onsdag 20. oktober 2010

Sløvt av Formannskapet i Eid!

Nyleg sendte vi i hagelaget epost til Eid kommune der vi ba om at dei tok oppatt saka dei fekk tilsendt for over eit år sidan: om val av KOMMUNEBLOME. Kommuneblomen skal vere identitetsskapande, ha ein relasjon til kommunen og vere eit positivt element i omdømet til kommunen heiter det.

Vi har enda ikkje fått svar på eposten, men saka har tydelegvis vore lagt fram for Formannskapet. Sist laurdag kunne vi lese følgande i Fjordabladet:

"Medan nabokommunane har valt sin kommuneblome, har engasjementet for å velje sin eigen blome vore tilnærma lik null i Eid. Eid hagelag har sendt brev til kommunen og tilbode seg å hjelpe til med dette, men i formannskapet vekte saka lite engasjement då brevet vart referert. Fungerande ordførar Kjell Magne Åshamar (Sp) fleipa med at sentralt plasserte Eid kanskje burde ha ein heil bukett, og det vart mumla om at høymole, som dei fleste har, kan vere ein aktuell blome."

Kva skal vi seie om dette? Eg er i alle fall ikkje imponert. Her i Eid har vi på nokre område forstått kor viktig det er med kultur (nokon som har hørt om opera i det siste?), men det gjeld tydelegvis ikkje all kultur. Eg ser også at naturvernforbundet forgjeves etterlyser respons frå kommunen når det gjeld vern av den truga Flikmelda ved Moengården.

Den 8. oktober kunne vi lese i Fjordenes Tidende at kommunestyret i Selje nå har landa på vill kaprifol (Lonicera periclymenum) som framlegg til deira kommuneblom. Dette blir endeleg avgjort av ein jury der både hageselskapet og Kommunenes sentralforbund er representerte. Der har dei tydelegvis greid det. All honnør til Selje for det.

Vi må sanneleg passe oss så vi ikkje blir sittande att med høymolen som einaste alternativ! (Å velje den snart utrydda flikmelda ville vel trass alt bli litt for flaut...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar