onsdag 18. november 2009

Julemøte på Stokkenes gjestegard

Tirsdag 24.november kl 19.30 vert det julemøte på Stokkenes gjestegard.


I år vil vi vise lysbilete frå hagelaget sine aktivitetar i året som har vore. Dette blir ein fin anledning til å sjå også frå dei hagevandringane du ikkje hadde mogelegheit til å delta på i året som gjekk.


Vi satsar på ein trivelig mimrekveld med gløgg og julemat og lotteri med fine premiar.


Håpar mange finn vegen til Stokkenes denne kvelden!




fredag 16. oktober 2009

Årsmøte

Årets årsmøte vert 22.oktober kl 20.00 i lokala til frivilligsentralen.

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling.

2. Konstituering

- val av ordstyrar

- val av møtereferent

- val av to til å skrive under møtereferatet

3. Årsmelding

4. Rekneskap

5. Endring av vedtekter?

6. Innkomne saker

7. Val

8. Handlingsplan


mandag 7. september 2009

Sopptur laurdag 12. september




Laurdag 12. september satsar vi på å få til den planlagde soppturen for i år. Opplegget for dagen er at vi tek ein liten skogstur først. Dei som vil plukke sopp kan gjere det, og dei som heller vil plukke bær eller materiale til juledekorasjonar etc. kan gjere det. Dei som berre vil nyte naturen og hyggeleg fellesskap får gjere det også.

Etterpå samlast vi i hytta nede på Vaskeplassen ved Eidselva/Hærmuseet, der vi har fyr på peisen, og utlodning, kaffe og kaker som vi brukar. Då er vi rimeleg uavhengige av været, men det er likevel lurt å kle seg godt.

Vi har ikkje med oss dei store soppekspertane, men nokre av oss kjenner og plukkar tre-fire sikre soppar, og kan gå god for tryggleiken om vi held oss til desse. Vi har også med soppbøker til utlån. Ta med papirposar eller korg til å plukke i, og gjerne ein liten, spiss kniv. Det er nok lurt å ha støvlar eller anna vasstett fottøy.

OBS!!! Ta på deg refleksvest! Hjortejakta har byrja, og da er det greit at vi er godt synlege:-)

Møt opp bak busstasjonen på Nordfjordeid kl 12.00


fredag 28. august 2009

Hagevandring på Bryggja

Onsdag var hagelaget på besøk hjå Eva Hagen på Bryggja. Veiret, som elles har vore så som så i det siste, var aldeles praktfullt denne dagen. Vi var 14 stk som tok turen denne dagen, og vi vart hjarteleg tekne i mot av Eva.

Det var ein fryd å labbe rundt og kikke i hagen til Eva. Hagen ligg lunt til og inneheldt mykje som var verdt å sjå. Til dømes hagedammen på biletet under. Det var frodig og flott rundt dammen.


Den romantiske blå brua gjorde det lett å studere livet i dammen. Det som fanga vår merksemd denne dagen var denne fantastiske, raude vannlilja.
På ei lita høgde i hagen låg eit skjønt, lite lysthus. Her ser vi Eva fortelje oss om hagen sin framfor skråninga opp mot lysthuset.



Over ser du Eva sine to faste hagevener....

Utepeisen til Eva gjorde stort inntrykk på alle. Ho hadde fyrt opp før vi kom, så det var deilig å setje seg ved peisen etter vandringa og høyre på knitringa frå elden. Rundt peisen hadde ho oppmurte benkar, der vi sat og kosa oss med kaffi og ein kakebit, og praten gjekk om laust og fast.

Sukkulentane hadde fått seg ein flott plass på peishylla



Utsikt frå hagen mot Hornelen.

tirsdag 18. august 2009

Hagevandring på Bryggja 26. august

Sommarferien er over, og det er på tide å komme i gong med aktivitetane for hausten. Vi startar med hagevandring 26. august. Då er det hagen til Eva Hagen på bryggja som er målet vårt.

Eva har ein spanande hage, som er skapt utav ein fjellknaus, der dei har skote ut og laga til hagen. Ho har ein del murar, utepeis og lysthus. I tillegg til dette har ho ein hagedam som fekk pris frå Hagen for alle i 1998.

Vi har som vanleg med oss kaffi/te og noko å bite i. Lotteri vert det også.

Oppmøte bak busstasjonen på Nordfjordeid kl 18.00.

Det kostar kr 50 for å dekke køyringa.

lørdag 15. august 2009

Opplevingssøndag på Hovden 23. august

Hagelaget har fått mail frå Hageselskapet Flora. Denne inneheldt ein spanande ivitasjon til opplevingssøndag på Hovden. Det vert ikkje organisert noko frå Eid hagelag si side, men dersom du er intressert, finn du telefonnummer for påmelding nederst på sida.


Hovden inviterer til opplevingssøndag 23. august.
Fire foreiningar, Hagelaget, Turlaget, Seglforeininga og Hovden/Barekstad grendalag inviterer til opplevingar på Hovden sundag 23.aug. Det vert avreise med oppsett skyssbåt frå Fugleskjærskaia kl. 09.30 til Kjetangen der Berit Steen og Kjartan Godø tek i mot i kunstnarleg hage mot havgapet; så spennande og spesiell at Grønn Glede har gjort opptak der i år til eit program som står på sendeplanen i 2010. Der kan ein også kjøpe kaffi og noko å bite i dersom veret tillet eit utandørsmåltid.
For dei som ynskjer, det går turen så via Domba til Kvanhovden fyr med vegvisar. Der held Tone Ulriksen Standal ope fyr med kaffi og vaflar.
Etter ein stopp der går fylgjet til Hovdevåg der ein enten kan gå over høgdene til Barekstad eller få skyss dit i privatbilar for ein tiar.
Det andre alternativet er ein fin spasertur på vegen frå Kjetangen innover mot Barekstad der ein undervegs stoppar i ein annan fin hage hos Anne Greta Godø.
I Barekstad held grendahuset ope frå kl. 12.30 med sal av suppe og kaffi med sveler og vaflar.
Om ein i tillegg vil nyte ein fin og overkommeleg tur i terrenget, tilrår vi turen opp til Vemannsrøysa frå Barekstad.
Returen til Flora går med rutebåt kl. 16.00, og for dei som ynskjer det, kan Seglforeininga også segle deltakarar attende til Florø.
Hovden er den nordlegaste og største øya i kommunen vår med fjell, vatn og flatt lende langs strandflata, svaberg, vikar og vågar med spennande geologi, flora og fauna. Øya er som skapt for naturopplevingar, og med om lag 50 fastbuande i dei små bygdene, er dette framleis eit levande kystsamfunn på dørhella til Nordsjøen som gjerne tek i mot besøk. Turen er open for alle og kostar kr. 120 per pers. I tillegg kjem returbillett med rutebåt eller seglbåt.

Bindande påmelding til Sissel Strømmen tlf.90180067 eller
Fred-Arild Grøneng tlf. 99166451 snarast, men innan fredag 21.aug kl.20.00

mandag 27. juli 2009

Lokalstoff i Grønn Glede

Tysdag 28.juli viser NRK hageprogrammet Grønn glede. Denne gongen besøkjer dei ein hage på Lote, som fleire av hagelaget sine medlemmer kjenner frå fleire tidlegare hagevandringar.
Fyll kaffikoppen, sett deg godt til rette i sofakroken og kos deg med glimt frå hagen til Emanuel og Bjørg.
Her er ein link til NRK si omtale av programmet

fredag 26. juni 2009

Pærebrann-aksjonen i Eid

Her ser du bilete av eit blad av Bulkemispel-planta, som er ei av dei to hageplantane/hekkplantane som skal utryddast i denne aksjonen. Det nederste biletet syner bulkemsipelen sine bær, slik dei ser ut nå i slutten av juni. Det seier seg sjølv at ei plante som set så rikelege mengder med bær, har frødd seg i naturen her i Eid kommune. Ver gjerne på utkikk etter slike plantar i naturen også, da dei også bør fjernast.


Kvifor er det så viktig å fjerne desse vekstene? Mange har stor nytte av både bulkemispel og pilemispel som hekk og skjerming i hagane sine, og det medfører difor ulempe å ta dei vekk.

Saka er at desse vekstene er vertsplantar for fruktsjukdommen pærebrann, som angrip både pære og eple.

