søndag 29. mars 2009

Kurs i pilfletting


Denne helga kom Else Kosberg Garshol frå firmaet Pil og litt til og heldt kurs i pilfletting.

Det var 8 deltakarar på kurset.

Laurdagen fekk vi lage ei slik korg som Elsa demonstrerer her.





Vi fekk lære nokre grunnleggande teknikkar som kan brukast til svært mange forskjellige ting laga av pil. På biletet her er det botnen på korga som blir til.












Ho hadde med seg buntar med ulike sortar pil. Pilen vert tørka etter hausting. Før den kan nyttast til fletting må den ligge i bløyt i ca 14 dagar. Så aktiviteten må nok planleggast litt.











Søndagen lagde vi litt forskjellige ting. Her er Elsa i gang med å lage ei fuglekasse.



Samme prinsipp som vart brukt til å lage fuglekassa, kunne ein bruke til å lage ein artig engel. Mange av deltakarane nytta også høvet til å lage små espalier til blomsterpottene sine.

fredag 27. mars 2009

Hageprogram på TV?

Er du av dei som skulle ønske du kunne sjå meir hageprogram på TV? Ein del utanlandske kanalar sender mange gode program som ein del hageintresserte ynskjer å kunne sjå på norske kanalar. Kun nokre få program blir sendt på norske kanalar, og då desverre ofte kun på dagtid.

Ei driftig dame på hageforumet HagEgal har satt igang ei underskriftskampanje på internett slik at vi hageintresserte kan prøve påvirke NRK og TV2 i fellesskap.

Ta ein kikk på linken, og skriv under dersom du er einig!

fredag 20. mars 2009

Inspirasjonsmesse i Førdehuset

For dei av dåkke som ynskjer noko hagerelatert å fylle helga med, kan det kanskje være verdt å ta turen til inspirasjonsmessa i Førdehuset i helga.

Ta ein kikk på denne linken og bli inspirert.

Det er høve til å få med seg foredrag som kan gje idear og inspirasjon til å starte våren i hagen:

Same program begge dagar - 30 minutts foredrag.
Jostein Kjøsnes: kl 1300: "Idear til hagen"
Brynjulv Litlere: kl 1400: " Bruk av plantar i hagen"
Jostein Kjøsnes: kl 1500: "Enklare vedlikehald av hagen"

torsdag 19. mars 2009

Kurs i pilfletting

28. og 29. mars arrangerer Eid hagelag kurs i pilfletting.

Det er Else Kosberg Garshol frå firmaet Pil og Litt til som er kurshaldar. Ta ein kikk innom nettsidene som linken fører deg til, det er utruleg kor mykje spanande ein kan lage av pil.

Kurset er fullteikna.

Sesongstart i hagelaget

Sesongstart for Eid hagelag var 12. februar. Tema for dagen var såing av stauder og sommarblomster. Det var omlag 10 personar som møtte denne dagen, og det vart ein triveleg kveld med lystig prat og diskusjonar.

Harald Bakke er hagelaget sin guru når det gjeld såing av stauder. Han delte villig vekk sine erfaringar. Han hadde med seg jord, potter og frø, og viste oss korleis det skulle gjerast og svarte på spørsmål undervegs.






Herdis, leiaren i hagelaget, er sjølv ivrig såar, og fulgte nøye med for å få med seg gode tips og idear.


Sånn ser det ut i pottene når Harald er ferdig å så. Desse pottene gav han vekk til hagelaget si utlodning. Då spørs det om vinnarane har like grøne fingrar som Harald har.






Hagelaget hadde kjøpt inn lotteripremiar som høva godt til tema for dagen. I tillegg til eit par slike og Harald sine ferdigsådde potter var der nokre posar med frø i premiepotten.




Kom gjerne innom bloggen vår og sjå kva vi skal til med i tida framover, kanskje vi kan lokke deg til å være med oss?
Anten du er medlem i Hageselskapet eller ikkje, så er du like velkommen på arrangementa våre.