søndag 11. april 2010

Hypertufa i esker og bøtter

Laurdag gjekk kurset i støyping av hypertufa av stabelen. Vi var skikkelig heldige med veiret. Sola skein heile tida medan kurset pågjekk, så vi fekk oss ein fantastisk dag i lag.
Gro Haga var kurshaldar. Ho er fylkessekretær i Hageselskapet, så det er sikkert mange som kjenner til henne frå før. Ho kjende til hypertufa gjennom ein studiering som hennar lokale hagelag hadde om temaet.

Deltakarane hadde vore flittige til å samle kasser til å støype i. Vi brukte for det meste pappkasser, men det finst utallige måtar å gjere dette på. Det er kun fantasien som set grenser for kva du kan bruke til å støype i.

Her har alle deltakarane laga kvar si form til å støype i. Vi har ei ytterkasse som då blir yttermåla på karet, og ei innerkasse som dannar innvendige mål på karet.
Vi brukte sand, sement og ugjødsla torv i vår blanding. Dersom ein gjer eit søk på hypertufa på internett, vil ein finne at der er mange ulike blandingar ein kan bruke. Antageligvis vil ein få ulik utsjånad på kassene, ut frå kva blanding ein nyttar.

Det er ikkje alle som fører ugjødsla torv i sortimanget sitt, men vi fekk tak i på Torheim Gartneri. Sekkane i bakgrunnen er torvsekkar, og vi brukte mindre enn ein sekk til alle kassene vi laga. Vi delte opp torva i ei trillebår og fukta den lett før vi begynte å blande. Dette for å unngå store klumpar i blandinga.

Før vi starta å blande betongen måtte vi ha oss ei matøkt. På menyen i dag var det pastasalat og sukksessterte, med ein kaffitår attepå. Kanskje ein smule kjølig å sitje i ro sjølv om sola skein, men det gjorde likevel godt med ein matpause.
Her er Linda i full gang med blandinga. Vi brukte 3 deler sand, ein del sement, ein del torv og vatn etter behov. Konsistensen skulle være som ein litt godt tjukk risengrynsgraut, i følge kurshaldaren.
Fleire hjelper til med å få den rette blandinga.

Her er kassene i ferd med å bli fylt med sement. Ein fyller først i botnen ca 4 cm tjukt lag, og set trepropper i for å lage dreneringshol. Så set ein ei kasse oppi og fyller rundt denne for å lage kantane på karet. Det viste seg at dei største kassene hadde ein tendens til å gje litt etter, slik at ein sikkert får litt bulande kantar på karet. Derfor har nokre kantar fått eit tau rundt seg for å holde litt på fasongen.
Eit ferdig støypt prosjekt. No må det stå nokre dagar å herde. Ein kan gjerne ta av pappeska ein dag eller to etter, og forme utsida med ein spade eller liknande. Kassa er ikkje ferdig herda enno, og tillet difor at ein "høvlar" litt på kantane. På den måten kan ein til dømes risse inn motiv, og høvle av hjørna om ein ynskjer ei litt meir avrunda form.

Desse kassene vil få ein fin patina etter kvart som tida går, men i starten vil dei nok sjå ut som eit nokså vanleg betongkar.
Ein fornøygd kursdeltakar tek seg ein pust i bakken etter endt støyping.

Det var ikkje noko hokus-pokus å lage desse kara. Dette kan kven som helst lage heime i eigen hage. Ein treng ikkje betongblandar, det går heilt fint å blande i bøtte eller trillebår.

Det vil komme fleire bilete etter kvart som kassene herdar og forskalinga vert teken av. Kanskje vi i løpet av sommaren/hausten kan få lokka ut av deltakarane bilete av kara med plantar i?

Her er eit av traua ferdig behandla og planta. Når pappkassene vart fjærna hadde trauet eit kjedelig betongpreg. Trauet vart pussa med ei metallbørste for å få avrunda, og er allereie penare å sjå på. Etter kvart som veir og vind får jobbe med trauet, vil det få eit meir rustikt preg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar