onsdag 21. juli 2010

Fuchsiablomstring hjå Magne Dalseth


Eid hagelag har tidlegare besøkt Magne Dalseth. Han har ei fantastisk samling av fuchsia som verkeleg er verdt å sjå. Forrige gong hagelaget var der, var det litt tidleg i sesongen, så det vart ytra ynskje om nytt besøk i høgsesongen for blomstring.

5. august tek vi igjen turen til Magne Dalseth på Hauane. Vi møtast på busstasjonen klokka 18.00 og køyrer i lag.

Som vanleg blir det loddsalg, ei liten kaffikopp og noko å bite i.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar