Laurdag 8. juni planlegg vi tur til Florø og øya Hovden. Vi fyller opp bilane våre og køyrer frå Nordfjordeid busstasjon. Når vi kjem fram til Florø skal vi besøke Rognaldsen gartneri først, og så skal vi besøke den svært frodige og innhaldsrike villahagen til Randi Huus Hovden. Når vi er ferdige der tek vi båt ut til Hovden, der vi skal få beundre og nyte hagen til Berit Steen som ligg i det forblåste kystlandskapet ut mot havet.
Vi må reikne med at dagen går med, så set av tida. Dette trur vi blir ein kjekk og spennande tur, så hiv deg med.
Det blir påmeldingsfrist torsdag 6. juni, og vi må sette eit tak ved 19 deltakarar på grunn av båten vi har leigd ut på øya. Det er lagt opp til at vi skal spasere eit stykke til rutebåten når vi skal tilbake,
så ta på deg gode sko. Alt etter været den dagen så kan det kanskje kome godt med med varme klede også.
Ta med deg matpakke, da vi har stramt program og får lita tid til å stanse på kafear og butikkar.Vi et litt i den første besøkshagen, og legg opp til eit fellesmåltid på Hovden. Vi ordnar med kaffe (pulver) og te, men kaldt drikke må du ta med sjølv. Vi har med brødmat og litt enkelt pålegg, samt ei kake.
OBS! TUREN VIL KOSTE KR. 400,- Dette dekker reisa med ferjer, mat og kaffe og leige av båtskyss til Hovden. Påmelding på eidhagelag@yahoo.no eller til tlf. 91556220/91645057 innan torsdag 6. juni.
Under finn du ei lenke til nokre bilete frå Hovden og til det innhaldsrike gartneriet i Florø.
HOVDEN
ROGNALDSEN GARTNERI
PROGRAM
07.00: Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid.
07.30: Ferje Stårheim - Isane
09.00 ca. Florø og Rognaldsen gartneri.
10.30: Vi besøker hagen til Randi Huus Hovden
12.30: avreise med båt frå Florø havn.
13.00: Kittang på Hovden. Vi besøker hagen til Bodil Steen.
15.15: Vi går til rutebåten. Det tek om lag 25 minutt.
16.00: Rutebåten fraktar oss tilbake til Florø.
18.50: Ferje Isane - Stårheim.
19.35: Ankomst rutebilstasjonen på Nordfjordeid.
Alle er velkomne!
torsdag 30. mai 2013
tirsdag 21. mai 2013
HAGEMARKNAD 2013
Så vart det endeleg vår i år og, sjølv om vi kanskje tvilte litt på det her i mars og april.... I pinsen fekk vi også ein liten forsmak på sommaren, og vi opplever at alt "eksploderer" i vekst og blomstring, både i hagen og naturen.
Da er det tid for hagearbeid, og etter ein lang vinter ønsker du deg kanskje noko nytt og spennande i hagen din? Kom på hagemarknaden til Eid hagelag i Betania-hagen i Nordfjordeid sentrum laurdag 25. mai kl. 11 - 14 og du vil finne til sals
-stauder og andre vekster frå private hagar, også skjeldne eller slike som ikkje er i handelen
-sommarblomster. Pål Nyttingnes har også i år stand med sal av mange ulike slag sommarblomster.
-Nemaslug (biologisk kekjempingsmiddel mot brunsneglar)
-AUKSJON av utvalde godbitar og restane av det som står att. Dette blir kl. 13.00, og auksjonarius blir i år som i fjor Nils Ola Strand. Dette må du få med deg, om så ikkje av andre grunnar enn fordi det er god underhaldning.
-i tillegg har Tante Melin stand med sal av eigne, handlaga tekstilprodukt.
Vi vil også ha vaflar, kaffe og saft til sals, og du kan sette deg ned og ta ein kaffekopp og ein hyggeleg prat i hagen.
Vi kan gje deg informasjon om plantane vi har til sals, og du vil få informasjon om bruk av Nemaslug.
OBS!! Har du heilt NY hage som manglar det meste, vil du kunne få tak i plantar til ein god pris, samt råd og rettleiing frå erfarne hagefolk.
Det vil bli skilta bra i heile sentrum så følg skiltinga, eller ring Herdis på tlf. 95056239.
ALLE ER VELKOMNE!!

tirsdag 12. mars 2013
Vil du sjå bilete frå ei fantastisk hagereise til England?
Torsdag 14. mars. kl. 20.00 møtest vi på Eid frivillegsentral for å sjå bilete frå Hageselskapet Sogn og Fjordane sin tur til England i pinsen i fjor. Det er leiar Herdis Bergset som viser og snakkar om bileta.
Dette blir ein hyggeleg kveld med mykje inspirasjon før komande hagesesong. Kanskje blir du inspirert til å reise også? Det er mange hagefolk som går med ein draum om å kome til England og oppleve noko av alt det flotte dei har å vise fram i eit av verdas mest "hagekultiverte" land.
Det blir som vanleg inngangspengar på kr. 50,-
Vi har loddsal, og kaker og kaffe/te.
VEL MØTT!

mandag 29. oktober 2012
Julemøte 29.november!
Vi gjentek suksessen frå i fjor og riggar oss til med halmkransar, granbar og pynt og lager julekransar og dekorasjonar til jul. Denne gongen har vi fått blomsterdekoratør Marion Tufteland til å kome og lære oss korleis vi skal gjere det, og inspirere og rettleie så vi kan få med oss heim flotte kransar å pynte med til jul.
Møtet blir på EID KYRKJETUN torsdag 29.november kl. 19.00.
Marion vil selge halmkransar som grunnlag, samt pyntegrønt og anna pynt. Du kan gjerne ta med deg sjølv også, om du har noko liggande. Ta også med avbitartong og greinsaks. OBS! Dersom du ynskjer større krans enn diameter større enn 35 - 45 cm må du bestille dette ved påmelding. Det tek ei veke å få desse når Marion skal bestille.
PÅMELDING innan torsdag 22. november til eidhagelag@yahoo.no eller på telefon til Herdis på kveldstid (95056239) eller Anna på kveldstid (91645057).
Det blir som vanleg kaffe og litt å bite i. Det kostar 200 kroner å delta. Dette dekker utgiftene våre til annonsering, lokale og foredragshaldar/instruktør mm. I tillegg dekker kvar person eigne materiellutgifter.
Vel møtt!

tirsdag 9. oktober 2012
Årsmøte 11. oktober
ÅRSMØTE i Eid hagelag:
TORSDAG 11. OKTOBER kl. 19.30 i Eid rådhus, imnngang på baksida. (Gamle apoteklokala).
Årsmøtesaker
Biletkavalkade hagesesongen 2011/12
Kaffe og noko å bite i
VEL MØTT!
TORSDAG 11. OKTOBER kl. 19.30 i Eid rådhus, imnngang på baksida. (Gamle apoteklokala).
Årsmøtesaker
Biletkavalkade hagesesongen 2011/12
Kaffe og noko å bite i
VEL MØTT!
lørdag 25. august 2012
Sommarens siste hagevandring
Torsdag 6. september tek vi turen til Unni og Arne Krumsvik på Haugane. Dei har brukt mykje tid og krefter på å mure og forme hagen sin med stein. Dette reiknar vi med blir til inspirasjon for dei fleste av oss, men har du ein ektefelle som er måteleg interessert i blomster, men desto meir oppteken av strukturen og byggverka i hagen, så ta han/ho med også denne dagen!
Det blir som vanleg kaker og kaffe/te, og loddsal med både grønne og andre gevinstar. Det er oppmøte på Rutebilstasjonen på Eid kl. 18.00, og så kjører vi i lag.
Hugs den obligatoriske 50-lappen for annonsering og andre utgifter som hagelaget har, i tillegg til køyregodtgjerdsle om du sit på med nokon.

onsdag 11. juli 2012
1000 åpne hagar i Eid 12. august
I år er vi så heldige at vi har ein kandidat med på dette arrangementet, så merk deg datoen 12. august og set av tid for ei herleg stund i ein vakker og frodig og innhaldsrik hage i Eid sentrum.
Det er hagen til Kari og Lars Englund vi snakkar om, og trass i den sentrale plasseringa ligg den som ei fredeleg, lun og avskjerma oase mellom eldre og nyare hus i Alleen.
Vel møtt!
HER kan du lese meir.

Abonner på:
Innlegg (Atom)