tirsdag 5. april 2011

Hageseminar - også for dei som ikkje likar hagearbeid.

30.april arrangerer hagelaga i Nordfjord og Hageselskapet i Sogn og Fjordane hageseminar med fokus på uteplassar og inngangsparti. Arrangementet vil gå føre seg i kinosalen i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid frå kl 09.30 til 17.00.

Tema for dagen vil være hageplanlegging og endring av hagen med fokus på funksjonell arkitektur og enklare drift og vedlikehald. Arrangementet vil være intressant for alle som har hus og hage, og ikkje minst for dei som planlegg å skaffe seg hage, eller som ynskjer å gjere noko med den eksisterande hagen. Det vil verte fokus på gode løysingar for ein god og lettstelt hage. Ein vil få sjå før og etter bilete av hageløysingar.

Det er ofte små og enkle grep som skal til. Får ein ”orden” på inngangsparti og opphaldsplass ordnar resten av hagen seg i stor grad sjølv.

Opplevinga av å kome heim, og vere der, må stå i forhold til arbeidet med å halde hagen slik. Vi vil leggje stor vekt på universell utforming og tilgjengelegheit.

Faglege aktørar på samlinga blir:

Lars Fischer. Landskapsarkitekt og partner i Grindaker as, eit av dei leiande lanskapsarkitektkontora her i landet. Er i tillegg professor for miljø– og biovitenskap på Ås, med ansvar for bustadområde. Fischer vil belyse krav i Plan- & Bygningsloven.

Han vil elles snakke om:

· Hagens inndeling i ulike hagerom, med spesielt vekt på inngangspartiet og tilgjengelegheit.

· Element i hagen og materialbruk.

· Vegetasjon i hagen, korleis få frodigheit spesielt i dei delane av hagen der det er mykje skugge.

Brynjulv Litlere. Tidlegare fylkesgartnar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Seinare tilsett på arboretet på Milde. Spesialinteresse er vegetasjon og Japan- inspirerte hagar. Hagar der mellom anna stein og grus er viktige, effektfulle og vedlikehaldsvenlege materialar. Spesielt i fellesareal er dette undervurdert her hjå oss og bør få eit sterkare fokus.

Jostein Kjøsnes. Leiar i hageselskapet Sogn og Fjordane. Presenterar ein del ulike hage og nærmiljøprosjekt (fellesareal) av den røynde landskapsarkitekten og pedagogen Morten Grindaker.Hovudbodskapen er at hage og gode nærmiljø er meir enn vegetasjon.Det er mellom anna løysing, form og innhald.Synleggjort med før og etter illustrasjonar/ bilde. Fellesareala bør også ha eit meir sentralt og brukareigna areal enn ein ofte ser. Enklare vedlikehald og drift er eit anna viktig tema. Opplevinga av å komme heim, og vere der, må stå i forhold til arbeidet med å halde det.

Dette er et opplegg med innhald som tidligare ikkje har vore gjennomført. Førebuinga er krevjande då det må lagast ein del nytt, inspirerande og pedagogisk materiale.
Erfaringane vil bli evaluert og vil ha stor overføringsverdi i andre tilsvarande prosjekt i Hageselskapet og Husbanken, som også er medarrangør i prosjektet.

Vi ynskjer at hagen skal være ein god plass for rekreasjon og glede, ikkje berre arbeid og slit. Gode, kreative løysingar vil være med på å skape ein hage som gjev rom for meir enn arbeid. Vi satsar på å få til eit spennande arrangement for både nye og gamle hageeigarar og for alle andre intresserte.

Frist for påmelding onsdag 28. april

Pris kr 300,- pr. pers. Inkludert lunch. Betalast til kontonr. 3790 10 30929, eller ved frammøte.

Intresserte kan ta kontakt med:

E-post: eidhagelag@yahoo.no

Telefon: Eid hagelag: Herdis Bergset, tlf. 95056239

Stryn hagelag: Synnøve Beinnes, tlf. 90869077

Vågsøy hagelag: Torunn Utnes, tlf. 95924701

Gloppen hagelag: Turid Bøyum, tlf. 92841292

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar