mandag 28. juni 2010

Tur til urtegarden "HØGT OG VILT" i Devik, Gloppen

Den 10. juni arrangerte Eid Hagelag tur til urtegarden til Bjørg Devik Aurlien i Devik i Gloppen. Vi var seks personar som deltok, og som fekk ei flott oppleving denne kvelden. På biletet over ser du Bjørg i ferd med å fortelje oss litt om urteproduksjonen sin. Etterpå fekk vi smake på to gode urtetear, før vi tok ein tur nedanfor husa der ho har beda med ulike slags velduftande og spennande vekster.

Ein ting kan seiast om Devik, og det er at det er rimeleg bratt der! Du verda for ein utsikt, og du verda for eit krevande landskap å dyrke noko som helst i. Bjørg fortalde at ho har vakse opp på ein av nabogardane, og vi kan nesten tenke oss at det må vere ein avgjerande faktor når ein velger bustad, og urteproduksjon som leveveg, på ein slik stad.





Til slutt fekk vi kome inn på utsalet i det gamle stabburet, og der hadde vi det obligatoriske loddsalet, samt kaffe og nydeleg rabarbrapai.
Bjørg sel svært mange slags tørka urter og tear, av beste kvalitet trur eg vi kan seie etter å ha fått kikke på både urtetørker og nybygd produksjonsrom i låven. Her er det ikkje noko som går på slump, og produkta til Bjørg er utruleg delikate og freistande. Ho kunne mellom mykje anna tilby eit eige brødkrydder, fiskekrydder og pizzakrydder, urtesalt og tørka kronblad av både ringblomst, kornblomst og hestemynte til mellom anna kakepynt. Lekkert, og utan eit einaste E-stoff.....

Vi fekk vite at ho mellom anna leverer til Gloppen hotell som satsar på lokalt produsert mat, og som har fått mykje ros for den velsmakande maten sin. Vi vil takke Bjørg for at vi fekk kome, og anbefalar alle å ta seg ein tur hit i sommar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar