onsdag 20. oktober 2010
Sløvt av Formannskapet i Eid!
Vi har enda ikkje fått svar på eposten, men saka har tydelegvis vore lagt fram for Formannskapet. Sist laurdag kunne vi lese følgande i Fjordabladet:
"Medan nabokommunane har valt sin kommuneblome, har engasjementet for å velje sin eigen blome vore tilnærma lik null i Eid. Eid hagelag har sendt brev til kommunen og tilbode seg å hjelpe til med dette, men i formannskapet vekte saka lite engasjement då brevet vart referert. Fungerande ordførar Kjell Magne Åshamar (Sp) fleipa med at sentralt plasserte Eid kanskje burde ha ein heil bukett, og det vart mumla om at høymole, som dei fleste har, kan vere ein aktuell blome."
Kva skal vi seie om dette? Eg er i alle fall ikkje imponert. Her i Eid har vi på nokre område forstått kor viktig det er med kultur (nokon som har hørt om opera i det siste?), men det gjeld tydelegvis ikkje all kultur. Eg ser også at naturvernforbundet forgjeves etterlyser respons frå kommunen når det gjeld vern av den truga Flikmelda ved Moengården.
Den 8. oktober kunne vi lese i Fjordenes Tidende at kommunestyret i Selje nå har landa på vill kaprifol (Lonicera periclymenum) som framlegg til deira kommuneblom. Dette blir endeleg avgjort av ein jury der både hageselskapet og Kommunenes sentralforbund er representerte. Der har dei tydelegvis greid det. All honnør til Selje for det.
Vi må sanneleg passe oss så vi ikkje blir sittande att med høymolen som einaste alternativ! (Å velje den snart utrydda flikmelda ville vel trass alt bli litt for flaut...)
onsdag 15. september 2010
Årsmøte tirsdag 26.okt.
Møtet vert i dei gamle apotekerlokala i rådhuset.
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling
2. Konstituering-val av ordstyrar, møtereferent og to til å skrive under på referatet.
3.Årsmelding
4.Rekneskap
5. Endring av vedtekter
6. Val
7.Innkomne saker
Dersom du har saker til årsmøtet, må dette være styret i hende innan 24. oktober. Send gjerne forslag til eidhagelag@yahoo.no
tirsdag 14. september 2010
Spennande ting skjer i 2011
I kveld har vi hatt styremøte i hagelaget og planlagt komande hagelagsår. Vi har mellom anna sett opp Peonmannen på lista, muligens i samarbeid med Vågsøy hagelag. Vi har også mykje anna spennande på planen, så følg med på bloggen for informasjon om kva, kvar og når!
mandag 6. september 2010
Vågsøy hagelag på sopptur til Hornindal
Vi har motteke mail frå Vågsøy hagelag med invitasjon til å delta på sopptur i helga, så dersom du har interesse for sopp og vil være med, så ta kontakt med Vågsøy hagelag.
Under her klistrar eg inn mailen vi fekk:
Hallo igjen!
Minner om sopptur til Hornindal komande laurdag!
Påmelding seinast imorgon tysdag på grunn av innkjøp
Avreise frå Måløy kl 0930, Spiralen.
Vi skal plukke og lære om soppar ved Anne Bråten Seljeset, leiar i Nordfjord Sopp og Urtelag,
infoside:
http://www.soppognyttevekster.no
Sjå også:
Vi skal og bruke soppen i matrettar etterpå, så dagen kjem til å gå med.
Dette gler eg meg til!
Vi satsar på at fineveret held seg til helga, men ta uansett med kle til å vere ute i skogen i og gode sko.
Velkomen, og ta gjerne med ein ven!
Mvh
For Vågsøy Hagelag
Torunn Utnes
fredag 20. august 2010
Fantastisk hagedag på Lote
På veg ned mot huset og hagen til møtte vi denne trivelige karen. Han sat liksom der i vindaugsposten og ynskte oss velkomne.
