mandag 31. oktober 2011

Kva skjer og har skjedd?

ÅRSMØTET I EID HAGELAG
Først vil eg kort informere om årsmøtet i Eid hagelag den 18.10. Da valet var unnagjort sat vi att med eit styremedlem mindre. Vi vil takke Elin Grinde for ein kjempebra innsats i styret i fleire år. Ho har vore sekretær, og har teke mykje ansvar for arrangementa våre, både når det gjeld det praktiske og ikkje minst ved å bidra med kreative idear! Tusen takk for innsatsen Elin. Vi håper vi får sjå deg på tilstelningane våre i framtida også.

Vi fekk inn ein ny vara, og det er Olav Lefdal. Takk til deg som sa ja til å stille. Vi kjem til å måtte kalle inn vara fast på styremøta framover fordi vi manglar eit styremedlem. Ellers held vi fire fram i styret: Anna Wuttudal, Merethe Kjølberg, Linda Honningsvåg og Herdis Bergset som leiar. Marit Frislid held fram som ekstern kasserar.

FYLKESÅRSMØTE
Ellers deltok Anna, Linda og Herdis på årsmøtet i fylkeslaget i Hornindal sist helg. Der fekk vi undervisning i å legge inn informasjon på den nye nettportalen til Hageselskapet. Vi i vårt lokale hagelag har vår eiga side der vi kan legge ut informasjon om lokale arrangement etc. Ta ein kikk på den, vi kjem til å legge ut den same informasjonen på begge stadene framover, og så får vi vurdere om bloggen blir overflødig.

HAGETUR TIL ENGLAND
Så vil eg til slutt informere om ein hagetur til England til våren. Tidlegare sekretær Gro Haga i Hageselskapet Sogn og Fjordane er i gang med planlegginga av ein eksklusiv hagetur til England i pinsa 2012. (24.5.-29.5.). Dette er saksa frå informasjonen vi fekk på årsmøtet i helga: "Vi satsar på å besøkje nokre av dei mest profilerte hagane i England. Satsar på hagar som ein ikkje når så lett via offentleg kommunikasjon frå London"

Dette er ein unik sjanse til å få ein reint hagerelatert tur i hageverdas mekka: England. Nokre av desse hagane er ikkje så lett tilgjengelege for turistar utan bil, fordi dei ligg avsides til. Det er snakk om Wisley Garden, Sissinghurst, Great Dixter og små, private hagar. Dei må ha med minst 20 for at det skal bli noko av. Pris er ikkje fastsett enda, det kjem etter kvart når ting er litt meir spikra.

Wisley Garden finn du informasjon om her: http://www.rhs.org.uk/gardens/wisley.
Sissinghurst: http://www.nationaltrust.org.uk/main/w-vh/w-visits/w-findaplace/w-sissinghurst-castle/w-sissinghurstcastlegarden-photo_gallery.htm
Great Dixter: http://www.greatdixter.co.uk/gardens.htm

mandag 3. oktober 2011

ÅRSMØTE 18. OKT.

Nå er det tid for årsmøte igjen, og dette blir på Eid rådhus, i lokala til det gamle legekontoret.

Klokkeslett 19.30. Merk deg at du må gå inn frå baksida av rådhuset!

Det blir dei vanlege årsmøtesakene, og så vil Elin Grinde vise oss bilete frå alle arrangementa vi har hatt det siste året. Du vil få eit gjensyn med kjekke hageopplevingar, og kanskje få eit glimt av deg sjølv eller kjende! Vi har nokre flinke fotografar i styret, og dette blir garantert ei oppleving av frodige bed og fargerike blomar ein mørk haustkveld. Kaffi og kaker blir det også.

Har du forslag og idear til ting du saknar, lovar vi å vere åpne for desse! Vi i Eid hagelag har ein ambisjon om å auke medlemstalet i året som kjem, og treng kreative forslag for å få til dette.

VEL MØTT!

onsdag 21. september 2011

Roseglede i Naustdal

”Roser er som barn. De er deilige, de er smukke, de krever omsorg, og de giver oss stor livskvalitet!”
Matias Hukseth gjer hagebokforfattar Lisbeth Krapper sine ord til sine og er sjølv eit lysande eksempel på kor mykje glede ein hage kan gje. ” Å ha hage som hobby er terapi for både kropp og sjel, stråler roseentusiasten. Han fortel at han driv for seg sjølv som målar og kan vere lut lei av sure kundar og i dårleg humør når han kjem heim frå jobb. Men når han kjem seg ut i hagen, er alt gløymt.Hagestell er medisin for alle pengane.



Då Eid hagelag vitja rosehagen til naustdalingen, fekk vi varm mottaking av heile familien og grundig orientering frå Matias, som hadde sett av god tid til å vise oss rundt. Han har eit nært forhold til, og mykje kunnskap om rosene sine og fortalde entusiastisk om alt frå gjødsling til laging av stiklingar.

