søndag 11. april 2010

Hypertufa i esker og bøtter

Laurdag gjekk kurset i støyping av hypertufa av stabelen. Vi var skikkelig heldige med veiret. Sola skein heile tida medan kurset pågjekk, så vi fekk oss ein fantastisk dag i lag.
Gro Haga var kurshaldar. Ho er fylkessekretær i Hageselskapet, så det er sikkert mange som kjenner til henne frå før. Ho kjende til hypertufa gjennom ein studiering som hennar lokale hagelag hadde om temaet.

Deltakarane hadde vore flittige til å samle kasser til å støype i. Vi brukte for det meste pappkasser, men det finst utallige måtar å gjere dette på. Det er kun fantasien som set grenser for kva du kan bruke til å støype i.

Her har alle deltakarane laga kvar si form til å støype i. Vi har ei ytterkasse som då blir yttermåla på karet, og ei innerkasse som dannar innvendige mål på karet.
Vi brukte sand, sement og ugjødsla torv i vår blanding. Dersom ein gjer eit søk på hypertufa på internett, vil ein finne at der er mange ulike blandingar ein kan bruke. Antageligvis vil ein få ulik utsjånad på kassene, ut frå kva blanding ein nyttar.

Det er ikkje alle som fører ugjødsla torv i sortimanget sitt, men vi fekk tak i på Torheim Gartneri. Sekkane i bakgrunnen er torvsekkar, og vi brukte mindre enn ein sekk til alle kassene vi laga. Vi delte opp torva i ei trillebår og fukta den lett før vi begynte å blande. Dette for å unngå store klumpar i blandinga.

Før vi starta å blande betongen måtte vi ha oss ei matøkt. På menyen i dag var det pastasalat og sukksessterte, med ein kaffitår attepå. Kanskje ein smule kjølig å sitje i ro sjølv om sola skein, men det gjorde likevel godt med ein matpause.
Her er Linda i full gang med blandinga. Vi brukte 3 deler sand, ein del sement, ein del torv og vatn etter behov. Konsistensen skulle være som ein litt godt tjukk risengrynsgraut, i følge kurshaldaren.
Fleire hjelper til med å få den rette blandinga.

Her er kassene i ferd med å bli fylt med sement. Ein fyller først i botnen ca 4 cm tjukt lag, og set trepropper i for å lage dreneringshol. Så set ein ei kasse oppi og fyller rundt denne for å lage kantane på karet. Det viste seg at dei største kassene hadde ein tendens til å gje litt etter, slik at ein sikkert får litt bulande kantar på karet. Derfor har nokre kantar fått eit tau rundt seg for å holde litt på fasongen.
Eit ferdig støypt prosjekt. No må det stå nokre dagar å herde. Ein kan gjerne ta av pappeska ein dag eller to etter, og forme utsida med ein spade eller liknande. Kassa er ikkje ferdig herda enno, og tillet difor at ein "høvlar" litt på kantane. På den måten kan ein til dømes risse inn motiv, og høvle av hjørna om ein ynskjer ei litt meir avrunda form.

Desse kassene vil få ein fin patina etter kvart som tida går, men i starten vil dei nok sjå ut som eit nokså vanleg betongkar.
Ein fornøygd kursdeltakar tek seg ein pust i bakken etter endt støyping.

Det var ikkje noko hokus-pokus å lage desse kara. Dette kan kven som helst lage heime i eigen hage. Ein treng ikkje betongblandar, det går heilt fint å blande i bøtte eller trillebår.

Det vil komme fleire bilete etter kvart som kassene herdar og forskalinga vert teken av. Kanskje vi i løpet av sommaren/hausten kan få lokka ut av deltakarane bilete av kara med plantar i?

Her er eit av traua ferdig behandla og planta. Når pappkassene vart fjærna hadde trauet eit kjedelig betongpreg. Trauet vart pussa med ei metallbørste for å få avrunda, og er allereie penare å sjå på. Etter kvart som veir og vind får jobbe med trauet, vil det få eit meir rustikt preg.

onsdag 10. mars 2010

Fotokurs 15. april

Fleire gonger har medlemer ytra ønske om å lære seg meir om fotografering i hagen. Vi har vore så heldige å få Tim Øsleby til å halde eit kveldskurs for oss.

Datoen er sett til 15. april kl 19.00. Det er sett av ca 3 timar til kurset. Kurset vert i Lars Lunde (Fotodoktoren) sine lokale i Nordfjordeid sentrum.

Pris for kurset: Medlemmer 150,- og ikkjemedlemmer 200,-

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei. Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på ein kveld, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv.

Dersom det er interesse for det, kan det bli aktuelt med eit oppfølgingskurs til hausten.

Er du intressert, send mail til eidhagelag@yahoo.no eller på telefon til Herdis 95056239


onsdag 3. mars 2010

Kurs i hypertufa 10. april

Laurdag 10.april kl 11.00 held Eid hagelag kurs i støyping av hypertufa.
Kurset finn stad på Langeland på Nordfjordeid, og det vil vare i ca 4-5 timar.

Prisen på kurset vert kr 900,-. Dette inkluderer det meste av materialer og eit lite måltid .
Påmelding til Elin på tlf 99161392 eller mail eidhagelag@yahoo.no

Det er Gro Haga frå Viksdalen som er kurshaldar. Gro har i mange år vore tilsett som sekretær i Hageselskapet.

Plantetrau i hypertufa er små og store trau støypt av sand, sement og torv. Traua har eit røft og ubehandla uttrykk og vert ofte nytta til å lage små fjellhagesamfunn.




