I dag hadde vi årets første hagevandring. Turen i dag gjekk til Eli Orheim på Stårheim. Det regna godt, men jammen vart vi 15-16 personar likevel :) Det er vel sånn det er, litt regn har vel aldri stoppa ein god vestlending.... Det finst ikkje dårleg veir....osv...
På tunet hadde Eli laga ein flott oppsats av noko av det ho har i hagen. Jammen kan det bli mykje flott blomsterflor, sjølv om det er tidleg i sesonen enno!
Etter hagevandringa vart det kaffi, kaker og loddtrekning i den flotte grillhytta hennar. Ho hadde fyrt opp i grillen, så det var varmt og godt. Det gjorde virkelig godt etter å ha vandra rundt i det sure regnveiret :)
Til tross for veiret var det ei veldig trivelig samling både på rundturen i hagen og samlinga i grillhytta etterpå.
SvarSlettEg gled meg til neste hagevandring.