mandag 27. april 2009

Hildenes gartneri

Til tross for kluss med annonseringa klarte vi å tromme saman ein gjeng hageintresserte til dagens arrangement på Hildenes gartneri. Saman med gjengen frå Hornindal hagelag, så vart vi ein passeleg stor gjeng. Som biletet over viser, var det litt av kvart spanande å sjå. Før omvisninga fekk vi ein demonstrasjon på korleis vi kan lage flotte oppsatsar og mindre, men svært dekorative arrangement.


Her er det Irene som fortel om livet i drivhusa på gartneriet. Dei fleste av oss som møtte opp vart overraska over dei store mengdene blomster gartneriet produserer sjølv.
.
Det neste arrangementet blir hagevandring hjå Eli Orheim på Stårheim. På grunn av den fantastiske våren vi har hatt så langt, er arrangementet framskunda til 6. mai. Vi må rett og slett skunde oss å sjå hagen, fordi den er på sitt beste på vårparten :)
Håpar mange nye, hageintresserte vil komme!

onsdag 22. april 2009

Omvisning på Hildenes gartneri

Mandag 27. april slår vi oss saman med 'Honndølene'. Vi tek då turen til Hildenes gartneri, der vi vil få omvisning og litt demonstrasjon av Irene Berteig. Omvisninga startar kl 18.00, og vil vare ca ein times tid. Om du ynskjer å handle litt, kan du gjere det før omvisninga startar.


Etterpå går turen til Bryggen hotell. Der kan vi fortsette hagepraten over ein kopp kaffe eller te.
Vel møtt!

Hagetrendar og forslag til samplanting ved Marlen Foseid


Her er altså den blide dama som Vågsøy hagelag hadde invitert til å holde foredraget "Hagetrendar og forslag til samplanting" på Fjordly i går. Det var fleire frå Eid hagelag som tok turen, og det vart verkeleg ein trivelig kveld! Mange fekk gode idear og til korleis pottene i hagen skal sjå ut i år.

I pausen vart det selt lodd, og vi fekk både rundstykker og kaffi. Etter foredraget vart vinnarlodda trekte av leiar i Vågsøy hagelag, Eva Hagen.

Turen i går var for så vidt spontan, etter ein invitasjon frå Vågsøy hagelag. Det er godt mogeleg at det vert fleire slike turar som ikkje står på Eid hagelag sin plan for året, i så fall vill det verte annonsert på bloggen. Så om du er intressert, kan det lønne seg å stikke innom bloggen med jamne mellomrom.


torsdag 16. april 2009

Hagetrendar og forslag til samplanting ved Marlen Foseid

Vågsøy hagelag arrangerer foredrag med Marlen Foseid tirsdag 21. april. Dersom det er hageintresserte frå Nordfjordeid som kunne tenke seg å få med seg dette foredraget, kan vi køyre saman.
Avreise frå busstasjonen tirsdag 21.april kl 18.15.


Klikk på bildet for å forstørre det.

søndag 29. mars 2009

Kurs i pilfletting


Denne helga kom Else Kosberg Garshol frå firmaet Pil og litt til og heldt kurs i pilfletting.

Det var 8 deltakarar på kurset.

Laurdagen fekk vi lage ei slik korg som Elsa demonstrerer her.





Vi fekk lære nokre grunnleggande teknikkar som kan brukast til svært mange forskjellige ting laga av pil. På biletet her er det botnen på korga som blir til.












Ho hadde med seg buntar med ulike sortar pil. Pilen vert tørka etter hausting. Før den kan nyttast til fletting må den ligge i bløyt i ca 14 dagar. Så aktiviteten må nok planleggast litt.











Søndagen lagde vi litt forskjellige ting. Her er Elsa i gang med å lage ei fuglekasse.



Samme prinsipp som vart brukt til å lage fuglekassa, kunne ein bruke til å lage ein artig engel. Mange av deltakarane nytta også høvet til å lage små espalier til blomsterpottene sine.

fredag 27. mars 2009

Hageprogram på TV?

Er du av dei som skulle ønske du kunne sjå meir hageprogram på TV? Ein del utanlandske kanalar sender mange gode program som ein del hageintresserte ynskjer å kunne sjå på norske kanalar. Kun nokre få program blir sendt på norske kanalar, og då desverre ofte kun på dagtid.

Ei driftig dame på hageforumet HagEgal har satt igang ei underskriftskampanje på internett slik at vi hageintresserte kan prøve påvirke NRK og TV2 i fellesskap.

Ta ein kikk på linken, og skriv under dersom du er einig!

fredag 20. mars 2009

Inspirasjonsmesse i Førdehuset

For dei av dåkke som ynskjer noko hagerelatert å fylle helga med, kan det kanskje være verdt å ta turen til inspirasjonsmessa i Førdehuset i helga.

Ta ein kikk på denne linken og bli inspirert.

Det er høve til å få med seg foredrag som kan gje idear og inspirasjon til å starte våren i hagen:

Same program begge dagar - 30 minutts foredrag.
Jostein Kjøsnes: kl 1300: "Idear til hagen"
Brynjulv Litlere: kl 1400: " Bruk av plantar i hagen"
Jostein Kjøsnes: kl 1500: "Enklare vedlikehald av hagen"