Mandag 15. juni var den offisielle datoen for starten av pærebrann-aksjonen i Eid kommune. Dette er ein nasjonal aksjon, og er eit samarbeid mellom Næringsmiddeltilsynet og Norsk Hageselskap som Eid hagelag tilhøyrer, og fleire andre. Dette vart omtala i Fjordabladet.

Her finn du meir informasjon om pærebrann. Under finn du ein uttale som mattilsynet har publisert. Her er mellom anna nokre konkrete tips og råd om korleis du bør gå fram om du skulle ha bruk for å utrydde desse vekstene, og informasjon om kven som er kontaktperson i Eid kommune dersom du skulle ha bruk for å spørje nokon til råds, få hjelp til fjerning eller andre ting.

Mattilsynet sin uttale:

"Ryddeaksjon mot etablering av pærebrann i Nordfjord
Bakgrunn for aksjonen
Den alvorlege plantesjukdomen pærebrann spreier seg på Vestlandet. På verdensbasis er pærebrann ein av dei mest skadelege sjukdommane på eple og pære. I tillegg kan den svært smittsame bakteriesjukdommen angripe ein rekke andre planteslag. Sjukdommen har ennå ikkje nådd til vår del av Fylket. Kun sporadisk påvist smitte i Gulen i Ytre Sogn. Eit angrep vil vere negativt for eple- og pæreproduksjonen, men også for mangfaldet i hagane våre.

Om aksjonen
Spesielt utsette for pærebrann er prydbuskene bulkemispel og pilemispel. Etablerer pærebrann seg i desse to planteslaga, kan den seinare angripe eple- og pæretre og andre prydvekstar. I sommar startar derfor ein førebyggjande aksjon i Nordfjord. Målet med aksjonen er fjerne all bulke- og pilemispel i distriktet, og slik hindre etablering av pærebrann i dette området. For Nordfjordområdet er det fruktkommunane Gloppen, Eid og Stryn som vert prioriterte først. Gloppen og Stryn er mesteparten rydda i 2008.
à Oppstart i Eid kommune: 15. juni 2009..
Ved å fjerne desse to vertplantane, legg vi også til rette for ei levedyktig birøkt som flytter biene sine mellom fruktblomstringa i indre områder til lyngen ved kysten. Aksjonen er eit samarbeid mellom Mattilsynet og nemnde kommunar i Nordfjord, fylkesmannens landbruksavdeling, Bioforsk, Forsøksringen Sogn og Fjordane, fruktnæringa, Hageselskapet, lokale hagelag og Sogn birøkterlag. Ennå er det ikkje observert pærebrann i distriktet vårt. Aksjonen som nå startar opp vil vere eit viktig bidrag for å halde smittepresset nede.

Pærebrann kan bli ein av dei farlegaste plantesjukdommane i norsk hagebruk og fruktproduksjon om vi ikkje gjer ein innsats for å hindre vidare spreiing. Mattilsynet treng hjelp frå deg som privatperson i dette arbeidet! Mattilsynet oppfordrar alle til å vere med på dugnad i kampen mot pærebrann. I praksis vil ein slik dugnad innebere å hogge ned bulkemispel og pilemispel i din eigen hage, og melde frå til Mattilsynet på tlf 06040 eller kommunen om at du har rydda. Det er også ynskjeleg med ei melding om du veit om førekomst av bulke og pilemispel på friområde.

Kva er pærebrann?
Pærebrann er ein plantesjukdom forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Den angriper eple- og pæretre og i tillegg ei rekke andre vertplanter i rosefamilien. Totalt er det ca 180 arter i 39 slekter i rosefamilien som har vist seg mottakelige for slik smitte. Dei vanlegaste vertplantene i Norge er bulkemispel, Cotoneaster bullatus, og pilemispel, Cotoneaster salicifolius, men den er også funnen på sprikemispel, krypmispel, blankmispel, eldkvede, sølvasal og eple. Bakterien angrip og drep blader, blomster og bark, og skot, greiner og stamme på plantene. Det finst ikkje effektive, kjemiske middel mot pærebrann, og sjukdomen er derfor vanskeleg å bekjempe. Den viktigaste spreiemåten er med smitta plantemateriale, men også insekt, bikuber, utstyr til beskjering, regn og vind, er viktige lokale spreiarar.
Pærebrann har vært kjent i Nord-Amerika i over 200 år, og kom til Europa på 1950-tallet. Sjukdommen blei første gong oppdaga i Norge i 1986, og sidan då har det vore lagt ned betydeleg innsats for å bekjempe den. Likevel spreier pærebrann seg, hovudsakeleg i dei ytre kyststrøka, og den er funnen i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Vest-Agder.

