Viser innlegg med etiketten sopptur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sopptur. Vis alle innlegg

tirsdag 2. september 2014

Soppkontroll på Eid søndag 7. september

Søndag får vi besøk av medlemmer frå Norges sopp- og nyttevekstforbund, avdeling Sunnfjord, og dei vil ta imot soppspørsmål frå dei som ynskjer det.

Dette er eit flott tilbod til oss denne sopprike hausten, så er du interessert i å lære deg nokre nye sikre sortar, eller er
nybyrjar som vil ha tips til idiotsikre soppar du kan plukke - møt opp hos Olav Lefdal og Åse Bruvik søndag kl. 14! 

Du har akkurat tid til ein sopptur først på dagen, og så tek du med deg fangsten til gjennomsyn etterpå. Yr melder fint opphaldsvær, så dette blir ein bra turdag.

NB: inngangspengar kr. 50,- Kaffe og litt attåt blir det også.

Vel møtt!

mandag 6. september 2010

Vågsøy hagelag på sopptur til Hornindal

Eid hagelag hadde planar om sopptur i september. Desverre må denne gå ut.

Vi har motteke mail frå Vågsøy hagelag med invitasjon til å delta på sopptur i helga, så dersom du har interesse for sopp og vil være med, så ta kontakt med Vågsøy hagelag.

Under her klistrar eg inn mailen vi fekk:

Hallo igjen!

Minner om sopptur til Hornindal komande laurdag!

Påmelding seinast imorgon tysdag på grunn av innkjøp

Avreise frå Måløy kl 0930, Spiralen.

Vi skal plukke og lære om soppar ved Anne Bråten Seljeset, leiar i Nordfjord Sopp og Urtelag,

infoside:

http://www.soppognyttevekster.no

Sjå også:

http://www.honndalsportalen

Vi skal og bruke soppen i matrettar etterpå, så dagen kjem til å gå med.

Dette gler eg meg til!

Vi satsar på at fineveret held seg til helga, men ta uansett med kle til å vere ute i skogen i og gode sko.

Velkomen, og ta gjerne med ein ven!

Mvh

For Vågsøy Hagelag

Torunn Utnes

mandag 7. september 2009

Sopptur laurdag 12. september




Laurdag 12. september satsar vi på å få til den planlagde soppturen for i år. Opplegget for dagen er at vi tek ein liten skogstur først. Dei som vil plukke sopp kan gjere det, og dei som heller vil plukke bær eller materiale til juledekorasjonar etc. kan gjere det. Dei som berre vil nyte naturen og hyggeleg fellesskap får gjere det også.

Etterpå samlast vi i hytta nede på Vaskeplassen ved Eidselva/Hærmuseet, der vi har fyr på peisen, og utlodning, kaffe og kaker som vi brukar. Då er vi rimeleg uavhengige av været, men det er likevel lurt å kle seg godt.

Vi har ikkje med oss dei store soppekspertane, men nokre av oss kjenner og plukkar tre-fire sikre soppar, og kan gå god for tryggleiken om vi held oss til desse. Vi har også med soppbøker til utlån. Ta med papirposar eller korg til å plukke i, og gjerne ein liten, spiss kniv. Det er nok lurt å ha støvlar eller anna vasstett fottøy.

OBS!!! Ta på deg refleksvest! Hjortejakta har byrja, og da er det greit at vi er godt synlege:-)

Møt opp bak busstasjonen på Nordfjordeid kl 12.00