Gangstien ned mot hagen er av den retteleg romantiske sorten. Rekkverket langs stien var nytt sidan sist hagelaget vitja hagen. Rekkverket gjer nok god nytte på glatte vinterdagar, for stien ned er ganske bratt.
Utsikta frå hagen er fantastisk. Her har dei oversikt over alle som ferdast på fjorden. Det var virkelig ein fryd å sitje i hagen og nyte synet av fjord og fjell.
Dette gjestehuset er nytt sidan forrige gong hagelaget vitja hagen. Det får ein virkelig til å tenkje på varmare strok. Inspirasjonen er nok henta frå Frankrike, som er husbonden sitt heimland.
Flotte samplantingar i hagen. Her er det kanskje Acer artopurpureum og Acer shirasawanum som utfyller kvarandre.
Dei bratte skråningane var eit flott syn med ei fin blanding av blomstrande stauder og eviggrøne busker
Ikkje alle plantane er like prangane, men plassert på rett stad er dei likevel flotte blikkfang.
På grunn av at tomta er så bratt, må det lagast trapper og stiar av stein over alt. Innimellom alle desse steinane som er murt opp finn ein ulike stauder som trivast i dette miljøet.
Brua har Emmanuel mura. På grunn av det tørre veiret siste tida, var vassføringa noko beskjeden, men brua er no like fin anten vassføringa er stor eller liten. På andre sida av "vassdraget" fann vi kjøkkenhagen.
Dei fleste kjenner den rosa eller blå hagehortensiaen (Hydrangea macrophylla), men Bjørg hadde ein flott lilla variant ved grillplassen sin. Den gjorde seg godt saman med kuletistel (Echinops bannaticus)
Denne kattosten hadde ein nydelig rosa farge, og viste godt igjen i skråninga der den stod
På veg gjennom skogen ned mot fjorden var det sjølvsagt lagt stein å trakke på.
Vi var omlag 25 deltakarar på denne hagevandringa. Det er meg stor glede styret merkjer seg at det stadig kjem nye deltakarar på vandringane våre, så det er ekstra kjekt kvar gong vi ser nye andlet i gjengen :)
Vi takkar vertskapet for ein kjempetrivelig kveld!
onsdag 11. august 2010
19. august: Hagevandring hjå Wergeland og Sadorge på Lote

Hageprogrammet Grønn Glede vitja hagen i 2009, og om du klikkar på linken, kan du sjå innslaget igjen.
Den 19. august tek vi turen tilbake til hagen på Lote. Møt opp på busstasjonen på Nordfjordeid kl 18.00, så køyrer vi i lag.
Det vert lotteri, ein kaffitår og noko å bite i.
mandag 9. august 2010
Eit Fuchsia-eventyr!
Dersom du har lyst til å ta vare på Fuchsiaene dine i vinter skal du i følge Magne klippe dei ned, ribbe dei for blad, og riste av dei jorda på røttene. Så skal du klippe av dei lyse rottrådane. Dette vil føre til at planta går i dvale. Om du så oppbevarer dei kjøleg men frostfritt i fuktig torv, og kanskje gir dei ein bitteliten skvett vatn nokre få gonger, så skal den skyte friske skot til våren når den blir planta i jord og vatna forsiktig. Da må den ha lys, men når den er i dvale treng den ikkje det.
Start plantane dine tidleg for å få blomstring om sommaren, dei treng nokre veker på å danne knuppar. Dei fleste Fuchsia likar skugge til halvskugge, og kjøleg, vått vestlandsvær trivst dei heldigvis med. Men, det finst også Fuchsia som tåler og likar sol, så dette er ei allsidig plante. Ein ting til: gje den gjødsel jevnleg for flott blomstring. Som Magne seier: alle treng mat for å klare å gjere jobben. Det gjeld også alle slags plantar. Sjølv om Magne brukar Superba i alt vatningsvatn, vil eg seie at det viktigaste er AT du gjødslar - kva du gjødslar med er trass alt ikkje så viktig. Lykke til!