Symptom på pærebrann
Typiske symptom på pærebrann er ein kraftig mørkfarging ved bladbasis, samt at skotspissane bøyer seg og gjerne får form som ein gjetarstav. I tillegg heng blada lenge på greinene, noe som gir eit svidd (jf namnet pærebrann) inntrykk når vi ser smitta busker på avstand. Ved å rispe litt i barken på ein grein i skiljet mellom sjukt og friskt vev, kan ein sjå ein glidande overgang, gjerne med olivengrøn farge. Til samanlikning har frostskader typisk markerte skilje mellom friskt og død plantevev.

Norsk regelverk
Forskrift av 01.12.2000 nr. 1333 om planter og tiltak mot planteskadegjørere (plantehelseforskrifta) har føresegner som vedrørar pærebrann. Blant anna er det strenge restriksjonar på import av vertplanter frå land der pærebrann førekjem. I Norge har vi ein egen forskrift mot spreiing av pærebrann: Forskrift av 25.04.2007 nr. 541 om tiltak mot pærebrann (i ein rekke med kommunar i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). Forskrifta tek spesielt for seg flytting av bikuber, beskjering og kantklipping, samt registrering av verksemder som omsett vertplanter for pærebrann i smitta områder.

Frå 1986, da pærebrann først vart oppdaga her i landet, har det vært forbode å både plante og omsette bulke- og pilemispel nettopp på grunn av dei er svært mottageleg for pærebrann og faren for vidare smittespreiing frå desse plantene. Det har også vore forbode å innføre ei rekke andre vertplanter for pærebrann sidan 1986.

Kva kan du som hageeigar gjere?
Rydd bort eigne bulke- og pilemispel, og gjerne dei som finst på friareala der du bur! Etter nedhogginga, kan det vere lurt å behandle snittflata med plantevernmiddelet Glyfosat eller spa opp røtene. Og har du allereie føreteke ryddinga, så er oppfølging og etterrydding viktig, sidan det i fleire år framover vil finnast store frøbankar i jorda. Avfall av bulke og pilemispel kan leggast der du elles kastar plantemateriale frå hagen din.

Ein stor utfordring når det gjelder bekjemping av pærebrann i Norge, er at spesielt den lett mottakelige bulkemispelen er spreidd i stor skala også til friområde, langs veier og liknande. Berre det å finne vertplantene er ein stor jobb, og me oppmodar folk til å melde frå til Mattilsynet på telefon 06040 eller til kommunen om at du har rydda hagen din, eller kjenner til områder med bulke- og pilemispel.

Det er også viktig å ikkje frakte plantemateriale med pærebrannsmitte ut av område med pærebrann som til dømes Bergensområdet. Det har vore forbode å plante bulke- og pilemispel i over 20 år. Har du bier og bor i områder med pærebrann, må du passe på å følgje reglane for når og kor du kan flytte bikubene.


Aktuelle nettsider:
http://www.mattilsynet.no: Her finst mykje informasjon, samt henvising til andre sentrale sider inkludert regelverk.


Kontaktpersonar i Mattilsynet:
Rune Otterdal, Mattilsynet sitt distriktskontor for Nordfjord. Tlf 57 84 95 76/ 99 45 07 90"

fredag 12. juni 2009

Hagevandring på Straumshamn


I går var vi så heldige å få komme på besøk til Ingunn Løset og Edvin Hondstad sin hage på Straumshamn. Dette er den hagen som mange av oss har beundra frå bilvindauga når vi har køyrt forbi Straumshamn. Dei kunne fortelje at dei overtok ein overgrodd hage når dei kjøpte huset, som hadde stått tomt nokre år. Då var det til å gå laus med ljåen og saga, for i det heile å kunne klare å få skikk på det som ein gong var ein flott hage. Resultatet var virkelig bra. Til tross for at det var fuktig etter nokre regnfulle dagar, var det litt av kvart å kaste augene på for dei omlag 16-20 personane som hadde møtt fram.


Gullregnen er i slutten av blomstringa, men praktfull likevel.

Hagen er full av Rhododendron i ulike fargar og storleikar. Edvin fortalte at han stadig la ned greiner av Rhododendron og dekka med jord. På den måten kan han fylle hagen med flotte, eigenproduserte plantar.
Ulike bronseblad stod i all sin prakt omkring i hagen.

Ein regntung, men fortsatt flott peonblomst.

Utsikta frå hagen var det heller ikkje nono å utsetje på. Regnskyene hang tungt rundt fjella, men skåna oss for dei verste bygene.
Nokre snøballar er rett så velkomne i juni.
Ein liten mini jordbæråker i sinkbaljen ved sitjeplassen.

Euphorbia og Rhododendron på rad og rekkje.
Vi takkar for ein flott omvisning i hagen. Vertskapet sette heilt tydeleg pris på besøket, og ynskte oss velkomne attende.

tirsdag 9. juni 2009

Regionsmøte i Hornindal

Søndag var det tid for det årlege regionsmøte for Hageselskapet region Nordfjord. Sekretæren var den utvalgte til å delta på møtet i år. Dette blir ikkje noko referat frå møtet, men berre litt bilete som viser kva Hagelaget i Hornindal baud på denne dagen.

Først hagevandring i den flotte hagen til Gunnhild Humborstad:

Koselig rom i hagen.




Tenk å ha denne flotte utsikta frå hagen sin....


Etterpå var vi ein tur innom Anders Svor museumet

Under ser du bilete av eit par av dei imponerande arbeida hass.





søndag 7. juni 2009

Hagevandring torsdag 11. juni

Eit par av dei som stoppa og slo av ein prat på planteloppemarknaden laurdag inviterte oss på hagevandring. Dei har ein hage som mange sikkert har lagt merke til når ein køyrer forbi Straumshamn. Oppi skråninga ligg ein fantastisk hage.
Det er Ingunn Løset og Edvin Hondstad som hagar der. Har du lyst å være med oss på hagevandring, så slå følge med oss på torsdag 11. juni. Vi køyrer frå busstasjonen på Nordfjordeid kl 18.00.Vel møtt!

lørdag 6. juni 2009

Planteloppemarknad

Då er årets planteloppemarknad over. Vi kombinerte med lotteri og fine premiar. Det fantastiske veiret i dag gjorde det til ein fryd å stå på standen og selje plantar. Det var mange som tok seg tid til ein ekstra prat rundt loddbøtta.

Der var litt av kvart å velje i blandt loppene også. Det var godt og variert utval, så der var litt for ein kvar smak.

tirsdag 2. juni 2009

Laurdag 6. juni er det tid for planteloppemarknad

Det nærmar seg planteloppemarknad med stormsteg. Vi håpar at mange av medlemmene har ein plante eller fleire å avsjå til denne dagen. Dersom dagen blir vellukka gjev dette ein ekstra slant i kassen, som i neste omgang gjer at vi kan arrangere fleire ting med f.eks betalte foredragshaldarar og liknande.

Ta gjerne kontakt på mail: eidhagelag@yahoo.no eller tlf 99161392 og sei i frå om du har noko å avsjå. Om du er oppteken denne dagen kan lopper leverast på førehand etter avtale. Det treng ikkje være store saker, eller sjeldne saker - vi er heller ute etter mangfald.
For at det skal bli litt lettare for deg som har ein plante eller fleire som du kan tenke deg å donere til loppemarknaden, viser vi her nokre bilete som viser korleis ein tenkjer seg at plantane kan lagast til på førehand.




Denne flotte tua med primula har blitt til 24 småplantar som er perfekte til ein planteloppemarknad.


Først vart tua delt i småplantar, omlag på denne størrelsen.
Til sist vart dei potta opp i småpotter.



