mandag 27. april 2009

Hildenes gartneri

Til tross for kluss med annonseringa klarte vi å tromme saman ein gjeng hageintresserte til dagens arrangement på Hildenes gartneri. Saman med gjengen frå Hornindal hagelag, så vart vi ein passeleg stor gjeng. Som biletet over viser, var det litt av kvart spanande å sjå. Før omvisninga fekk vi ein demonstrasjon på korleis vi kan lage flotte oppsatsar og mindre, men svært dekorative arrangement.


Her er det Irene som fortel om livet i drivhusa på gartneriet. Dei fleste av oss som møtte opp vart overraska over dei store mengdene blomster gartneriet produserer sjølv.
.
Det neste arrangementet blir hagevandring hjå Eli Orheim på Stårheim. På grunn av den fantastiske våren vi har hatt så langt, er arrangementet framskunda til 6. mai. Vi må rett og slett skunde oss å sjå hagen, fordi den er på sitt beste på vårparten :)
Håpar mange nye, hageintresserte vil komme!

3 kommentarer:

  1. Dette såg kjekt ut. Fint at det kom ein del folk, trass i manglande annonsering. Eg kunne ikkje stille i kveld, men ein kan ikkje få med seg alt! All honnør til deg, Elin som legg ut blogginnlegg alt same kvelden;-)

    SvarSlett
  2. 6. mai skal eg prøve å vere med på hagevandringa. Hos Hildenes hadde eg ikkje høve å vere med. Bra at det var godt oppmøte.

    SvarSlett
  3. Til tross for aviser, data mm, så viser det seg at jungeltelegrafen held mål også i våre dagar, og godt er jammen det ;)

    SvarSlett