mandag 1. juni 2009

Fantastisk hagevandring i Ørsta

Dette var meldinga som møtte oss då vi kom til hagen til Sissel Ytreeide. Vel, no var korkje kona eller hunden hennar noko særleg skremmande...tvert om, så var både hunden og Sissel svært så trivelige :) Vi var tilsaman ca 14-15 personar, og under kan du sjå meir av det vi var så heldige å få sjå. Innan for porten hadde ho eit blått hjørne med ein bitteliten hagedam. Ingen tvil om at Hosta var ein av favorittane hennar. Ho hadde kring 30 ulike hosta, og namna på dei kunne ho på rams.

Lekkert!
Denne flotte dammen hadde ho vunne pris for. Ei veke til Chelsea flowershow var premien. Spennande å høyre om kva ho opplevde og såg der.


Ein stille krok i det grøne rommet. Her inne var det fred og ro som råda. I desse deilige solstolane må det være deilig å slenge seg ned med ein kopp kaffi og ei god bok etter dagens hageøkt.

Eller kanskje det freista meir å slange seg i hengekøya nederst i hagen? Uansett kor ein vandra, var det fantastisk å sjå kor velstelt og stilfullt det var i hagen.

Acer i alle fargar og variantar fann vi overalt i hagen

Rhododendronblomstringa var fantastisk. Alle matcha i fargane, og Sissel hadde selvfølgelig namnet på alle klart.

Artig plante nederst i hagen. Denne var litt av eit blikkfang med dei store blada!
Edit: Herdis har vore så snill å legge inn kommentar om at planten heiter Astilboides tabularis .


Denne Acer'en og Allium Giganteum var ein lekker kombinasjon.

2 kommentarer:

  1. Kjempefine bilder du har tatt, Elin! Hagen var ein opplevelse, og særleg dammen gjorde stort inntrykk. Den var så naturleg laga, skjeldan eg har sett noko så naturtro.

    Ellers heiter den rare planta med kjempestore blad Astilboides tabularis om nokon skulle lure.

    SvarSlett
  2. Aha, takk for namnet, Herdis! Skal redigere posten slik at vi får det med :)

    Enig i at dammen var heilt fantastisk!

    SvarSlett