Dersom du veit namnet på planten er det viktig å setje det på. Her er det skrive på ein pinne og putta nedi jorda, men du kan også skrive på potta med vassfast tusj, eller klistre navnelappe på potta. Det er berre å bruke fantasien.
Kanskje du er av dei som likar å så om våren, og alltid har for mange av kvar sort. Vi tek gjerne imot overskotet. Kanskje det er andre som manglar akkurat den planten du sådde litt for mange av.
Til alle dåkke andre som berre har lyst på nye plantar eller berre er litt nysgjerrig: De finn oss ved Moengården vest omlag i tida 10 til 15 laurdag 6. juni.

mandag 1. juni 2009

Fantastisk hagevandring i Ørsta

Dette var meldinga som møtte oss då vi kom til hagen til Sissel Ytreeide. Vel, no var korkje kona eller hunden hennar noko særleg skremmande...tvert om, så var både hunden og Sissel svært så trivelige :) Vi var tilsaman ca 14-15 personar, og under kan du sjå meir av det vi var så heldige å få sjå. Innan for porten hadde ho eit blått hjørne med ein bitteliten hagedam. Ingen tvil om at Hosta var ein av favorittane hennar. Ho hadde kring 30 ulike hosta, og namna på dei kunne ho på rams.

Lekkert!
Denne flotte dammen hadde ho vunne pris for. Ei veke til Chelsea flowershow var premien. Spennande å høyre om kva ho opplevde og såg der.


Ein stille krok i det grøne rommet. Her inne var det fred og ro som råda. I desse deilige solstolane må det være deilig å slenge seg ned med ein kopp kaffi og ei god bok etter dagens hageøkt.

Eller kanskje det freista meir å slange seg i hengekøya nederst i hagen? Uansett kor ein vandra, var det fantastisk å sjå kor velstelt og stilfullt det var i hagen.

Acer i alle fargar og variantar fann vi overalt i hagen

Rhododendronblomstringa var fantastisk. Alle matcha i fargane, og Sissel hadde selvfølgelig namnet på alle klart.

Artig plante nederst i hagen. Denne var litt av eit blikkfang med dei store blada!
Edit: Herdis har vore så snill å legge inn kommentar om at planten heiter Astilboides tabularis .


Denne Acer'en og Allium Giganteum var ein lekker kombinasjon.

onsdag 13. mai 2009

Hagevandring i Ørsta torsdag 28. mai

Torsdag 28. mai tek vi turen til Sissel Ytreeide sin hage i Ørsta. Då satsar vi på at veiret blir mykje finare enn sist vi var på tur, slik at vi får sjå både Rhododendron og hagedam i sin fulle prakt.


Vi samlast ved busstasjonen på Nordfjordeid, og køyrer samla til Ørsta. oppmøte kl 18.00 ferja går frå Folkestad kl 18.45.


Det kostar kr 50 for kvar deltakar for å dekke ferje og køyring.


Etter vandringa tek vi oss som vanleg ein kaffitår med noko attåt. Loddsalg med hagerelaterte premiar vert det sjølvsagt også :)


Om du ikkje er medlem, men berre er hageintressert og litt nysgjerrig på kva vi styrar med i hagelaget, så er du hjarteleg velkommen til å være med oss!

onsdag 6. mai 2009

Hagevandring i ruskeveir

I dag hadde vi årets første hagevandring. Turen i dag gjekk til Eli Orheim på Stårheim. Det regna godt, men jammen vart vi 15-16 personar likevel :) Det er vel sånn det er, litt regn har vel aldri stoppa ein god vestlending.... Det finst ikkje dårleg veir....osv...


På tunet hadde Eli laga ein flott oppsats av noko av det ho har i hagen. Jammen kan det bli mykje flott blomsterflor, sjølv om det er tidleg i sesonen enno!

Det var ikkje berre blomster å sjå i hagen. Her ein fin liten kreasjon med stein og trevirke. Det var mykje flott stein i hagen. Alt frå slike små runde steinar til flotte bergflater som stakk opp av plenen.

Skal tru om ikkje dette var japansk prydkirsebær. Uansett var blomstrane utruleg skjønne!

Dette biletet er frå rota på det samme tredet. Litt av eit blomsterflor!

Utsikta frå hagen var flott! Det dårlige veiret yter ikkje utsikta rettferdigheit i dag, desverre.
Etter hagevandringa vart det kaffi, kaker og loddtrekning i den flotte grillhytta hennar. Ho hadde fyrt opp i grillen, så det var varmt og godt. Det gjorde virkelig godt etter å ha vandra rundt i det sure regnveiret :)