fredag 25. mars 2011

Fotokurs

I fjor hadde vi ein svært trivelig fotokveld med Tim Øsleby som kurshaldar. Han er leiar i Nordfjord Fotoklubb.

I år har vi tenkt å ha heile to kveldar. Det er 7.april og 14. april som er sett av til dette og begge kveldane startar vi kl 19.oo i Lars Lunde sine lokale i Eidsgata 53.

Kurset vil kunne ta for seg det mest grunnleggjande for digital fotografering på generelt plan. Dvs korleis få bilder inn på pc, korleis holde orden på bileta, og korleis bruke dei.

Det blir råd om korleis ta betre bilete, generelt og blomsterbilete generelt. Stikkord: Tenke lys og bakgrunn, kva ein tek med i biletet osv. Kurset vert lagt opp som ein "samtale rundt bilete", slik at ein viser ulike bilete, og diskuterer og lærer ut frå desse. Alle bileta vil ha tema frå hagen

Korleis kvart enkelt kamera virkar blir for mykje å gå inn på på slike kveldar, så her bør deltakarane lese eigen brukarrettleiing for kameraet.

Pris for medlemmer kr 150,- og ikkjemedlemmer kr 200,- pr kveld.

Det vert sjølvsagt ein kaffikopp med noko attåt.

2 kommentarer:

  1. Hei!

    Kvar kan ein kjøpe billettar til hageseminaret som skal være 30. april?

    SvarSlett
  2. Heisann! Du kan melde deg på seminaret ved å sende mail til eidhagelag@yahoo.no

    Det vil komme blogginnlegg, med meir informasjon ein av første dagane-

    Mvh Elin

    SvarSlett