Matias si erfaring er at gammal sauemøkk, helst to-tre år gammal, er god grunngjødsling i botnen av blomsterbeda. Eit anna litt meir uvanleg triks er å bruke litt dun. I tillegg til å gje jorda meir struktur, vil det også bli frigitt mineral som plantane kan nytte. Så har du ei gammal dundyne til overs, veit du no kvar ho kan gjere nytte for seg.










Tidleg om våren er Matias sin hage full av påskeliljer og andre løkvekstar. Når desse er avblomstra, tek roser og andre vekstar over. Ein flott hagedam er også ein del av hageanlegget til familien Hukseth i Naustdal.

Generell gjødsling i beda er 1 ss fullgjødsel per 30 cm x 30 cm, 1. mars, 1. april, 1. mai og 1. juni.
Rosene held han fri for lus hovudsakleg ved å spyle med kaldt vatn.

Matias mista 250 roser sist vinter, men har allereie erstatta dei med 170 nye. Han er ikkje så nøyen på merka hardførheit når han skal kjøpe roser. Hans erfaring er at h-merkinga ofte ikkje stemmer i vårt område, og han kjøper dei rosene han liker aller best. Og det har etter kvart blitt mange.




Hagen til Matias er stor og timane gjekk fort i godt hageselskap, men ikkje skulle vi gå svoltne derifrå. Frua til Matias hadde kokt ei stor gryte med elgsodd som vi fekk servert ute i den vakre hagen. Elgsodd var eit nytt og velsmakande bekjennskap for mange av oss. Nydeleg!

Så var det meir roser og deretter kaffi og kaker til demonstrasjon av korleis ein kan lage eigne rosestiklingar. Og vi reiste ikkje tomhendte derifrå. Både plantar, røter og eit variert utval med laukar delte Matias ut med raus hand.

Hagedamene frå Eid var også ein kort tur innom nabohagen der det mellom anna var eit imponerande skuggebed dominert av mange ulike typar hosta.

Vi var også innom diverse hagebutikkar og fylte bilen til randen med godbitar før vi vende nasen heimover.



mandag 12. september 2011

Hagevandring hjå Elisabeth Krumsvik

Torsdag 15. september tek vi turen til Elisabeth Krumsvik på Hjelle.

Hagelaget har besøkt henne tidlegare, og denne hagen er vel verdt ein ny visitt!

Dette blir nok årets siste hagevandring, så vi håpar mange har lyst å ta turen saman med oss på torsdag.

Det blir som vanleg lotteri og servering av kaffe med noko å bite i.

Møt opp på busstasjonen på Nordfjordeid kl 18, så køyrer vi i lag.

torsdag 4. august 2011

Hagevandring til Naustdal i Sunnfjord

Laurdag 13. august tek vi turen til Naustdal i Sunnfjord. Då er det hagane til Matias Hukseth og nabohagen til Arnfin Grøneng og Marit Sæterlid vi skal besøkje.

Roser er ein spesialitet i begge desse hagane, så dette vert ein dag med roser som fokus.

Vi tek også turen innom Rebakken hagesenter på vegen



Det blir som vanleg ein kaffetår i ein av hagane, men turen er lang, så det er lurt å ha med seg nistepakke.

I kaffipausen blir det også lotteri. Inntekta til lotteriet går til drift av hagelaget, så dess fleire lodd, dess meir moro kan vi finne på !

Oppmøte på busstasjonen på Nordfjordeid kl 09.00.
Vi fyller bilane og køyrer i lag.

mandag 1. august 2011

1000 åpne hagar

14. august arrangerer Hageselskapet 1000 åpne hagar i heile landet.

Eid hagelag har ikkje hatt kapasitet til å engasjere seg i denne saka i år, så hittil er der desverre ikkje registrert hagar i Eid kommune som er åpne denne dagen.

Heldigvis finst der mange hagar i overkomeleg nærleik som kan besøkjast også av Eidarar.
Bak denne linken finn du private hagar i Sogn og Fjordane som er åpne denne dagen. Har du lyst på hagevandring, så er det berre å ta turen til ein eller fleire av desse hagane den dagen.

tirsdag 14. juni 2011

Med Naturvernet på tur søndag 19.juni

NATURVERNFORBUNDET I EID ØNSKER HAGELAGET MED PÅ SJØLVSTUDIE TUR TIL UTE/INDRE LOTSBERG



DETTE OMRÅDET ER BLOMSTER RIKT OG SPENNENDE. BILDA ER FRÅ SAMME OMRÅDE I MAI.

TID:19 JUNI på en søndag.
START FRå IDRETTSHALLEN KL.14.00

KONTAKTPERSON: OTTAR ØIEN E-POST oreidaro@online.no
mobil99203228 H.TLF.578862578