onsdag 21. september 2011

Roseglede i Naustdal

”Roser er som barn. De er deilige, de er smukke, de krever omsorg, og de giver oss stor livskvalitet!”
Matias Hukseth gjer hagebokforfattar Lisbeth Krapper sine ord til sine og er sjølv eit lysande eksempel på kor mykje glede ein hage kan gje. ” Å ha hage som hobby er terapi for både kropp og sjel, stråler roseentusiasten. Han fortel at han driv for seg sjølv som målar og kan vere lut lei av sure kundar og i dårleg humør når han kjem heim frå jobb. Men når han kjem seg ut i hagen, er alt gløymt.Hagestell er medisin for alle pengane.



Då Eid hagelag vitja rosehagen til naustdalingen, fekk vi varm mottaking av heile familien og grundig orientering frå Matias, som hadde sett av god tid til å vise oss rundt. Han har eit nært forhold til, og mykje kunnskap om rosene sine og fortalde entusiastisk om alt frå gjødsling til laging av stiklingar.

Matias si erfaring er at gammal sauemøkk, helst to-tre år gammal, er god grunngjødsling i botnen av blomsterbeda. Eit anna litt meir uvanleg triks er å bruke litt dun. I tillegg til å gje jorda meir struktur, vil det også bli frigitt mineral som plantane kan nytte. Så har du ei gammal dundyne til overs, veit du no kvar ho kan gjere nytte for seg.










Tidleg om våren er Matias sin hage full av påskeliljer og andre løkvekstar. Når desse er avblomstra, tek roser og andre vekstar over. Ein flott hagedam er også ein del av hageanlegget til familien Hukseth i Naustdal.

Generell gjødsling i beda er 1 ss fullgjødsel per 30 cm x 30 cm, 1. mars, 1. april, 1. mai og 1. juni.
Rosene held han fri for lus hovudsakleg ved å spyle med kaldt vatn.

Matias mista 250 roser sist vinter, men har allereie erstatta dei med 170 nye. Han er ikkje så nøyen på merka hardførheit når han skal kjøpe roser. Hans erfaring er at h-merkinga ofte ikkje stemmer i vårt område, og han kjøper dei rosene han liker aller best. Og det har etter kvart blitt mange.




Hagen til Matias er stor og timane gjekk fort i godt hageselskap, men ikkje skulle vi gå svoltne derifrå. Frua til Matias hadde kokt ei stor gryte med elgsodd som vi fekk servert ute i den vakre hagen. Elgsodd var eit nytt og velsmakande bekjennskap for mange av oss. Nydeleg!

Så var det meir roser og deretter kaffi og kaker til demonstrasjon av korleis ein kan lage eigne rosestiklingar. Og vi reiste ikkje tomhendte derifrå. Både plantar, røter og eit variert utval med laukar delte Matias ut med raus hand.

Hagedamene frå Eid var også ein kort tur innom nabohagen der det mellom anna var eit imponerande skuggebed dominert av mange ulike typar hosta.

Vi var også innom diverse hagebutikkar og fylte bilen til randen med godbitar før vi vende nasen heimover.



mandag 12. september 2011

Hagevandring hjå Elisabeth Krumsvik

Torsdag 15. september tek vi turen til Elisabeth Krumsvik på Hjelle.

Hagelaget har besøkt henne tidlegare, og denne hagen er vel verdt ein ny visitt!

Dette blir nok årets siste hagevandring, så vi håpar mange har lyst å ta turen saman med oss på torsdag.

Det blir som vanleg lotteri og servering av kaffe med noko å bite i.

Møt opp på busstasjonen på Nordfjordeid kl 18, så køyrer vi i lag.

torsdag 4. august 2011

Hagevandring til Naustdal i Sunnfjord

Laurdag 13. august tek vi turen til Naustdal i Sunnfjord. Då er det hagane til Matias Hukseth og nabohagen til Arnfin Grøneng og Marit Sæterlid vi skal besøkje.

Roser er ein spesialitet i begge desse hagane, så dette vert ein dag med roser som fokus.

Vi tek også turen innom Rebakken hagesenter på vegen



Det blir som vanleg ein kaffetår i ein av hagane, men turen er lang, så det er lurt å ha med seg nistepakke.

I kaffipausen blir det også lotteri. Inntekta til lotteriet går til drift av hagelaget, så dess fleire lodd, dess meir moro kan vi finne på !

Oppmøte på busstasjonen på Nordfjordeid kl 09.00.
Vi fyller bilane og køyrer i lag.

mandag 1. august 2011

1000 åpne hagar

14. august arrangerer Hageselskapet 1000 åpne hagar i heile landet.

