Torsdag 6. september tek vi turen til Unni og Arne Krumsvik på Haugane. Dei har brukt mykje tid og krefter på å mure og forme hagen sin med stein. Dette reiknar vi med blir til inspirasjon for dei fleste av oss, men har du ein ektefelle som er måteleg interessert i blomster, men desto meir oppteken av strukturen og byggverka i hagen, så ta han/ho med også denne dagen!
Det blir som vanleg kaker og kaffe/te, og loddsal med både grønne og andre gevinstar. Det er oppmøte på Rutebilstasjonen på Eid kl. 18.00, og så kjører vi i lag.
Hugs den obligatoriske 50-lappen for annonsering og andre utgifter som hagelaget har, i tillegg til køyregodtgjerdsle om du sit på med nokon.
VEL MØTT!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar