mandag 9. august 2010

Eit Fuchsia-eventyr!

Forrige torsdag arrangerte Eid hagelag besøk hos Magne Dalseth på Haugane i Eid for å sjå på den store Fuchsiasamlinga hans. Vi var ein liten gjeng som stilte opp, og vi fekk ei flott oppleving denne fine seinsommarettermiddagen. Under ser du Magne sjølv, i ferd med å fortelje om sin første Fuchsia, som var ein stikling han fekk frå mor si og som han har enda - 40 år seinare. Nå er den som eit lite tre. Dette vart ei skjebnesvanger gave, for den starta noko ein kanskje kan kalle besettelse, og som førte til at han i dag har nærare 200 ulike sortar av denne spesielle planta som heiter Fuchsia, eller Tåre eller Kristi Blodsdråpe som den også har blitt kalla. Hadde det ikkje vore for den spesielle vinteren i år hadde han hatt fleire, for dessverre mista han mange plantar i vinter.
Vi fekk også kome inn i drivhuset, og her beundrar vi eit oppstamma eksemplar av den same planta som han fekk av mora 40 år tidlegare. Han har teke mange stiklingar av denne planta, og noko av det som gjer at folk blir hekta på Fuchsia er truleg nettopp at den er så lett å stiklingsformeire.
Av Fuchsia finst det mange tusen navnesortar etter kvart, og kvart år blir det lansert fleire. Det jobbar ivrige gartnarar verda over for å krysse fram stadig nye og spennande sortar. Den du ser under her heiter "Fire and ice", altså "Eld og is".

Nokre har laaange blomster, og den du ser under er eit eksempel på dei. Navnet hugsar eg dessverre ikkje, men det kan du sikkert få om du spør Magne;-)






Her ser du eit eksempel på Fuchsia med ørsmå blomster. Du finn dei i alle storleikar og fasongar, men ein får nok ein mistanke om at dei som lagar nye sortar kanskje har vore opptekne av å få fram store blomster ei stund....



I drivhuset sitt har Magne også eit eksemplar av ein villart: Fuchsia procumbens, ein Fuchsia som kjem frå jungelen og altså er ei plante rett frå naturen. Den lagar store tepper, og har bittesmå blomar som peikar rett opp. Den er faktisk frøekte, og det tyder at du kan så frø av den og få akkurat same planta. Dei foredla Fuchsiaene er dessverre ikkje frøekte, sjølv om dei ofte dannar ein slags svarte bær - som faktisk er etande!

Dersom du har lyst til å ta vare på Fuchsiaene dine i vinter skal du i følge Magne klippe dei ned, ribbe dei for blad, og riste av dei jorda på røttene. Så skal du klippe av dei lyse rottrådane. Dette vil føre til at planta går i dvale. Om du så oppbevarer dei kjøleg men frostfritt i fuktig torv, og kanskje gir dei ein bitteliten skvett vatn nokre få gonger, så skal den skyte friske skot til våren når den blir planta i jord og vatna forsiktig. Da må den ha lys, men når den er i dvale treng den ikkje det.

Start plantane dine tidleg for å få blomstring om sommaren, dei treng nokre veker på å danne knuppar. Dei fleste Fuchsia likar skugge til halvskugge, og kjøleg, vått vestlandsvær trivst dei heldigvis med. Men, det finst også Fuchsia som tåler og likar sol, så dette er ei allsidig plante. Ein ting til: gje den gjødsel jevnleg for flott blomstring. Som Magne seier: alle treng mat for å klare å gjere jobben. Det gjeld også alle slags plantar. Sjølv om Magne brukar Superba i alt vatningsvatn, vil eg seie at det viktigaste er AT du gjødslar - kva du gjødslar med er trass alt ikkje så viktig. Lykke til!

1 kommentar:

  1. Det må ha vært et herlig hagebesøk med så mye flotte Fuchsia. :-)

    SvarSlett