv i garasjen sin. Imponerande flott handtverk, som virkelig gav hagen eit fint særpreg.

I bakhagen var det sitjeplass med utepeis og kort veg til kjøkkenhagen.

Kjøkkenhagen og drivhusa var favorittplassen til Aslaug. Her dyrka ho fram sine eigne plantar, og masse grønsaker og salat.

Langs drivhusveggen var det planta peonar, som heilt sikkert vil bli eit imponerande skue når ein kjem litt lenger utpå sommaren.

Dagen vart avslutta med planteshopping hjå Vereide blomster i Sandane sentrum. Fleire av oss fekk handla flotte og spennande plantar til våre eigne hagar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)