Foredrag med Eli Kjær i Hornindal

Leiaren i Eid hagelag har fått telefon frå Hornindal hagelag om at Eli Kjær skal være på Raftevolds hotell torsdag førstkomane kl. 19. Ho skal snakke om "Kjende og ukjende busker og tre til heilårshagen".

Medlemmene i Eid hagelag er hjarteleg velkomne.

Eli Kjær er landskapsarkitekt og har drive med prosjektering av grøntanlegg i private hagar og gardstun. Ho har vore aktiv i Hagelselskapet i ulike verv lokalt og sentralt, og har halde mange foredrag og kurs. Ho er oppteken av plantebruk og komposisjon og har prøvd ut mykje nytt i eigen hage.


onsdag 10. februar 2010

Frømøte på Stokkenes gjestegard

Det vart ein trivelig frøkveld på Stokkenes gjestegard for dei 10 som deltok. Ein liten snøstorm og kulde hindra oss ikkje i å tenkje på planlegginga av årets hagesesong. Varm kaffe og noko godt å bite i attåt gjev alltid litt ekstra god stemning rundt bordet.

Dagens program var såing, mest om sommarblomster, men også litt om stauder. Det var sekretæren som fekk i oppdrag å stå for det "faglege".

Biletet over viser utstyr som kan nyttast for å så. Mange trur ein må ha dyrt og flott utstyr for å setje i gang med såing, men her kan ein komme langt med forholdsvis lite.

Det er ikkje nødvendig å kjøpe såjord, ein kan godt bruke vanleg jord. Såjorda inneheld mindre gjødsel og meir sand enn vanleg jord. Den er også finare, slik at det kan være lettare å prikle småplantar som er sådd i denne jorda enn i vanleg plantejord. Mange likar å så i torvbrikettar, men då bør ein ikkje så meir enn eitt eller to frø i kvar brikett.

På dei fleste frøpakkane står det kva behandling frøa likar på baksida. Nokre frø er lysspirande, og dei må ikkje dekkast med jord når ein sår, medan andre må ligge nedi jorda for å spire. Såtabellen som vart delt ut på møtet er eit godt hjelpemiddel. Der finst opplysningar om såtid, kor lang tid det tek før planten blomstrar og når den blomstrar. For dei som ikkje var på møtet, kan tabellen printast ut frå Hagegal. Her kan ein også finne mykje spennande informasjon om formeiring av plantar, og ellers alt som har med blomster og hageliv å gjere.


Merking av pottene er svært viktig. Ein kan skrive direkte på pottene, eller bruke pinnar som kan puttast nedi såpotta. Når spirane kjem opp av jorda er det ikkje alltid like enkelt å vite kva som er i pottene dersom ein har slurva med merkinga.


Desse merkepinnane er laga av ei gammal persienne som er klipt opp i passande bitar. Dette fungerer godt, men vær obs på at det kan bli ganske skarpe klippekantar på dei. Ellers kan ein få kjøpt merkepinnar i mange ulike utformingar. Hugs berre å nytte ein vassfast tusj eller blyant når du skriv, slik at ikkje merkinga forsvinn

Når frøa er i jorda skal dei setjast lunt med plastdekke over. Eit lite minidrivhus som dette kan være fint, men plast duger like fint. Hugs berre på at det må komme frisk luft til jorda og frøa iblant, slik at det ikkje byrjar å mygle under plasten. Når frøa spirar, vil dei gjerne ha det litt kjøligare, så då må dei flyttast.

Dersom du har begrensa lysforhold er det viktig å ikkje starte såinga for tidleg. Forholdet mellom temperatur og lys etter at frøa har spirt er viktig for å få eit bra resultat med småplantane sine. Dersom det blir for varmt i forhold til lysmengda, vil ein få lange, tynne spirer. Derfor kan det være greit å prøve å halde temperaturen etter spiring på 12-15 grader. Dersom ein ikkje har plantelys, kan ein setje småplantane under vanlege lysstoffrør.

Det viktigaste av alt: Kos deg med såinga di! Gled deg over dei spirane som etter kvart dukkar opp i pottene dine. Det er ingen katastrofe om ikkje alle spirane veks opp, det gjer dei heller ikkje ute i naturen.






mandag 1. februar 2010

Frømøte på Stokkenes gjestegard torsdag 4. februar

No har det vore rimelig kaldt og vinterlig ei god stund, men vi er på veg mot lysare og varmare tider. Mange av oss kriblar i fingrane etter å komme i gang med årets hagesesong. Det er derfor ikkje unaturleg å starte hagelagssesongen med eit frømøte.

Medlemmer i hagelaget vil prate litt om såing av sommarblomster og stauder. Det vert eit enkelt og uhøgtileg arrangement der ein kan spørje kvarandre til råds og gjerne komme med eigne erfaringar. Dei som ynskjer det kan ta med seg frø og bytte. På denne måten kan det hende ein får prøve sortar ein ellers ikkje hadde kome til å så sjølv, så dette kan bli spennande!


Som vanleg byr vi på noko å bite i og ein kaffitår eller to. Det vert lotteri med premiar som speglar temaet for dagen.

Vi ynskjer både medlemmer og ikkje medlemmer velkomne.

Vel møtt!

onsdag 18. november 2009

Julemøte på Stokkenes gjestegard

Tirsdag 24.november kl 19.30 vert det julemøte på Stokkenes gjestegard.


I år vil vi vise lysbilete frå hagelaget sine aktivitetar i året som har vore. Dette blir ein fin anledning til å sjå også frå dei hagevandringane du ikkje hadde mogelegheit til å delta på i året som gjekk.


Vi satsar på ein trivelig mimrekveld med gløgg og julemat og lotteri med fine premiar.


Håpar mange finn vegen til Stokkenes denne kvelden!