Eid hagelag har ikkje hatt kapasitet til å engasjere seg i denne saka i år, så hittil er der desverre ikkje registrert hagar i Eid kommune som er åpne denne dagen.

Heldigvis finst der mange hagar i overkomeleg nærleik som kan besøkjast også av Eidarar.
Bak denne linken finn du private hagar i Sogn og Fjordane som er åpne denne dagen. Har du lyst på hagevandring, så er det berre å ta turen til ein eller fleire av desse hagane den dagen.

tirsdag 14. juni 2011

Med Naturvernet på tur søndag 19.juni

NATURVERNFORBUNDET I EID ØNSKER HAGELAGET MED PÅ SJØLVSTUDIE TUR TIL UTE/INDRE LOTSBERG



DETTE OMRÅDET ER BLOMSTER RIKT OG SPENNENDE. BILDA ER FRÅ SAMME OMRÅDE I MAI.

TID:19 JUNI på en søndag.
START FRå IDRETTSHALLEN KL.14.00

KONTAKTPERSON: OTTAR ØIEN E-POST oreidaro@online.no
mobil99203228 H.TLF.578862578

tirsdag 31. mai 2011

Hagevandringar i Gloppen 28. mai

Denne laurdagen var sett av til hagevandringar i Gloppen. Vi hadde planlagt å vandre i hagane til Svanhild og Svein Ryssdalsnes i Åsen og til Aslaug og Olav Moen på Arnestad.

Vi starta i hagen til Ryssdalsnes, og der venta det oss eit vanvittig blomsterflor av Rhododendron i alle fargar og variantar. Bildet under viser oppkøyringa til huset deira.



Ved inngangspartiet fann vi eit bed med ulike steinbedplantar, og samlinga med ulike Lewesia var eit flott syn mot bergknausane.




Nydelige fargar mot gråstein og grønt.



Det var tydeleg at vertskapet var glad i stein i hagen. Det var mange døme på kreativ bruk av stein i hagen. Legg spesielt merke til den flotte steinen som er bygd inn i ein vegg ved sitjeplassen.








Ein fantastisk flott uteplass med ekte maleri på veggen.



Vi var så heldige å få ta lunchpausen og lotteriet vårt i denne fantastiske sitjekroken. Vertskapet sit til venstre på biletet.



Før vi reiste vidare til Moen, så fekk vi ein liten kikk i nabohagen. Det er hagen til Bjørn og Borghild Pettersen.





Her var det også flotte fargar i massevis.



Ein søt liten alpeklematis kosar seg på veg opp i eit lite tre.



Også i denne hagen er prega av mykje berg og stein.





Den koselige vesle hytta var eit fint blikkfang i hagen.

Den siste hagen vi besøkte denne dagen var hjå Moen på Arnestad.



Også her var det massevis av stein. Den fantastiske muren som danna hagen framfor huset var litt av eit syn.





Oppå muren hadde paret sine to hundar den mest eksklusive hundegarden vi nokon gong har sett. Der var det blomstrande frukttre inne i innhegninga og ei fantastisk utsikt!



Ved sidan av hundegarden var det bygd ein sitjeplass, og under den var det laga plass til kompostannlegget bak flotte blå dører.



Der var fleire slike fine laftahus i hagen. Dei har Olav Moen bygd sjølv i garasjen sin. Imponerande flott handtverk, som virkelig gav hagen eit fint særpreg.



I bakhagen var det sitjeplass med utepeis og kort veg til kjøkkenhagen.



Kjøkkenhagen og drivhusa var favorittplassen til Aslaug. Her dyrka ho fram sine eigne plantar, og masse grønsaker og salat.


Langs drivhusveggen var det planta peonar, som heilt sikkert vil bli eit imponerande skue når ein kjem litt lenger utpå sommaren.



Dagen vart avslutta med planteshopping hjå Vereide blomster i Sandane sentrum. Fleire av oss fekk handla flotte og spennande plantar til våre eigne hagar.

torsdag 19. mai 2011

Hagevandringar på Sandane 28.mai

Laurdag 28. mai tek vi turen til Sandane.
Då er det hagane til Svanhild og Svein Ryssdalsnes og Aslaug og Olav Moen vi skal besøkje.

Oppmøte på busstasjonen på Nordfjordeid kl 10.00.
Vi fyller bilane og køyrer i lag.

Hagen til Ryssdalsnes har Eid hagelag besøkt tidlegare, men det er ein flott hage som er vel verdt å sjå igjen. Her tek vi kaffipause med lotteri før vi reiser vidare til Moen.

Etter hagebesøka tek vi turen innom Vereide blomster i Sandane sentrum. Her vert det høve til å handle bilane fulle.

Velkommen til ein triveleg hagedag!