onsdag 10. februar 2010

Frømøte på Stokkenes gjestegard

Det vart ein trivelig frøkveld på Stokkenes gjestegard for dei 10 som deltok. Ein liten snøstorm og kulde hindra oss ikkje i å tenkje på planlegginga av årets hagesesong. Varm kaffe og noko godt å bite i attåt gjev alltid litt ekstra god stemning rundt bordet.

Dagens program var såing, mest om sommarblomster, men også litt om stauder. Det var sekretæren som fekk i oppdrag å stå for det "faglege".

Biletet over viser utstyr som kan nyttast for å så. Mange trur ein må ha dyrt og flott utstyr for å setje i gang med såing, men her kan ein komme langt med forholdsvis lite.

Det er ikkje nødvendig å kjøpe såjord, ein kan godt bruke vanleg jord. Såjorda inneheld mindre gjødsel og meir sand enn vanleg jord. Den er også finare, slik at det kan være lettare å prikle småplantar som er sådd i denne jorda enn i vanleg plantejord. Mange likar å så i torvbrikettar, men då bør ein ikkje så meir enn eitt eller to frø i kvar brikett.

På dei fleste frøpakkane står det kva behandling frøa likar på baksida. Nokre frø er lysspirande, og dei må ikkje dekkast med jord når ein sår, medan andre må ligge nedi jorda for å spire. Såtabellen som vart delt ut på møtet er eit godt hjelpemiddel. Der finst opplysningar om såtid, kor lang tid det tek før planten blomstrar og når den blomstrar. For dei som ikkje var på møtet, kan tabellen printast ut frå Hagegal. Her kan ein også finne mykje spennande informasjon om formeiring av plantar, og ellers alt som har med blomster og hageliv å gjere.


Merking av pottene er svært viktig. Ein kan skrive direkte på pottene, eller bruke pinnar som kan puttast nedi såpotta. Når spirane kjem opp av jorda er det ikkje alltid like enkelt å vite kva som er i pottene dersom ein har slurva med merkinga.


Desse merkepinnane er laga av ei gammal persienne som er klipt opp i passande bitar. Dette fungerer godt, men vær obs på at det kan bli ganske skarpe klippekantar på dei. Ellers kan ein få kjøpt merkepinnar i mange ulike utformingar. Hugs berre å nytte ein vassfast tusj eller blyant når du skriv, slik at ikkje merkinga forsvinn

Når frøa er i jorda skal dei setjast lunt med plastdekke over. Eit lite minidrivhus som dette kan være fint, men plast duger like fint. Hugs berre på at det må komme frisk luft til jorda og frøa iblant, slik at det ikkje byrjar å mygle under plasten. Når frøa spirar, vil dei gjerne ha det litt kjøligare, så då må dei flyttast.

Dersom du har begrensa lysforhold er det viktig å ikkje starte såinga for tidleg. Forholdet mellom temperatur og lys etter at frøa har spirt er viktig for å få eit bra resultat med småplantane sine. Dersom det blir for varmt i forhold til lysmengda, vil ein få lange, tynne spirer. Derfor kan det være greit å prøve å halde temperaturen etter spiring på 12-15 grader. Dersom ein ikkje har plantelys, kan ein setje småplantane under vanlege lysstoffrør.

Det viktigaste av alt: Kos deg med såinga di! Gled deg over dei spirane som etter kvart dukkar opp i pottene dine. Det er ingen katastrofe om ikkje alle spirane veks opp, det gjer dei heller ikkje ute i naturen.






mandag 1. februar 2010

Frømøte på Stokkenes gjestegard torsdag 4. februar

No har det vore rimelig kaldt og vinterlig ei god stund, men vi er på veg mot lysare og varmare tider. Mange av oss kriblar i fingrane etter å komme i gang med årets hagesesong. Det er derfor ikkje unaturleg å starte hagelagssesongen med eit frømøte.

Medlemmer i hagelaget vil prate litt om såing av sommarblomster og stauder. Det vert eit enkelt og uhøgtileg arrangement der ein kan spørje kvarandre til råds og gjerne komme med eigne erfaringar. Dei som ynskjer det kan ta med seg frø og bytte. På denne måten kan det hende ein får prøve sortar ein ellers ikkje hadde kome til å så sjølv, så dette kan bli spennande!


Som vanleg byr vi på noko å bite i og ein kaffitår eller to. Det vert lotteri med premiar som speglar temaet for dagen.

Vi ynskjer både medlemmer og ikkje medlemmer velkomne.

