Viser innlegg med etiketten grønnsaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grønnsaker. Vis alle innlegg

søndag 24. august 2014

Hyggeleg hagebesøk hos Olav og Åse

Laurdag hadde vi ei fin hagevandring hos Olav Lefdal, leiaren i Eid hagelag. Han og kona Åse Bruvik bur i Skårhaugstranda, og har på om lag ti år fått til ein frodig og fin hage med frukttre og bærbuskar, og der det blir dyrka ulike slags grønnsaker kvart år.



Åse viser oss gulerøtter i tre ulike fargar! Dei er sådd frå ein pose med fargemix, og smaker like godt og er like sunne alle saman!

Hagen gir verkeleg inntrykk av å vere ein godt etablert hage, og det etter såpass kort tid. Det merkast at begge to er hageinteresserte. Dei har flotte staudebed på nedsida av huset, og ein herleg uteplass. Vi koste oss med omvisning, og med kaffe og loddsal på uteplassen til slutt. At det kom ei skikkeleg skur akkurat da vi skulle til å sette tenne i dei nydelege wienerbrøda sette berre ein ekstra spiss på opplevinga. Vi hadde vel ikkje venta anna heller, for det er nå tradisjon med litt nedbør når Eid hagelag er på tur. Det tåler vi heldigvis:-) Tusen takk til Olav og Åse for at vi fekk kome!
 Ringblomstene har sådd seg sjølv, seier Åse.
 Vakre gladiolar i full blomst. Tidleg blomstring på desse etter ein så varm og lang sommar.




mandag 11. august 2014

Hagevandring i Skårhaugstranda laurdag 23. august

Laurdag 23. august kl. 13.00 blir det hagevandring hos Olav Lefdal og Åse Bruvik i Skårhaugstranda på Nordfjordeid
Hagen deira er både ein prydhage og ein nyttehage. Dei har både blomar, prydbusker og roser,  men også bær, frukt og grønnsaker. Olav har sagt han vil vise oss beskjæring av frukttre, så her blir det også muleg å lære noko nyttig! Du kan også få råd om beskjæring om du har tre og busker heime som kunne ha godt av litt frisering. 

 Det blir som vanleg kaffe, te og enkel servering. Vi vil også ha loddsal. Entre kr. 50,- VEL MØTT!

onsdag 9. mars 2011

Referat frå vårmøtet med Gro Haga

Den 10. februar starta vi med ein liten forsmak på våren, og dei om lag 11 frammøtte fekk ei grundig og svært informativ innføring i kunsten å får fram plantar av frø, både sommarblomster og grønnsaker. Gro Haga er bondekone frå Viksdalen, og i tillegg sekretær i fylkesavdelinga til Hageselskapet. Ho har sådd det meste, og har mange års erfaring. Ikkje minst var det nyttig å få tips og råd frå ei som i mange år har sådd og dyrka i vestlandsklima, noko som av og til kan by på spesielle utfordringar.

Nokre av råda underteikna noterte seg var:
  • så i vanleg jord av middels kvalitet, ikkje såjord. Da treng du ikkje prikle med ein gong plantane kjem opp (f.eks. frå Plantasjen, den er passe sterk, ikkje FK si, den er for kraftig)
  • bruk raud Superba og kalksalpeter til gjødselvatn
  • skal du dyrke grønnsaker må du ha god jord, tilfør husdyrgjødsel og kompost
  • anbefalte grønnsakslag er grønnkål "Redbor", fin til snitt i tillegg til mat
  • Valsk bønne eller bondebønne høver fint i vårt klima, og gir god avling. Brukast til det meste, wok etc.
  • Så gjerne låge sortar av sukkerert, dei er lettare å binde opp
  • Sommarfloks er ein fin sommarblomst som taklar regn
  • Anisisop kjem gjerne igjen som staude
  • Blåkorg eller ageratum finst også i høg utgåve. Veldig flott og dekorativ i bedet!
  • Bakkestjerne (Erigeron) Profusion kan du så og ha i mange år om du overvintrar den inne, vakkert vell av blomster

Det å prøve seg på nye sortar er noko Gro likar godt, ho testar ut korleis plantane trivst hos henne, og sår dei igjen om det er vellykka. Ho viste mange bilder frå hagen sin, og maken til frodig blomsterflor skal du leite lenge etter. Dette var ein inspirerande kveld for oss planteglade, og eg vil tru at det er fleire enn eg som fekk lyst til å prøve seg på å så meir enn før, og ikkje minst andre planteslag enn dei vi er vane med.