torsdag 5. mai 2011

Vellukka hageseminar i Operahuset Nordfjord


Hageseminaret som Eid hagelag arrangerte i samband med Hageselskapet i Sogn og Fjordane og Husbanken gjekk av stabelen i Operahuset Nordfjord 30. april.

Veiret var utruleg fint denne dagen, og likevel var det over 70 hageglade som ville være med på seminaret vårt.

Eit par blide damer gav gjestane allereie i billettluka kjensla av at dette ville bli ein trivelig dag.


Kinosalen i Operahuset Nordfjord var heilt suveren som kurslokale. Det var mørkt nok til at gjestene gløymde det fine veiret utanfor, og kunne lene seg godt tilbake i dei gode seta og kose seg med dei ulike foredraga for dagen.

Jostein Kjøsnes og leiar i Eid hagelag, Herdis Bergset ynskte gjestene velkomne.
Kjøsnes fortalte litt om bakgrunnen for at Husbanken var med og støtta seminaret.
Husbanken er oppteken av at hus og eigendom skal være universellt utforma. Ein del av det seminaret handla om var nettopp det å gjere det lettvindt og godt tilgjengelig for alle både i hus og på eigendomen.
Her er foredragshaldarane samla, Jostein Kjøsnes (profesjonell synsar og leiar i Hageselskapet Sogn og Fjordane), Brynjulf Litlere (tidlegare fylkesgartnar og seinare tilsett på Arboretet på Milde og Lars Fisher (Landskapsarkitekt i Grindaker AS).

Brynjulf Litlere viste bilder frå turane han har hatt til Japan. Gjennom arbeide med å skape ein japansk hage i Arboretet på Milde, fekk han høve til å reise til Japan og sjå på hagar. Ein del av bileta derifrå hadde han samla i ein flott powerpoint som vi fekk høve til å sjå. Trur nok det er fleire enn underteikna som fekk lyst på ein hagetur til Japan etter dei bileta.

Etterpå fekk vi sjå ein presentasjon av arbeidet med å skape den japanske hagen i arboretet. Det var intressant å sjå korleis ein slik hage vart bygd frå grunnen av. Sjølv om dette var ein stor, offentleg hage, var det mange tips og mykje inspirasjon til eigen hage i bilda vi fekk sjå.

Lars Fischer tok for seg planlegging av hagen frå ende til annan. Vi fekk tips om korleis planlegge forhage, inngangssoner og sitjeplassar, slik at dei ser innbydande ut og har plass til alle dei elementa vi ynskjer å ha plass til i hagen.

Han var også oppteken av at hagen, og då spesielt inngangspartiet skulle være universelt utforma. I det ligg at ein gjer huset tilgjengelig for alle. Ein skil ikkje brukargruppene med f.eks fullestolramper, men heller satsar på å leggje inngangspartiet i gateplanet, slik at alle kan komme seg inn i huset. Ein kan for eksempel legge inn ledelinjer, slik at det er lett for svaksynte å sjå trappetrinn og retning på gangvegen.

I lunchpausen fekk vi servert gryte med ris og salat. Til dessert var det deilig karamellpudding. Praten gjekk livlig, så det var tydeleg at folk hadde felles interesser å prate om.



Lars Fisher hadde laga eit forslag til korleis ein kunne utforme ei vanskeleg tomt. Tomta tilhøyrer familien Oppedal og ligg bratt til i Myklebuståsen på Nordfjordeid.

Forslaget Fischer hadde teikna, var basert på alle dei tipsa vi hadde fått i løpet av seminardagen. Det var intressant og lærerikt å høyre korleis ein profesjonell arkitekt tenkjer når han skal utforme ein hage

Ein fornøygd gjeng. Merete Kjølberg (styremedl. i Eid hagelag), Herdis Bergset (leiar Eid Hagelag) og Jostein Kjøsnes (leiar Hageselskapet Sogn og Fjordane)


Eit par kjekke jenter i kiosken sørga for at vi kunne få kjøpt kaker, frukt og noko å drikke i løpet av dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar