onsdag 18. november 2009

Julemøte på Stokkenes gjestegard

Tirsdag 24.november kl 19.30 vert det julemøte på Stokkenes gjestegard.


I år vil vi vise lysbilete frå hagelaget sine aktivitetar i året som har vore. Dette blir ein fin anledning til å sjå også frå dei hagevandringane du ikkje hadde mogelegheit til å delta på i året som gjekk.


Vi satsar på ein trivelig mimrekveld med gløgg og julemat og lotteri med fine premiar.


Håpar mange finn vegen til Stokkenes denne kvelden!




1 kommentar:

  1. Dersom det blir tid, vil eg (Herdis)også halde eit foredrag om Hippeastrum/Amaryllis, med mange fine bilete.

    SvarSlett