onsdag 2. februar 2011

Såing av stauder og sommarblomster

Såing av sommarblomster og Stauder ved Gro Haga.

Torsdag 10. februar er det sesongåpning for Eid hagelag. Då arrangerer hagelaget foredrag om Såing av sommarblomster og stauder.



Foredragsholdaren er Gro Haga frå Viksdalen. Ho er sekretær i Hageselskapet Sogn og Fjordane og leiar av Gaular hagelag. Ho var hjå oss i fjor også. Då var det støyping av hypertufa som var temaet. Ho har vore hageintressert heile livet og har massevis av eigne erfaringar som ho kan dele med oss frå sin eigen hage i Viksdalen.

Det er litt i tida å dyrke sine eigne grønsaker. Gro Haga er spesielt intressert i dette, og vil ta for seg det også under foredraget.

Foredraget vert på Stokkenes gjestegard kl 20.00.

Vi håpar mange vil ta turen. Vi trur det blir ein trivelig og inspirerande kveld sånn heilt i starten av hagesesongen. Ein treng ikkje vere medlem for å komme, alle er like velkomne.

Sjølvsagt vert det som vanleg lotteri, kaffi og noko å bite i .

fredag 31. desember 2010

Kommuneblome for Eid!

Nå er prosessen godt i gang, og DU kan vere med å bestemme kva for ein av dei fire kandidatane som blir blomen som skal vere med å profilere kommunen vår. Kandidatane er:

Olavsstake (Moneses uniflora)
Bukkeblad (Menyanthes trifoliata)
Forglemmegei (Myosotis)
Bergfrue (Saxifraga cotyledon)

Les meir på Eid kommune sine sider. Her kan du også stemme.

Vi vil nytte høvet til å ynskje alle hjarteleg velkomne på dei ulike arrangementa våre i året som kjem. Vi startar alt den 10. februar kl. 20.00 på Stokkenes gjestegard med temaet frø og såing av stauder, ved fylkessekretær Gro Haga.

Vi i styret i Eid hagelag ynskjer alle som ser innom her eit godt, frodig og blomstrande NYTT ÅR I 2011!

tirsdag 23. november 2010

Trivelig julemøte


Torsdag hadde vi eit svært trivelig julemøte der Fred Arild Grøneng frå Florø viste lysbilder frå ulike hagar han har besøkt på vestlandet. Vi var ikkje meir enn 14 frammøtte, men det hindra oss ikkje i å få ein kjempetrivelig kveld med julegløgg, kaffi, kaker og stearinlys på borda.


Dei fleste bileta Grøneng viste var frå hagar han vitja medan han guida ein journalist frå Norsk hagetidend som skulle lage reportasjar frå vestlandshagar.
Nokre av hagane var ikkje ukjende for medlemmene. Blandt anna såg vi bilete frå hagane til Eva Hagen, Svanhild Ryssdalsnes og Terje Haddal, og alle desse hagane er hagar som hagelaget har vitja i løpet av dei siste åra. (Ryssdalsnes sin hage kjem faktisk også på neste års program)

I pausen overrekte hagelaget sin leiar Herdis Bergset, ein St.Paulia som takk for at han tok turen til Eid. Det Herdis ikkje visste var at ho hadde plukka ut ein av Grøneng sine favorittar blandt inneplantar, og det er jo alltid trivelig når ein treff blink med takkegåvene :)
Grøneng viser fornøygd fram St.pauliaen.


Lokalet var pynta med lilla serviettar, vintergrønt, lysestakar og dekorasjonar så det vart reine adventsstemninga.

Styret i Eid hagelag takkar for ein trivelig hagesesong, og ynskjer med dette ei retteleg god jul og godt nyttår til alle medlemmene. Vi håpar at neste års program som de finn i sidekolonna på bloggen vil friste mange til å følge oss gjennom neste sesong også.

torsdag 4. november 2010

Julemøte med interessant gjest torsdag 18. november

I år har vi bestemt oss for å lage ein liten variasjon på julemøtet vårt, og har fått tak i ein person frå Florø, som skal snakke om vestlandshagar, og ikkje minst vise flotte hagebilete til lyst, nytte og ikkje minst inspirasjon!

Gjesten heiter Fred Arild Grøneng, og han vil vise oss foredraget "Vestlandshagar - ei reise i hagar på Vestlandet og plantene der."

Grøneng har vore aktiv i Hageselskapet sidan 1990 og har i samband med det besøkt
mange hagar. Som plantesamlar er det plantene og samplantingane som er
det mest interessante for han. Han tykkjer hagerommet, natur- eller menneskeskapt,
er interessant.

Hagane i foredraget finn ein i tre Vestlandsfylke, og bilda
er tekne på ulike hageturar over fleire år og på to reportasjereiser for
Norsk Hagetidend saman med Bjørg Raybo. Foredraget er meint å presentere
hagane som type og plantene som er valde for å skape hageuttrykket. Såleis
vil foredraget gje tips både om aktuelle planter og kor dei vil trivast i
hagen.Vestlandshagen kan både vere ei utfordring og ei velsigning å skape,
for klima og jordsmon er både utfordrande og gunstig på same tid i våre
strók.


