fredag 27. mars 2009

Hageprogram på TV?

Er du av dei som skulle ønske du kunne sjå meir hageprogram på TV? Ein del utanlandske kanalar sender mange gode program som ein del hageintresserte ynskjer å kunne sjå på norske kanalar. Kun nokre få program blir sendt på norske kanalar, og då desverre ofte kun på dagtid.

Ei driftig dame på hageforumet HagEgal har satt igang ei underskriftskampanje på internett slik at vi hageintresserte kan prøve påvirke NRK og TV2 i fellesskap.

Ta ein kikk på linken, og skriv under dersom du er einig!

3 kommentarer:

  1. Dette synes eg er eit kjempefint initiativ, og har skreve under:-D

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Blir vist litt rot i komentarane før ein finn ut korleis dette fungerer...

    Håpar oppmodinga til tv-selskapa når fram, det hadde vore kjekt om vi kunne fått nokre gode hageprogram å kose oss med i vinterhalvåret :)

    SvarSlett