fredag 26. juni 2009

Pærebrann-aksjonen i Eid

Her ser du bilete av eit blad av Bulkemispel-planta, som er ei av dei to hageplantane/hekkplantane som skal utryddast i denne aksjonen. Det nederste biletet syner bulkemsipelen sine bær, slik dei ser ut nå i slutten av juni. Det seier seg sjølv at ei plante som set så rikelege mengder med bær, har frødd seg i naturen her i Eid kommune. Ver gjerne på utkikk etter slike plantar i naturen også, da dei også bør fjernast.


Kvifor er det så viktig å fjerne desse vekstene? Mange har stor nytte av både bulkemispel og pilemispel som hekk og skjerming i hagane sine, og det medfører difor ulempe å ta dei vekk.

Saka er at desse vekstene er vertsplantar for fruktsjukdommen pærebrann, som angrip både pære og eple.

Mandag 15. juni var den offisielle datoen for starten av pærebrann-aksjonen i Eid kommune. Dette er ein nasjonal aksjon, og er eit samarbeid mellom Næringsmiddeltilsynet og Norsk Hageselskap som Eid hagelag tilhøyrer, og fleire andre. Dette vart omtala i Fjordabladet.

Her finn du meir informasjon om pærebrann. Under finn du ein uttale som mattilsynet har publisert. Her er mellom anna nokre konkrete tips og råd om korleis du bør gå fram om du skulle ha bruk for å utrydde desse vekstene, og informasjon om kven som er kontaktperson i Eid kommune dersom du skulle ha bruk for å spørje nokon til råds, få hjelp til fjerning eller andre ting.

Mattilsynet sin uttale:

"Ryddeaksjon mot etablering av pærebrann i Nordfjord
Bakgrunn for aksjonen
Den alvorlege plantesjukdomen pærebrann spreier seg på Vestlandet. På verdensbasis er pærebrann ein av dei mest skadelege sjukdommane på eple og pære. I tillegg kan den svært smittsame bakteriesjukdommen angripe ein rekke andre planteslag. Sjukdommen har ennå ikkje nådd til vår del av Fylket. Kun sporadisk påvist smitte i Gulen i Ytre Sogn. Eit angrep vil vere negativt for eple- og pæreproduksjonen, men også for mangfaldet i hagane våre.

Om aksjonen
Spesielt utsette for pærebrann er prydbuskene bulkemispel og pilemispel. Etablerer pærebrann seg i desse to planteslaga, kan den seinare angripe eple- og pæretre og andre prydvekstar. I sommar startar derfor ein førebyggjande aksjon i Nordfjord. Målet med aksjonen er fjerne all bulke- og pilemispel i distriktet, og slik hindre etablering av pærebrann i dette området. For Nordfjordområdet er det fruktkommunane Gloppen, Eid og Stryn som vert prioriterte først. Gloppen og Stryn er mesteparten rydda i 2008.
à Oppstart i Eid kommune: 15. juni 2009..
Ved å fjerne desse to vertplantane, legg vi også til rette for ei levedyktig birøkt som flytter biene sine mellom fruktblomstringa i indre områder til lyngen ved kysten. Aksjonen er eit samarbeid mellom Mattilsynet og nemnde kommunar i Nordfjord, fylkesmannens landbruksavdeling, Bioforsk, Forsøksringen Sogn og Fjordane, fruktnæringa, Hageselskapet, lokale hagelag og Sogn birøkterlag. Ennå er det ikkje observert pærebrann i distriktet vårt. Aksjonen som nå startar opp vil vere eit viktig bidrag for å halde smittepresset nede.

Pærebrann kan bli ein av dei farlegaste plantesjukdommane i norsk hagebruk og fruktproduksjon om vi ikkje gjer ein innsats for å hindre vidare spreiing. Mattilsynet treng hjelp frå deg som privatperson i dette arbeidet! Mattilsynet oppfordrar alle til å vere med på dugnad i kampen mot pærebrann. I praksis vil ein slik dugnad innebere å hogge ned bulkemispel og pilemispel i din eigen hage, og melde frå til Mattilsynet på tlf 06040 eller kommunen om at du har rydda. Det er også ynskjeleg med ei melding om du veit om førekomst av bulke og pilemispel på friområde.

Kva er pærebrann?
Pærebrann er ein plantesjukdom forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Den angriper eple- og pæretre og i tillegg ei rekke andre vertplanter i rosefamilien. Totalt er det ca 180 arter i 39 slekter i rosefamilien som har vist seg mottakelige for slik smitte. Dei vanlegaste vertplantene i Norge er bulkemispel, Cotoneaster bullatus, og pilemispel, Cotoneaster salicifolius, men den er også funnen på sprikemispel, krypmispel, blankmispel, eldkvede, sølvasal og eple. Bakterien angrip og drep blader, blomster og bark, og skot, greiner og stamme på plantene. Det finst ikkje effektive, kjemiske middel mot pærebrann, og sjukdomen er derfor vanskeleg å bekjempe. Den viktigaste spreiemåten er med smitta plantemateriale, men også insekt, bikuber, utstyr til beskjering, regn og vind, er viktige lokale spreiarar.
Pærebrann har vært kjent i Nord-Amerika i over 200 år, og kom til Europa på 1950-tallet. Sjukdommen blei første gong oppdaga i Norge i 1986, og sidan då har det vore lagt ned betydeleg innsats for å bekjempe den. Likevel spreier pærebrann seg, hovudsakeleg i dei ytre kyststrøka, og den er funnen i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Vest-Agder.

Symptom på pærebrann
Typiske symptom på pærebrann er ein kraftig mørkfarging ved bladbasis, samt at skotspissane bøyer seg og gjerne får form som ein gjetarstav. I tillegg heng blada lenge på greinene, noe som gir eit svidd (jf namnet pærebrann) inntrykk når vi ser smitta busker på avstand. Ved å rispe litt i barken på ein grein i skiljet mellom sjukt og friskt vev, kan ein sjå ein glidande overgang, gjerne med olivengrøn farge. Til samanlikning har frostskader typisk markerte skilje mellom friskt og død plantevev.

Norsk regelverk
Forskrift av 01.12.2000 nr. 1333 om planter og tiltak mot planteskadegjørere (plantehelseforskrifta) har føresegner som vedrørar pærebrann. Blant anna er det strenge restriksjonar på import av vertplanter frå land der pærebrann førekjem. I Norge har vi ein egen forskrift mot spreiing av pærebrann: Forskrift av 25.04.2007 nr. 541 om tiltak mot pærebrann (i ein rekke med kommunar i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). Forskrifta tek spesielt for seg flytting av bikuber, beskjering og kantklipping, samt registrering av verksemder som omsett vertplanter for pærebrann i smitta områder.

Frå 1986, da pærebrann først vart oppdaga her i landet, har det vært forbode å både plante og omsette bulke- og pilemispel nettopp på grunn av dei er svært mottageleg for pærebrann og faren for vidare smittespreiing frå desse plantene. Det har også vore forbode å innføre ei rekke andre vertplanter for pærebrann sidan 1986.

Kva kan du som hageeigar gjere?
Rydd bort eigne bulke- og pilemispel, og gjerne dei som finst på friareala der du bur! Etter nedhogginga, kan det vere lurt å behandle snittflata med plantevernmiddelet Glyfosat eller spa opp røtene. Og har du allereie føreteke ryddinga, så er oppfølging og etterrydding viktig, sidan det i fleire år framover vil finnast store frøbankar i jorda. Avfall av bulke og pilemispel kan leggast der du elles kastar plantemateriale frå hagen din.

Ein stor utfordring når det gjelder bekjemping av pærebrann i Norge, er at spesielt den lett mottakelige bulkemispelen er spreidd i stor skala også til friområde, langs veier og liknande. Berre det å finne vertplantene er ein stor jobb, og me oppmodar folk til å melde frå til Mattilsynet på telefon 06040 eller til kommunen om at du har rydda hagen din, eller kjenner til områder med bulke- og pilemispel.

Det er også viktig å ikkje frakte plantemateriale med pærebrannsmitte ut av område med pærebrann som til dømes Bergensområdet. Det har vore forbode å plante bulke- og pilemispel i over 20 år. Har du bier og bor i områder med pærebrann, må du passe på å følgje reglane for når og kor du kan flytte bikubene.


Aktuelle nettsider:
http://www.mattilsynet.no: Her finst mykje informasjon, samt henvising til andre sentrale sider inkludert regelverk.


Kontaktpersonar i Mattilsynet:
Rune Otterdal, Mattilsynet sitt distriktskontor for Nordfjord. Tlf 57 84 95 76/ 99 45 07 90"

1 kommentar:

  1. Hei, flott blogg, kommer til å legge link til denne på Averøy Hagelag sin blogg:)

    ha en fortsatt super sesong

    SvarSlett