Han har også arrangert tematurar til Kina og dreg på sin femte tur i påska
2011, denne gongen også med cruise på den Gule Flod og Tibet lagt inn. Det
vil også bli plass til ein kort presentasjon av turprogrammet på møtet. Om du tykkjer det høyrest spanande ut, kan du ta ein kikk på denne linken.'

Møtet vert på Stokkenes gjestegard torsdag 18. november kl 19.00.
Vel møtt til ein trivelig kveld med servering og lotteri i god hagelagsstil :)

torsdag 28. oktober 2010

Eid kommune er nå på banen!

Straks etter at forrige litt frustrerte innlegg vart skreve, kom det inn ein epost frå Eid kommune der dei seier at dei gjerne vil bidra til at Eid kan få seg ein kommuneblome. Det er Stanislawa Voldsund som er vår kontaktperson, og så får vi sjå etter kvart korleis ho vil legge opp prosessen. Oddvin Vonheim frå fylkesstyret informerte oss om korleis dei har gjort det andre stader. Dei fleste har nedsett ein komite der ein har ein representant frå kommunen, ein politikar, ein frå det lokale hagelaget og evt. fleire. Desse kjem så fram til ei to-tre alternativ, som så blir oversendt ei fylkesdekkande nemnd med desse medlemene: fylkesordførar Nils R. Sandal, fylkesstyreleiar Olav Lunden frå KS og Fred Arild Grøneng frå fylkesavdelinga av Det norske hageselskap. Der blir den endelege avgjerda fatta.

På årsmøtet tirsdag 26.10., og tidlegare på Facebook-gruppa vår, kom det fram fleire uformelle forslag til blome:

Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum)
Raud jonsokblom (Silene dioica)
Enghumleblom (Geum rivale)
Flikmelde (Atriplex hastata)

Dei som har synspunkt på kommuneblomen til Eid og gjerne vil kome med forslag, kan gjerne det. Skriv ein kommentar etter dette innlegget, skriv på Facebookgruppa vår (søk på Eid Hagelag), eller kontakt nokon av oss i styret på epost eller telefon.

Vi kjem tilbake med meir om dette seinare.

Biletet her er av ei Julerose (helleborus).

onsdag 20. oktober 2010

Sløvt av Formannskapet i Eid!

Nyleg sendte vi i hagelaget epost til Eid kommune der vi ba om at dei tok oppatt saka dei fekk tilsendt for over eit år sidan: om val av KOMMUNEBLOME. Kommuneblomen skal vere identitetsskapande, ha ein relasjon til kommunen og vere eit positivt element i omdømet til kommunen heiter det.

Vi har enda ikkje fått svar på eposten, men saka har tydelegvis vore lagt fram for Formannskapet. Sist laurdag kunne vi lese følgande i Fjordabladet:

"Medan nabokommunane har valt sin kommuneblome, har engasjementet for å velje sin eigen blome vore tilnærma lik null i Eid. Eid hagelag har sendt brev til kommunen og tilbode seg å hjelpe til med dette, men i formannskapet vekte saka lite engasjement då brevet vart referert. Fungerande ordførar Kjell Magne Åshamar (Sp) fleipa med at sentralt plasserte Eid kanskje burde ha ein heil bukett, og det vart mumla om at høymole, som dei fleste har, kan vere ein aktuell blome."

Kva skal vi seie om dette? Eg er i alle fall ikkje imponert. Her i Eid har vi på nokre område forstått kor viktig det er med kultur (nokon som har hørt om opera i det siste?), men det gjeld tydelegvis ikkje all kultur. Eg ser også at naturvernforbundet forgjeves etterlyser respons frå kommunen når det gjeld vern av den truga Flikmelda ved Moengården.

Den 8. oktober kunne vi lese i Fjordenes Tidende at kommunestyret i Selje nå har landa på vill kaprifol (Lonicera periclymenum) som framlegg til deira kommuneblom. Dette blir endeleg avgjort av ein jury der både hageselskapet og Kommunenes sentralforbund er representerte. Der har dei tydelegvis greid det. All honnør til Selje for det.

Vi må sanneleg passe oss så vi ikkje blir sittande att med høymolen som einaste alternativ! (Å velje den snart utrydda flikmelda ville vel trass alt bli litt for flaut...)

onsdag 15. september 2010

Årsmøte tirsdag 26.okt.

Tirsdag 26 oktober kl 20.00 blir det årsmøte i hagelaget.

Møtet vert i dei gamle apotekerlokala i rådhuset.

Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling
2. Konstituering-val av ordstyrar, møtereferent og to til å skrive under på referatet.
3.Årsmelding
4.Rekneskap
5. Endring av vedtekter
6. Val
7.Innkomne saker

Dersom du har saker til årsmøtet, må dette være styret i hende innan 24. oktober. Send gjerne forslag til eidhagelag@yahoo.no