Vel møtt!

onsdag 18. november 2009

Julemøte på Stokkenes gjestegard

Tirsdag 24.november kl 19.30 vert det julemøte på Stokkenes gjestegard.


I år vil vi vise lysbilete frå hagelaget sine aktivitetar i året som har vore. Dette blir ein fin anledning til å sjå også frå dei hagevandringane du ikkje hadde mogelegheit til å delta på i året som gjekk.


Vi satsar på ein trivelig mimrekveld med gløgg og julemat og lotteri med fine premiar.


Håpar mange finn vegen til Stokkenes denne kvelden!




fredag 16. oktober 2009

Årsmøte

Årets årsmøte vert 22.oktober kl 20.00 i lokala til frivilligsentralen.

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling.

2. Konstituering

- val av ordstyrar

- val av møtereferent

- val av to til å skrive under møtereferatet

3. Årsmelding

4. Rekneskap

5. Endring av vedtekter?

6. Innkomne saker

7. Val

8. Handlingsplan


mandag 7. september 2009

Sopptur laurdag 12. september




Laurdag 12. september satsar vi på å få til den planlagde soppturen for i år. Opplegget for dagen er at vi tek ein liten skogstur først. Dei som vil plukke sopp kan gjere det, og dei som heller vil plukke bær eller materiale til juledekorasjonar etc. kan gjere det. Dei som berre vil nyte naturen og hyggeleg fellesskap får gjere det også.

Etterpå samlast vi i hytta nede på Vaskeplassen ved Eidselva/Hærmuseet, der vi har fyr på peisen, og utlodning, kaffe og kaker som vi brukar. Då er vi rimeleg uavhengige av været, men det er likevel lurt å kle seg godt.

Vi har ikkje med oss dei store soppekspertane, men nokre av oss kjenner og plukkar tre-fire sikre soppar, og kan gå god for tryggleiken om vi held oss til desse. Vi har også med soppbøker til utlån. Ta med papirposar eller korg til å plukke i, og gjerne ein liten, spiss kniv. Det er nok lurt å ha støvlar eller anna vasstett fottøy.

OBS!!! Ta på deg refleksvest! Hjortejakta har byrja, og da er det greit at vi er godt synlege:-)

Møt opp bak busstasjonen på Nordfjordeid kl 12.00


fredag 28. august 2009

Hagevandring på Bryggja

Onsdag var hagelaget på besøk hjå Eva Hagen på Bryggja. Veiret, som elles har vore så som så i det siste, var aldeles praktfullt denne dagen. Vi var 14 stk som tok turen denne dagen, og vi vart hjarteleg tekne i mot av Eva.

Det var ein fryd å labbe rundt og kikke i hagen til Eva. Hagen ligg lunt til og inneheldt mykje som var verdt å sjå. Til dømes hagedammen på biletet under. Det var frodig og flott rundt dammen.


Den romantiske blå brua gjorde det lett å studere livet i dammen. Det som fanga vår merksemd denne dagen var denne fantastiske, raude vannlilja.
På ei lita høgde i hagen låg eit skjønt, lite lysthus. Her ser vi Eva fortelje oss om hagen sin framfor skråninga opp mot lysthuset.



Over ser du Eva sine to faste hagevener....

Utepeisen til Eva gjorde stort inntrykk på alle. Ho hadde fyrt opp før vi kom, så det var deilig å setje seg ved peisen etter vandringa og høyre på knitringa frå elden. Rundt peisen hadde ho oppmurte benkar, der vi sat og kosa oss med kaffi og ein kakebit, og praten gjekk om laust og fast.

Sukkulentane hadde fått seg ein flott plass på peishylla



Utsikt frå hagen mot Hornelen.

tirsdag 18. august 2009

Hagevandring på Bryggja 26. august

Sommarferien er over, og det er på tide å komme i gong med aktivitetane for hausten. Vi startar med hagevandring 26. august. Då er det hagen til Eva Hagen på bryggja som er målet vårt.

Eva har ein spanande hage, som er skapt utav ein fjellknaus, der dei har skote ut og laga til hagen. Ho har ein del murar, utepeis og lysthus. I tillegg til dette har ho ein hagedam som fekk pris frå Hagen for alle i 1998.

Vi har som vanleg med oss kaffi/te og noko å bite i. Lotteri vert det også.

Oppmøte bak busstasjonen på Nordfjordeid kl 18.00.

Det kostar kr 50 for å dekke køyringa.