tirsdag 2. september 2014

Soppkontroll på Eid søndag 7. september

Søndag får vi besøk av medlemmer frå Norges sopp- og nyttevekstforbund, avdeling Sunnfjord, og dei vil ta imot soppspørsmål frå dei som ynskjer det.

Dette er eit flott tilbod til oss denne sopprike hausten, så er du interessert i å lære deg nokre nye sikre sortar, eller er
nybyrjar som vil ha tips til idiotsikre soppar du kan plukke - møt opp hos Olav Lefdal og Åse Bruvik søndag kl. 14! 

Du har akkurat tid til ein sopptur først på dagen, og så tek du med deg fangsten til gjennomsyn etterpå. Yr melder fint opphaldsvær, så dette blir ein bra turdag.

NB: inngangspengar kr. 50,- Kaffe og litt attåt blir det også.

Vel møtt!

søndag 24. august 2014

Hyggeleg hagebesøk hos Olav og Åse

Laurdag hadde vi ei fin hagevandring hos Olav Lefdal, leiaren i Eid hagelag. Han og kona Åse Bruvik bur i Skårhaugstranda, og har på om lag ti år fått til ein frodig og fin hage med frukttre og bærbuskar, og der det blir dyrka ulike slags grønnsaker kvart år.



Åse viser oss gulerøtter i tre ulike fargar! Dei er sådd frå ein pose med fargemix, og smaker like godt og er like sunne alle saman!

Hagen gir verkeleg inntrykk av å vere ein godt etablert hage, og det etter såpass kort tid. Det merkast at begge to er hageinteresserte. Dei har flotte staudebed på nedsida av huset, og ein herleg uteplass. Vi koste oss med omvisning, og med kaffe og loddsal på uteplassen til slutt. At det kom ei skikkeleg skur akkurat da vi skulle til å sette tenne i dei nydelege wienerbrøda sette berre ein ekstra spiss på opplevinga. Vi hadde vel ikkje venta anna heller, for det er nå tradisjon med litt nedbør når Eid hagelag er på tur. Det tåler vi heldigvis:-) Tusen takk til Olav og Åse for at vi fekk kome!
 Ringblomstene har sådd seg sjølv, seier Åse.
 Vakre gladiolar i full blomst. Tidleg blomstring på desse etter ein så varm og lang sommar.




mandag 11. august 2014

Hagevandring i Skårhaugstranda laurdag 23. august

Laurdag 23. august kl. 13.00 blir det hagevandring hos Olav Lefdal og Åse Bruvik i Skårhaugstranda på Nordfjordeid
Hagen deira er både ein prydhage og ein nyttehage. Dei har både blomar, prydbusker og roser,  men også bær, frukt og grønnsaker. Olav har sagt han vil vise oss beskjæring av frukttre, så her blir det også muleg å lære noko nyttig! Du kan også få råd om beskjæring om du har tre og busker heime som kunne ha godt av litt frisering. 

 Det blir som vanleg kaffe, te og enkel servering. Vi vil også ha loddsal. Entre kr. 50,- VEL MØTT!

søndag 23. mars 2014

PODEKURS 26. APRIL

Det blir PODEKURS i regi av Eid hagelag laurdag 26.april.
 

Alle er hjarteleg velkomne til podekurs, der du får kjøpt grunnstamme av oss (rimeleg), og får instruksjon og hjelp til å lære deg å pode. Vi kjem til å ha tre ulike eplesortar som podekvistar: Aroma, Prinsar og Discovery. Om du er heldig får du med andre ord eit epletre som bær tre ulike slags eple, og dette tek du sjølvsagt med deg heim og plantar i hagen etterpå!
 
Kursavgifta er kr. 100, born går gratis. Du betaler materiell sjølv. Det blir skikkelege podeknivar å få kjøpt på kurset om du vil det, eller du kan låne ein av oss. Desse kostar 300,-

Kurset blir i Pelida på Haugen laurdag 26. april frå kl. 11.00 og utover. Vi kjem til å vere ute. Instruktør er gartnar Johannes Nome frå Stårheim.
Er det noko du lurer på kan du ringe leiar Olav Lefdal: 41741287 eller Johannes Nome: 41263864.

VEL MØTT!
 

tirsdag 25. februar 2014

Eid hagelag inviterer til ein kveld med Dag Arneson frå Grønn glede!

Torsdag 27.2. kjem den kjende Dag Arneson og held foredrag om grønn glede i hagen. Han har blitt kjend gjennom fjernsynet sine hageprogram Grønn Glede, og er kjend for å vere inspirerande og artig å høre på.

Det blir på Raftevolds hotell i Hornindal kl. 19. Inngang kr. 100. Kaffe og kaker, loddsal.

VEL MØTT!